Teiknar opp ny verdshistorie

Njål Helgheim skulle læra barna sine om Haiti. Resultatet blei ei verdshistorie laga av filmsamlingar.

Reportasje

Det er januar 2010 og Haiti er offer for eit enormt jordskjelv. Bilete av bustadområde i ruinar går verda rundt. Fleire hundre tusen menneske er rekna for å ha mista livet. Njål Helgheim og familien sit på Sandane, i Sogn og Fjordane, og får med seg nyheita. Kona er opphavleg frå Haiti, og blir knust av tv-bileta. Hendinga skulle prege familien i lang tid.

– Eg blei så opprørt over at det skulle ramma Haiti – eit av verdas fattigaste land, med ei allereie grusom historie, fortel Njål Helgheim.

Helgheim ville gjera noko. Han ønskte at borna deira skulle kjenne at Haiti og bakgrunnen deira var meir enn all tragedien – at dei skulle vera stolte av å ha haitiske røter.

Han starta med å samla saman filmar og bøker som hadde blitt laga om historia til Haiti, og strukturerte dei inn i ei tidsline. Han såg føre seg ei verdshistorie der Haiti skulle få eigne kapittel.

Nyoppteikna verdshistorie

Snart forsto han at det som skulle vera eit utdanningsprosjekt for borna hadde vakse seg til noko større. Fleire sosiale problem og viktige historiske hendingar blei tekne med i samlinga. Fleire timar kvar dag, i over åtte år, har ført til eit bokprosjekt utan like – på mange måtar ei nyoppteikna verdshistorie.

– Det som i starten blei laga for to ungar, vart til ein filmkatalog for heile verda, fortel Helgheim.

Filmleksikonet Wikipilation er eit mildt sagt ambisiøst og omfangsrikt oppslagsverk som dekker rundt 10.000 spelefilmar og dokumentarfilmer om og frå heile verda, laga frå 1900 til 2019. Boka har 26.000 sider delt inn i 420 kapittel med kvart sitt emne - ei historisk hending eller eit sosialt problem. Hendingane er ordna kronologisk. Heile tida har prosjektet vore eit korrektiv til ei eurosentrisk tilnærming til verdshistoria, ved å vektlegga hendingar frå Afrika, Midtausten og Asia.

Aktivistkatalog

Men er eit slikt oppslagsverk verkeleg naudsynt? Vil ein finna ein dokumentarfilm om til dømes den haitiske revolusjonen, så kan ein jo berre googla det? Nei, seier Helgheim. Han ser på søkemotorane på internett som styrt av kommersielle interesser.

– Treffa er ikkje berre baserte på relevans, dei er også baserte på finans, seier Helgheim.

Ei skeiv kunnskapsfordeling ser Helgheim på som eit grunnleggande demokratisk problem. Just det var mykje av inspirasjonen bak bokprosjektet. Han ønska å kjempa mot kommersialiseringa av internett, mot ei unyansert verdshistorie. Han meiner mykje av historia er feia under teppet.

– Sjå på den kjemiske krigføringa mot Malaysia som blei utført av britane. Den hendinga har forsvunne frå medvitet, seier Helgeim.

Helgheim håpar at boka skal spreiast som eit læreverktøy til unge elevar i heile verda. I den siste delen av boka har han blant anna fokusert på aktivistiske filmar, spesielt knytta til miljø, demokrati, rasisme, utnytting og diskriminering. Han trur me må setja vår lit til ungdomar og unge vaksne i kampen for miljøet, menneskerettar og andre globale utfordringar.

– Dei fleste over 30 år er relativt apatiske og resignerte når det kjem til aktivisme. Eg håpar boka mi kan vera ein aktivistkatalog for unge mennesker, slik at dei kanskje kan få med foreldra sine, fortel Helgheim.

---

Wikipilation

  • Eit oppslagsverk over dokumentar- og spelefilmar frå 1900-2018.
  • Laga av språkvasker Njål Helgheim.
  • Består av informasjon om rundt 10.000 filmar som er fordelt på 420 kapittel som omhandlar ulike historiske hendingar og sosiale problem.
  • Filmane er velt ut frå vurderingar frå seearar og kritikarar.
  • Innehald også 373 teikningar og illustrasjonar laga av han og borna.
  • E-boka ligg ute på amazon til ein symbolsk pris.

---

Teikningar

Noko av det mest oppsiktsvekkande med boka er dei mange teikningane som heng med. Dei er laga av han og dei fire borna hans. Ved sida av kapittelet om den haitiske revolusjonen ligg ei teikning frå då sonen Atle var syv år gammal. Ho viser ein av leiarane bak revolusjonen; Toussaint Louverture.

Til kapittelet om borgarettsrørsla i USA har yngste dotter Anyja, då ho var elleve, teikna eit portrett av Martin Luther Kings barnebarn Yolanda Renee King. Teikningane vitnar om at barn får kunnskap om ein problematisk verdshistorie. I utgangspunktet skulle ikkje verket innehalde illustrasjonar, med tanke på opphavsrett og slikt.

– Men så kom sonen min ein dag og viste ei teikning han hadde laga av vikingar. Eureka, tenkte eg. Dei kunne eg jo bruke i boka, fortel Helgheim.

Med teikningane blei prosjektet om til eit familieprosjekt. Dei laga det samstundes som me forma samfunnsmedvitet vårt. Det skulle bli i alt 373 teikningar.

– Dei gjer boka om til noko anna ein kun ein grå masse av tekst. Det gjorde det om til noko originalt. Born er med i eit prosjekt som nett rettar seg mot dei, seier han.

– Det som i starten blei laga for to ungar, vart til ein filmkatalog for heile verda

—   Njål Helgheim

Stormannsgalskap

Då opplysningstidas fyrtårn og første oppslagsverk kom i 1751, var ­mykje av grunnideen at kunnskapsopphopning hadde blitt for stor for ein mann å bera på. Dei måtte dela opp ansvaret til fleire spesialistar. Det idealet har dei moderne oppslagsverka­ som Wikipedia vidareført. Alle som sjølv ønsker det kan bidra på Wikipedia, noko som har vore årsaka til den altomfattande rekkevidda sida har fått. Er eit prosjekt av eit slikt kaliber for mykje for ein person? Hadde det ikkje vore ein idé å opna for folkemassane der ute for vidare­ utfylling, på same måte som Wikipedia?

– Prosjektet kravde ein viss grad av stormannsgalskap. Eg vurderte å trekka inn andre, men etter at ungane mine blei med som illustratørar, fekk eg nytt mot. Eg bestemte at det skulle vera eit familieprosjekt, seier Helgheim.

Det var også familien som skulle halde han gåande. Fleire­ gongar vurderte han å gi opp heile greia.

– Eg hadde ikkje klart det utan alle teikningane, støtta og ­optimismen frå ungane og kona, seier han.

– Kva skjer no? Fortset du?

– Fordelen med e-boka er at eg lett kan oppdatera ho. No som eg har gått igjennom over hundre år med filmproduksjon i eit par hundre land, er eitt år om gangen ingen sak. Så svaret er ja, seier Helgheim, som er godt i gang med granskinga til neste utgåve av Wikipilation.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje