Korleis elska ekkel mat

Eit museum for avskyeleg mat 
viser korleis kulturen styrer kvalmen. Kor lett er det eigentleg å endra matvanar?

Reportasje

På «Disgusting Food Museum» i Malmö har dei henta ulike delikatesser og matvarer frå heile verda for at besøkande kan testa ut, og i verste fall kasta opp av, nye lukter og smakar.

På eit plan er det også snev av seriøsitet til stades. Sanninga er at for å kunna mata ein stadig aukande folkesetnad i klimakrise, må me etter alt å dømma også endra matvanane våre.

Museumsdirektør Andreas Ahrens kan fortelja at insekt kan kome til å bli ei uvurderleg matkjelde i framtida. Dei er proppfulle av protein, jern, selen, sink og fiber. For som direktøren fortel, kan mat som me i Skandinavia blir kvalm av, vera delikatesser andre plassar. For dei to milliardar menneska som allereie et insekt regelmessig, passar dei ikkje inn i eit «Disgusting Food Museum».

– Ofte kjem det turistar til oss og spør kvifor maten deira er stilt ut her. Det dei et er jo heilt alminneleg kan dei seia, fortel Ahrens.

Poteta

Ein kilo med insektmasse krev ti gonger mindre plantenæring enn same mengd kjøt. Derfor har blant anna FN uttalt at insekt kan vera eit viktig 
bidrag til å fôre ei folkemengd i vekst. I mange asiatiske og afrikanske land er insekt allereie ein heilt alminneleg del av kosthaldet, medan det i Norge og Europa ikkje ser ut til at me er heilt klar til å erstatta kjøtkaker og tacokjøt med sirissar heilt ennå.

Ser ein tilbake i historia, kan ein 
likevel oppdaga liknande motstand og 
avsky mot matvarer me i dag har eit kjent og kjært forhold til. For ikkje meir enn to hundre år sidan fanst det ein utbredt 
avsky til eit uvurderleg del av det norske kosthaldet, nemleg poteta.

– Det er veldig merkeleg at tobakken blei teken så godt imot, men at poteta, 
som har vist seg å vera så viktig for Norge og Europa, først blei sentral i det norske kosthaldet fleire hundreår 
etterpå, fortel historieprofessor ved UiO Hilde Sandvik.

Sandvik fortel at hungersnød og matmangel var utbredt i Europa i mellomalderen og tidleg nytid. Mykje skuldast at folk var såpass avhengige av korn­avlingar som lett kunne slå feil i møte med frost og regn. Trass openberr naud og matmangel eksisterte det mykje motstand og skepsis mot denne nye rotveksta frå Sør-Amerika. I Tyskland utvikla grev Rumford ein billigast mogleg kvardagsrasjon for fattigfolk, Rumford-suppa, og måtte skjula det faktum at det var poteter i ho. I Noreg måtte det «potetprester», Napoleonskrigar og tilhøyrande hungersnød til, for at det endeleg gjekk opp for folk at poteta var god til middagen. Først på midten av 1850-talet skulle sild og potet bli kvardagskost i Noreg.

– Ein av grunnane til motstanden var at gardane i Norge var strukturert rundt kornet og at poteta kom som ein slags erstattar. Andre varer, som kaffi og 
tobakk, kom i staden som tilleggsprodukt. Det var truleg med på å forsterka fordommane mot poteta, fortel Sandvik.

Kultur

– Eigentleg så et me i Noreg allereie insekt, fortel professor i sosialantropologi ved Høyskolen Kristiania, Runar Døving.

Han har lenge forska på mat og matkultur i inn- og utland.

– Reker er jo som insekt i havet. Dei er åtseletarar. Eg har møtt folk frå Afrika som finn dette motbydeleg. Me kunne jo like gjerne ha ete liklarvar, seier Døving.

Mykje av det Døving har belyst med forskinga si, er kor lite rasjonelle matvanar og matkultur er.

– Frå eit logisk synspunkt burde me jo ha ete både byfuglar i parken og hundane våre, men samfunnsnormer tillet ikkje det, seier Døving.

Kulturtradisjonar har ein tendens til å sette dyr og matvarer inn i vilkårlege boksar og kategoriar som, diverre for framtida, kan vera utruleg rigide, fortel Døving.

– Slik blir me lært opp til å følgja dei same vanane, om å lika enkelte typar mat og bli kvalm av andre. Når familien rundt seier æsj, blir du påverka av det som barn. Slik blir det kulturen som kan avgjera den psykologiske reaksjonen og styra kvalmen. Det finst døme på folk som har svolte i staden for å trossa desse barrierane, seier Døving.

Han fortel at me sjeldan tenkjer på at våre matvanar, kva me liker og ikkje, i stor grad er eit resultat av kulturtilhøyrsla, og ikkje eins eige val.

– Ein underslår alltid kulturen og forfremmer det individualistiske. Ein bruker jo alltid seg sjølv når ein stadfestar smaken sin. «Eg liker det, men ikkje det», fortel Døving.

Sjølv om matvanar vanskeleg lar seg endra, trur han ikkje dei er heilt fastlåste. Folk er ofte opne for å testa ut nye matrettar, spesielt i felleskap med
andre. Antageligvis ønsker mange å testa ut ein insektburger eller ein insektsalat, men vegen til at folk lager det heime er lang, meiner han

– Skal me gjera endringar må me vera aktsame til å passa inn i det mønsteret me allereie opererer med, fortel 
Døving.

Spytavle

På museet i Malmö har dei ei tavle som fortel kor lenge sidan nokon spydde sist. Det går sjeldan over ei veke. Museumsdirektør Ahrens er einig med Døving og trur at kvalme og avsky er knytt til kulturell indoktrinering. Han trur likevel at kommunikasjon og globalisering gjer folk meir opne for endringar og nye rettar.

– Ein skal ikkje gå lenger tilbake enn 15 år før sushi og rå fisk var heilt utenkjeleg å eta i Skandinavia, men plutseleg blei det ein trend, fortel Ahrens.

– Men dei færraste lagar sushi og et det heime, vel?

– Eg kjenner nokon som gjer det, seier Ahrens.

Han meiner me ikkje skal undervurdera kor mykje kjendisar, influensarar og trendar kan påverke oss.

– Ein skal ikkje tru at det er umogleg at også steikte larvar kan enda opp i norske og svenske heimar, seier Ahrens.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje