Vanskeleg å få tak i vertsfamiliar

Til hausten skal AFS Norge ha klart ein heim for 121 utvekslingselevar. Til no er det berre 32 av dei som veit at dei har ein familie å kome til.

Reportasje

– Dei siste åra har det blitt vanskelegare å få folk til å stille opp som vertsfamilie, seier Marta Binelli, programassistent for AFS.

Binelli trur det er fleire årsaker til at færre folk vil opne heimen sin.

– Verda har blir mindre og meir tilgjengeleg for folk. Vi reiser mykje og er aktive utanfor heimen, difor er det ikkje like eksotisk å vere vertsfamilie som det var før. Mange vel nok heller å gjere frivillig arbeid eit par timar i veka på eit asylmottak til dømes.

Nytt familiemedlem 

I eit rekkehus på Tveita skal Kyle Thompson (17) til å ete middag med vertsfamilien sin. Det har han gjort sidan august i fjor. No er det ikkje mange måltid att før kvardagen i Washington D.C. ventar han. Det tykkjer han er vemodig.

– Eg gler meg til å kome heim til mor og far, men det blir veldig trist å forlate Norge. Eg har jo fått ein ny familie her, seier Kyle.

Familiekjenslene går begge vegar.

– Vi ser kvarandre ved middagsbordet kvar dag. Det har vore som å få ein bror, seier Kaja (19).

Kulturutveksling 

Å ha ein amerikanar i hus har fått vertsmora til å sjå sitt eige land med nye auge.

– Det er morosamt å vise fram Norge. Du får sjansen til å sjå deg sjølv utanifrå. Det gjeld både kvardagslege hendingar, språk og norsk kultur og natur. Det er veldig stas å sjå Norge med ein begeistra tenåring, seier Mette Ramberg.

I løpet av året har Kyle fått både natur- og kulturopplevingar. Hyttetur i Hedmark, fjelltur i Jotunheimen og langrennsturar i marka utanfor Oslo, er nokre av helgeaktivitetane Kyle har fått vere med på.

– Eg elskar langrenn. Det hadde eg aldri prøvd før. Ein gong gjekk vi ein lang tur i skikkeleg dårleg vêr. Då lærte eg at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede, seier Kyle.
Vertsfaren, Jardar Bugten, presiserer at desse turane ikkje er den viktigaste oppgåva for ein vertsfamilie.

– Kvardagane er viktigast. Det handlar om å tilby ei seng, mat og ein trygg plass å vere. Mange tykkjer nok det verkar overveldande å ha nokon buande hjå seg i eit heilt år, men tida går veldig fort, seier Bugten.

Gje og ta

– Kvifor ville de vere vertsfamilie?
– Dottera vår, Kaja, var sjølv på utveksling i USA og kom til ein veldig fin verstfamilie der. Difor ville vi gje det same tilbake til nokon andre, seier Ramberg.

Bugten tykkjer det er synd at det har blitt vanskelegare å få tak i vertsfamiliar.

– Vi som bur i Norge bør kunne klare å ta imot like mange ungdommar som vi sender ut.

– Kvifor trur du det er vanskeleg å finne folk som vil vere verstfamilie?
– Det er nok mange som tenker at dei har for lite plass, særleg i Oslo. Vi har ikkje all verda med plass sjølv. Løysinga vart at Kaja fekk flytte inn i kjellarstova, seier Bugten.

Trygt sosialdemokrati

Eigentleg tenkte Kyle å ta utvekslinga i Spania sidan han allereie kunne spansk. Men den nyfikne amerikanaren bestemde seg for å gå for noko meir lærerikt.

– Eg hadde høyrt at Norge har den lukkelegaste befolkninga i verda, og at de styrer landet på ein annan måte enn i USA. Det ville eg lære meir om. Eg er interessert i politikk og har planar om å studere International Relations på college.

Kyle kjem til å sakne enkle gleder mange av oss tar for gitt.

– I Washington blir eg køyrd overalt. Her kan eg sykle eller ta T-banen til skulen eller ned til sentrum. Alt er så trygt her. Denne fridomen var uvant til å byrje med, det var vanskeleg å planlegge så eg kom på tida til skulen.

Fleire frivillige

Seniorforskar ved Institutt for samfunnsforskning, Karl Henrik Sivesind, forskar på frivillig arbeid. Han er overraska over at det er vanskeleg å få tak i vertsfamiliar.

– Frivillig arbeid har gått litt opp dei siste åra, så det er ikkje noko i det større bildet som tilseier at det skulle vere vanskeleg å få tak i folk. 18 prosent av befolkninga brukar 10 timar eller meir på frivillig arbeid kvar månad. Dette talet har vore stabilt sidan 1998, seier Sivesind.

Sosialantropolog ved Høyskolen Kristiania, Runar Døving, skjønar heller ikkje kvifor det er vanskeleg å få folk til stille opp.

– Vi har mykje meir tid, ressursar og betre plass no enn tidlegare. I tillegg finst det ein ideologi som handlar om at ein skal vere nyfiken på framande, og at ein skal ut og reise. Samstundes er den kristne vertskapsmoralen elementær hjå oss.

– Kvifor trur du AFS slit med å få tak i vertskapsfamiliar?

– Det kan vere dårleg marknadsføring frå AFS. Dei har ikkje spurt meg. Eg er eigentleg open for å ta imot ein utvekslingsstudent. No flyttar mitt nest eldste barn ut, så eg kunne godt ha tatt inn ein til person. Men eg er usikker på kva kona tenker om det.

LES OGSÅ: SP fryktar nye reformer frå regjeringa vil leie til nedlegging av frivilligsentralar.

Reserveløysing

Det er framleis ei stund til august, men sommarmånadane går fort. No legg AFS reserveplanar for å sikre ein heim til alle elevane som kjem.

– Elevane kjem uansett, så vi må fikse noko. Nokre vil kanskje kome til ein velkomstfamilie som har dei i åtte veker medan vi leiter etter permanent familie. Denne løysinga endar ofte med at dei blir glade i kvarandre, og dimed blir velkomstfamilien til permanent familie, seier Binelli.

LES OGSÅ: Kvoteordning for studentar frå lavinntektsland kan kome tilbake

---

AFS

  • American Field Service er ein interkulturell utdanningsorganisasjon oppretta i USA i 1915.
    Kom til Norge i 1947.
    Har om kring 30.000 frivillige i heile verda.
    For om lag ti år sidan tok AFS Norge imot 150–160 elevar. I år kjem 121 elevar. Generalsekretær, Marit Grønskei, seier dei kunne tatt imot 200 elevar om fleire familiar hadde opna heimane sine.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje