Les alt for bare 10 kr!

Ketsjupen og kunsten

I juni kvart år vert landsbyen Hølen i Akershus åstad for scenekunst-framsyningar frå heile verda. 
­Familien Hetle Ravnestad er mellom dei som har opna døra si for samtidskunsten.

Publisert 26. juni 2019

Vi har tatt av frå Oslovegen, og er på veg inn i hjartet av landsbyen Hølen, der husa til dei knapt 800 innbyggarane ligg idyllisk til ved breiddene av Såna. Bak ein parkert lastebil – med påskrifta HØRNINGEN på registreringsskiltet – finn vi hagen til familien Hetle Ravnestad. 

Grillen er allereie fyrt opp. No sit fem samtidsdansarar rundt hagebordet, i ferd med å ete pølse og lompe for fyrste gong i sitt liv.

Tomatsaus

– Kva er dette?

Olivier peikar på ketsjupflaska. Saman med dei andre dansarane i kompaniet Kigali Krumpfusion ser han avventande på «vertsfar» og grillsjef Bjørn Ravnestad, som forklarer at det heilt enkelt er snakk om tomatsaus.

– Det er kjempegodt! forsikrar dei tre borna i huset, Ola, Aslaug og Gabriel, før dei spring vidare i retning trampolinen, med kvar si pølse i handa.

Smalt og sterkt

Dei fem rwandiske krump-dansarane – ein ekspressiv dansestil med opphav frå gatekulturen i USA – er innlosjerte i heimen til Bjørn Ravnestad og Anne Hetle i samband med Sånafest. Den Hølen-baserte festivalen har ambisjonar om å presentere internasjonal scenekunst på ein stad der slikt elles ikkje er tilgjengelig, i følgje den eine av festivalen sine presseansvarlege, Marte Nøklegård Dahl.

– Det er jo mange festivalar rundt om i små bygder i Norge, seier ho, – men når det gjeld å presentere eit program som er såpass smalt, og samtidig så variert, trur eg vi er ganske unike. Vi ville satse på det vi oppfattar som kvalitet, sjølv om vi visste det kunne bli utfordrande å trekke nok publikum.

Sjå video av dansekompaniet nedst i saka.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også