Les alt for bare 10 kr!

Mellom Augustin og Ivar Aasen

Han er mannen Georg Johannesen meinte var så lærd at han burde få sin eigen bompengering. Men då vi traff 87 år gamle Hermund Slaattelid var han mest oppteken av kjeften til vanlege folk.

Publisert 11. juli 2019

Med sikspens på hovudet, eit lurt glimt i auget, og praktiske gore-tex sko på føta, står Hermund Slaattelid igjen innanfor døra til Kaffistova.

Over seksti år har gått sidan han og dei andre i studentmållaget i Oslo brukte å treffest i den kjellar-etasjen som vi no er på veg ned i, med kvar vår kopp med svart kaffi i handa.

– Dei har nok oppdatert møblementet, kommenterer han i det vi set oss til ved eit portrettfoto av Hulda Garborg. 

– Men eg kjenner meg att. Her sat vi og diskuterte målsaker, drakk kaffi og åt mat. Det var ofte raspeball – eller klubb, som vi seier i Nordfjord.

Nyforelska 

Den gongen var Hermund Slaattelid ein universitetsstudent frå ei lita bygd i Sogn og Fjordane, engasjert i fleire studentorganisasjonar og nyforelska i henne som han seinare skulle gifte seg med. 

No er Hermund Slaattelid den velrenommerte norske omsetjaren av Cicero, Quintilian og Augustin, mottakar av Fritt Ords Honnørpris for stiftinga av Hans Skjervheim-seminaret – og enkemann, busett åleine i familien sin gamle heim på Voss.

– Det gjer inntrykk på meg å vere i Oslo, fortel han. 

– Eg har veldig sterke minne frå då eg budde her, kanskje særleg fordi det også var den fyrste tida i lag med Åsne.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også