Korleis fortelje folk at dei må vende om

Jobben til gateevangelist Hartvig Kloster og pinsepastor Truls Åkerlund er å forkynne at Jesus er vegen til Gud. Men metodevalet er dei ikkje samde om.

Reportasje

– Det er heilt fantastisk å forkynne om Jesus her på Grønland kor heile verda er samla. Jesus bad oss om å gå ut, ikkje inn, seier Hartvig Kloster.

Det nærmaste du kjem ein smeltedigel i Norge, er Grønland i Oslo. Er du den lettpåverkelege typen, kan du fort ende opp med både bibel, koran og nytt mobilabonnement her. I dette strøket er det langt mellom kjedebutikkane og tett mellom uavhengige småbutikkar som sel varer frå fjerne strøk. Det gjer området til ein sikker vinnar for mange med innvandrarbakgrunn. Med sine tre moskear set også muslimane eit tydeleg preg på Grønlands-gatene. Det set Kloster pris på.

– Muslimar er opnare enn nordmenn. Dei elskar å snakke om tru og er stolte over religionen sin.

Gatemøte

Kloster er tilsett i den australske misjonsorganisasjonen Open Air Campaigners. Sidan 2005 har han misjonert i Oslos gater på fulltid. Denne veka arrangerer OAC sin årlege kampanje: Reach the City Oslo. Over ei veke samlar folk frå ulike kyrkjeretningar seg om ei oppgåve: å fortelje om Jesus på gatene.

Over høgtalarane informerer Kloster om at han har noko viktig å fortelje. Nokre titals personar stiller seg opp for å få med seg kva som skjer.

– Er det nokre muslimar her som kan fortelje meg korleis ein kjem til himmelen? spør Kloster.

– Du må gjennomføre dei fem søylene, svarar ein publikummar.

– Det har eg høyrt! Men eg trur ikkje vegen til Gud handlar om gjerningar, men Jesus, svarar Kloster.

Abdullah Omar lyttar merksamt til Kloster. Sjølv er han muslim og ikkje heilt einig i Klosters resonnement.

– Eg trur Jesus var ein profet, sånn som Muhammad.

– Kva tykkjer du om at Kloster stiller seg opp på gata og fortel noko anna?

– Vi bur i Vesten og her er det religionsfridom, så han kan sjølvsagt seie kva han vil. Det er interessant å høyre på han.

---

Open Air Campaigners

  • Australsk misjonsorganisasjon som vart starta i 1922.
  • I dag har dei avdelingar i 30 land.
  • OAC ønskjer å forkynne evangeliet om Jesus primært gjennom gateevangelisering.
    Brukar visuelle hjelpemiddel for å oppnå dette.

---

Må få lov

Dei siste åra har fleire tatt til orde for at det dei opplevde i organisasjonar som dreiv aktivt med gateevangelisering, ikkje var heilt greitt. Ruth Helen Gjævert tok eit grundig oppgjer med Jesus Revolution i ein personleg dokumentarserie. I år gav journalist, Kristine Hovda, ut boka Jeg lever ikke lenger selv, kor ho fortel om korleis det er å vekse opp i ei «verd der alt er delt inn i godt og vondt, Gud og djevel».

– Eg har vore med på mykje gateevangelisering. Det bar preg av både begeistring og fortviling. Folk som ikkje ville lytte til bodskapen vår, var ei kjelde til mykje angst og fortviling i livet mitt, seier Hovda.

Hovda vil likevel ikkje be nokon la vere å evangelisere.

– Køyr på uansett kva du brenn for, så lenge det ikkje er til sjenanse for andre. Men det ligg eit enormt ansvar på dei vaksne som driv med dette. Dei må vere opne om kva dei vil med evangeliseringa – vil dei frelse folk frå eller til noko? Snakk tydeleg med ungdommane om dette.

– Skulle du ønskje at nokon vaksne fortalde deg at ein ikkje må vere gateevangelist for å vere kristen nok?

– Då eg var 15 ville eg nok berre fnyst om nokon prøvde å fortelje meg noko slikt. Motstand var angrep frå djevelen på den tida – jo meir motstand du får, jo meir rett har du.

LES OGSÅ: Jesus Revolution var et voldsomt kjør

Misjonstorg

Klosters appell om vegen til Gud tek om lag ti minutt. Før han legg vekk mikrofonen, inviterer han dei som vi til å slå av ein prat. Folk er ikkje vanskelege å be og samlar seg raskt i mindre grupper for å snakke med OAC-folka.
Tre muslimske menn kjem med skarpskodde argument for at dei kristne misjonærane tek feil: «Bibelen er omsett så mange gonger at den har blitt noko heilt anna enn den var i utgangspunktet», seier ein av dei. Då diskusjonen nærmar seg agree to disagree-punktet, kjem ei kvinne med hijab for å argumentere for sitt ærend: «Kva for eit mobilabonnement har dykk?»

Mange ville nok vegre seg for å ta mikrofonen og vitne om Jesus på Grønland. Det gjer ikkje Kloster.

– Eg gjer det med varsemd og respekt. Når eg snakkar her på Grønland, vender eg meg til muslimane og får dei til å svare spørsmåla mine. På den måten viser eg at vi ikkje har så ulikt utgangspunkt. Samstundes passar eg på å vere tydeleg på kva eg trur på.

Religionssky nordmenn

Det er tydeleg at folk set pris på å dele trua si på Grønland. Kloster meiner nordmenn ikkje er like begeistra for desse samtalane.

– For nordmenn har tru blitt meir og meir tabu. Kristendomen får mindre plass i skulen, slik at unge manglar grunnleggjande kunnskap religion.

Difor skulle Kloster ønskje at fleire gjorde som han.

– Diverre er det få kyrkjer som held på med solid evangelisering. Det var langt vanlegare før.

– Men er det ikkje forståeleg at kristne ikkje ønskjer å fortelje om trua si for folk som ikkje har bede om det?

– Jesus gjorde det og han kalla oss til å gjere det. Vi er menneskefiskarar. Diverre er det mange døme på evangelistar som har gjort det på feil måte. Det har hatt motsatt effekt. Difor underviser vi mykje i å gjere det på ein respektfull og vis måte.

Upopulært etterliv

Pastor i Salt Skien og Førsteamanuensis ved Høyskolen for Ledelse og Teologi, Truls Åkerlund, trur det er fleire årsaker til at vi ser færre evangelistar i gatene enn før.

– På 1990-talet var målet om å få folk inn i himmelens portar den viktigaste motivasjonen. No ser vi ei «feelgood»-tru, særleg blant unge, kor ein er mindre oppteken av etterlivet. Då forsvinn mykje av motivasjonen til å misjonere. Amerikanske undersøkingar viser at tru er viktig for milleniumsgenerasjonen, men at nesten halvparten av dei meiner det er feil å dele trua for å omvende andre. Norske undersøkingar tyder også på at mange studentar tykkjer det er vanskeleg å dele trua med andre.

At unge manglar forklaringar for si eiga tru, meiner Åkerlund blant anna heng saman med sekulariseringa.

– No snakkar vi heller om sexlivet enn trua vår. Sånn var det ikkje då skulen stod for dåpsundervisinga og alle hadde ei viss respekt for presten. Folk hadde eit felles referanseverk som gjorde det meir naturleg å forkynne evangeliet på gata.

Som pinsepastor tek ikkje Åkerlund lett på misjonsbefalinga.

– Eg er veldig opptatt av å forkynne evangeliet, men eg står ikkje på gata å gjer det. Det er ikkje berre orda som skal meldast. Kommunikasjon handlar om å gjere noko felles, og handlingane kan vere vel så viktige som orda. Men det er også viktig for meg å dele trua gjennom ord. Eg vil dele det beste eg har, nemleg Jesus, med dei rundt meg.

Kvalitet framfor kvantitet

Målet til evangelistane i OAC er å få folk til å ta imot Jesus og at det skal stikke djupt.

– Arbeidet vårt handlar ikkje om å få flest mogleg til å be ei rask frelsesbøn på gata. Difor inviterer vi dei som er nysgjerrige på kafé, ikkje til ei kyrkje som eg meiner har for høg terskel. Viss dei framleis er interesserte, tar vi dei med i eit kristent husfellesskap, seier Kloster.

– Er det mange som kjem til tru på denne måten?

– Nei. Men det skjer. Vi vil at folk skal bli disiplar, difor gjer vi det ordentleg. Ein av dei som er med oss i dag, vart frelst gjennom arbeidet vårt.

– Du er oppteken av å fortelje muslimar om trua di, men hender det at du lærer noko av det dei trur på?

– Veldig ofte. Dei har lært meg mykje om islam, men og om mi eiga tru. Dei elskar å spørje meg om treeinigheita, så dei tvinger meg til å tenke gjennom kva eg sjølv trur på. Å gjere det har styrka trua mi på Jesus.

LES OGSÅ: Ateister tar til gatene for å utfordre folks tro

Gullalderen

Den store dilla på 1970-talet var å seie det du meinte høgt på gata. Politiske saker som EU-medlemsskap, krigane til USA og vern av natur, fekk mange unge til å gro langt hår og ta engasjementet til gatene.
Men det var ikkje berre hippierørsla som hadde noko å melde. Også kristen ungdom samla seg for å fortelje verda det dei trudde på.

«Det var så åpent på den tiden. Jeg kunne 
sitte på trikken og lese Bibelen, og folk lente seg bort for å spørre hva jeg leste. Vi snakket i 
overskrifter, vrælte ut sanger og var offensive. Det ble sagt at vi var kirkens svar på AKP (m-l),» sa Hans Erik Schei om då han var med Guds fred i Oslo, det største miljøet innan jesusvekkinga, til Vårt Land for ei tid tilbake.

Rørsla fekk fotfeste fleire stadar i Norge. Den fekk prege ungdomstida til biskop i Tunsberg bispedømme, Jan Otto Myrseth. Han var aktiv i misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag på denne tida, og har vore med på mykje gateevangelisering.

– Den gongen var det klima for gateevangelisering. Det var jesusvekking og eit nytt engasjement for å dele evangeliet, seier Myrseth.

Misforstått ideal

 – Var det berre positive opplevingar med gateevangeliseringa på 1970-talet?

– Nei. Ein del av det eg var med på, bar preg av for stor grad av skråsikkerheit, og litt for lite respekt og reell vilje til å lytte seg inn i universet til den andre. Det fanst eit misforstått ideal om enten å overbevise eller skremme den andre til å tenke som deg.

– Samtalane vi observerte mellom muslimane og OAC-folka bar mest preg av at begge partar freista overtale kvarandre. Kan dette kallast dialog?

– Det er ein god ting å ha ei klar overtyding om sin eigen ståstad, men dialog føreset også vilje til å lytte ope til den andre. Eg meiner vi må ha både dialog og rom for den meir overtalande samtalen. Eg skulle ønskje samtale om tru og religiøse spørsmål blei meir alminneleg. Vi skal ikkje vere redde for å dele det vi sjølv meiner, men ha ein klar respekt for det den andre meiner.

– Gateevangelistar fortel gjerne ei enkel frelseshistorie om Jesus på krossen. Kan dette skuggelege eit av verdas størst mysterium?

– Det trur eg, ein del av apologetikken som ligg til grunn hos misjonerande verksemder, har vore forenklande på ein uheldig måte. Det er interessant med Bymisjonen som feirar gudsteneste på torget. Det tykkjer eg er ein god måte å vise fram det heilt sentrale i trua vår på.

---

Gateevangelisering

  • Jesus og disiplane forkynte på gatene. Sidan har mange kristne gjort det same.
  • Eit av kjenneteikna til Jesusvekkinga, som oppstod på 1970-talet, var frimodig gateevangelisering.
  • På 1990-talet kom ei karismatisk vekking som tok i bruk tidsriktig musikk, dans og drama i forkynninga på gata. Den norske organisasjonen Jesus Revolution var ein sentral aktør på denne tida.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje