Den beste kritikken: Noregs ti viktigaste kritikarar

På oppdrag frå Kritikarlaget har ein jury på fire valt dei ti kritikarane frå det moderne gjennombrotet til i dag som dei meiner er sterkast, best eller mest interessant.

Reportasje

– Kritikaren er kunstnarens svigermor, humrar Fredrik Wandrup.

Han har sitte i Kritikarlagets jury som har kåra Noregs 10 beste kritikarar gjennom tidane.

– Det er klart at kritikaren ikkje alltid har vore godt likt, men dei fleste forfattarar har skjønt at kritikaren er eit nødvendig vonde i det litterære krinsløpet.

Fram i lyset

På kåringa er det namn frå dei siste 200 åra i norsk litteraturhistorie. Frå Camilla Collett og Georg Brandes, til Karin Moe og Jan Erik Vold i vår eigen tid.

Cecilie Naper, førsteamanuensis på OsloMet, har òg sitte i juryen. Ho seier at historia om kritikken her til lands har blitt fortalt mange gongar før. Men i samband med storverket Norsk Litteraturkritikks historie som kom ut i 2016, inkludert ei rekke nyskrive masteroppgåver, har mykje blitt nylese.

- Dette har blant anna ført til at kritikarar som tidlegare ikkje har fått så mykje merksemd, no blir trekte fram i lyset.

Samtalen

Naper trekk fram Mathilde Schjøtt (1844-1926), som skreiv litteraturkritikk i over 40 år. Schjøtt råda lesaren til å studere ulike bokmeldingar av same bok fordi «de supplerer hverandre og hjælper begge til at forstaa bogen».

- Eg synes det var interessant å sjå kor tidleg Mathilde Schjøtt utvikla ein dialogbasert metode for å skrive litteraturkritikk. I fleire av sine bøker forma ho litteraturkritikken som ein samtale der fleire stemmer kjem fram.
Naper meiner ei slik openheit som Schjøtt viste, opna opp litteraturen ho meldte. Schjøtt aktiviserte lesaren og fekk han eller henne på bana.

Å sette dagsordenen

Ein kan få inntrykk av at meir stod på spel for kritikken før enn det gjer no. Men stemmer det?

Naper peiker på at det var ein mykje meir samla offentlegheit før, der dei store spørsmåla vart diskutert.

– No har vi ein mykje meir oppstykka offentlegheit.

Den kjente kritikaren Georg Brandes, som hadde stor påverknad på fleire forfattarar med sine ord om det moderne gjennombrotet, hadde ikkje vore muleg i dag, meiner Naper.

– Vi har vorte meir blaserte enn tidlegare. Eg trur det har å gjere med kor mange offentlegheiter vi opererar innanfor. Brandes sette dagsorden for ein heil forfattargenerasjon, i ei tid der norske forfattarar spelte ei større politisk rolle enn nokon gong. Eg kan ikkje komme på nokon seinare kritikarar med slik påverknad.

Meir forsiktige no

Men ikkje alt var betre før. Fredrik Wandrup trekk fram Sigurd Hoel (1890-1960), som sat på fleire sider av bordet som kritikar, forfattar, og hovudkonsulent for Gyldendal. Habilitet var ikkje så framme i dagen da som no.

Wandrup meiner Hoel hadde eit vidt syn på kva som var god litteratur, men at han òg måtte vere veldig trygg på eiga vurderingsevne.

– Dei var ikkje så opptatt av dette den gongen. I dag er folk mykje meir forsiktige. Hoel satt med veldig stor innflytelse, men han var viktig for å nyansere synet på kva som var god litteratur.

---

Noregs 10 viktigaste kritikarar

  • På oppdrag frå Kritikarlaget har ein jury på fire (Cecilie Naper, Fredrik Wandrup, Margunn Vikingstad, og Espen Stueland) valt dei ti kritikarane frå det moderne gjennombrotet til i dag som dei meiner er sterkast, best eller mest interessant.

---

Eg tenkjer at ein god kritikar er ein som opnar boka for lesaren.

—   Cecilie Naper

Meir forsiktige no

Men ikkje alt var betre før. Fredrik Wandrup trekk fram Sigurd Hoel (1890-1960), som sat på fleire sider av bordet som kritikar, forfattar, og hovudkonsulent for Gyldendal. Habilitet var ikkje så framme i dagen da som no.
Wandrup meiner Hoel hadde eit vidt syn på kva som var god litteratur, men at han òg måtte vere veldig trygg på eiga vurderingsevne.

– Dei var ikkje så opptatt av dette den gongen. I dag er folk mykje meir forsiktige. Hoel satt med veldig stor innflytelse, men han var viktig for å nyansere synet på kva som var god litteratur.

Diktaren og kritikaren

Men kvifor treng vi ei slik kåring som dette i dag? Wandrup peiker på at det fins ein rik tradisjon for litteraturkritikk i Norge.

– Det finnes ei artig teikning av Theodor Kittelsen der diktaren og kritikaren går side om side. Litteraturen og kritikken har alltid på godt og vondt vore følgjesvennar.

Kritikarar har ein analytisk og vurderande funksjon, men driv òg ein form for folkeopplysning, meiner Wandrup.

Vold vender om

Ein annan på lista som ligg Wandrup nær, er Jan Erik Vold.

- Han har hatt veldig sterke meiningar om kva som er moderne lyrikk i Norge. I 1980 skreiv han om «Det norske syndromet», der han gjekk til angrep på norske klassikarar.

Det var der Vold lanserte det berømte utfallet mot Olaf Bull, om at det ikkje går an å nagle nokon ømt, jamfør opninga på det kjente diktet «Metope», der Bull skriv: «Dig vil jeg ømt i rytmer nagle fast».

– Men så seint som for nokre år sidan skreiv Vold eit nytt essay om Olaf Bull der han opna for eit anna syn. Og han var ein primus motor for å få oppretta ein Olaf Bulls plass i Oslo.

Å lage ein lesar

Av og til verker det som ei bokmelding får mest merksemd når kritikaren dreg fram øksa og gjennomfører ein grundig slakt. Er ein god kritikar ein som er kritisk?

Cecilie Naper er ikkje heilt einig.

– Eg tenkjer at ein god kritikar er ein som opnar boka for lesaren, som fell sine dommar tydeleg, og som viser kva ho eller han feller dommen sin på grunnlag av.

Men ho trur òg det er viktig at kritikaren vender seg til lesaren, og får han eller ho til sjølv å tenkje og vurdere.

– I ein studie av Henry James brukte Leon Edel omgrepet «to make the reader». Det gjorde for eksempel Magnhild Schjøtt, og det trur eg er ein brukbar måte å kommunisere med lesaren på.

På oppdrag frå Kritikarlaget har ein jury på fire (Cecilie Naper, Fredrik Wandrup, Margunn Vikingstad, og Espen Stueland) valt dei ti kritikarane frå det moderne gjennombrotet til i dag som dei meiner er sterkast, best eller mest interessant.

Camilla Collett (1813-1895)

I siste halvdel av 1800-talet skriv essayisten og kritikaren Camilla Collett om den franske revolusjon, nasjonsbygging og byutvikling på ein måte som framleis framstår som aktuell.

Tydelegast gjer Collett seg gjeldande i kvinnesaka – både i samtida og til inspirasjon for ettertida. Med eit syrleg og høgst moderne kritisk blikk gyv ho mellom anna laus på idealisering av kvinners lidingar og romantisering av den ulykkelege kjærleiken i samtidslitteraturen.

Georg Brandes (1842–1927)

Høsten 1871 holdt Georg Brandes en forelesningsrekke om det 19. århundrets litteratur ved universitetet i København. Forelesningene programfestet et angrep på borgerskapets gode smak. Med sin kritikk av den idealistiske litteraturen og forsvar for litteratur med tendens og samfunnsrelevans, vakte ordene fra podiet oppstandelse og debatt.

Brandes’ kritikk satte dagsorden og formet epokens litterære smak. Ingen litteraturkritiker etter ham har vært i nærheten av å ha like gjennomgripende innflytelse i den fellesskandinaviske offentligheten.

Mathilde Schjøtt (1844–1926)

Mathilde Schjøtt skrev litteraturkritikk i over 40 år, men er først og fremst kjent for sitt arbeid med det moderne gjennombrudds litteratur. Gjennom sine bøker utviklet hun sin egen dialogisk baserte metode. I sin første bok, Venindernes Samtale om Kvindernes Underkuelse, lar hun en gruppe venninner samtale om skolegang for piker, maktmisbruk i ekteskapet og andre samtidsaktuelle temaer, med utgangspunkt i John Stuart Mill.

Den samme åpne holdningen går igjen i en anmeldelse der hun beskriver hvordan to kritikere leser Hedda Gabler på hver sin måte. Hun rådet leseren til å studere begge fordi «de supplerer hverandre og hjælper begge til at forstaa bogen».

Arne Garborg (1851-1924)

I omfang, breidde og uthaldenheit står Arne Garborg fram som den kanskje viktigaste kritikaren frå Det moderne gjennombrotet. Garborg var spydig, satirisk, ironisk, kosmopolitisk, moderne og grenselaus, men stod òg djupt planta i ein emosjonell og intellektuell idé om ein spesifikk norsk identitet.

Eit kanskje overraskande trekk ved Garborgs kritiske verksemd var ein vilje til å endre meining. Han diskuterte seg fram til eit standpunkt på same tid som han opna opp for ein framtidig tvil i sentrale kritiske spørsmål.

Carl Nærup (1864–1931)

Under Stortingets forhandling om kulturbudsjettet i april 1916 diskuteres et forslag om statsstipend til Carl Nærup. Det spesielle var at Nærup var kritiker, ikke kunstner eller skjønnlitterær forfatter. Ingen kritiker hadde fått statsstipend før.

Tildelingen ble begrunnet med at den var viktig og riktig. Vedtaket ble enstemmig støttet. Det forteller at Nærup var en beundret smaksdommer og nådde bredt ut. Han er en fremtredende eksponent for sin tids foretrukne metode, den historisk-biografiske.

Sigurd Hoel (1890-1960)

Sigurd Hoel hadde en nøkkelfunksjon gjennom hele mellomkrigstida, både som formidler og som litteraturkritiker. Sin tunge ideologiske ballast til tross forfaller litteraturkritikeren Hoel aldri til meningskritikk, hans metode er impresjonismens og hans kriterier i siste instans, estetikkens.

Som kritiker beskjeftiget han seg i hovedsak med norsk litteratur, mens han som redaktør av den gule serie gjennom 30 år introduserte lite kjente samtidsforfattere som Hemingway, Faulkner og Kafka for et norsk publikum.

Johan Borgen (1902-1979)

Johan Borgen var et litterært kraftverk; reporter, kritiker og skjønnlitterær forfatter. Selv betraktet han de tusenvis av artiklene han skrev i dagspressen, særlig Dagbladet, som journalistikk.

Fra 1932 fram til han døde i 1979 var Borgen en blanding av populær folkeopplyser og entusiastisk leser, ustoppelig i sin hunger etter nye innsikter, formidlet med en impresjonistisk melodiøsitet paret med lynskarp sans for kjernen i et verk.

Jan Erik Vold (f. 1939)

Ingen har med større omsorg og begeistring skrevet om norsk lyrikk enn Jan Erik Vold. Samtidig har hans essayistiske og kritiske prosjekt vært både kontroversielt og provoserende.

Som folkeopplyser og veiviser inn i lyrikkens univers har Vold hatt en tydelig profil, med en slagkraftig argumentasjon og dyp innsikt i diktets særegne virkemidler. Historien om norsk lyrikk ville ikke vært den samme uten Jan Erik Volds utrettelige nysgjerrighet og vilje til kritisk og kontrær tenkning.

Atle Kittang (1941–2013)

Kittang var opptatt av litteraturkritikkens mediale betingelser, så vel som dens forutsetninger, kritikkens tapte prestisje og de økonomiske kreftene den er underkastet. Hvordan påvirker anmeldelsens ytre faktorer kritikerens tolkninger og forståelse?

Som filolog og kritiker satte Kittang et eksempel ved sin grundighet, internasjonale orientering og belesthet. Han kombinerer nærlesing med blikk for helhet og samfunnsrelevans.

Karin Moe (f. 1945)

Karin Moe har heilt sidan Stuntpoetanes tid på 1970-talet vore ei leiken, frilynt og eksperimentell røyst i den kritiske samtalen om samfunnet og litteraturen. Ho gav den norske postmodernismen eit kvinneleg andlet, og merkelappar på Moes røyst er vidtfemnande; visjonær, rebell, feminist, aksjonist, lokalhistorikar, avantgardist, akademikar og ekseget.

Ho har heile tida vore ein aktiv debattant i den norske medieoffentlegheita for å fremje ein litteratur- og kvinnepolitisk agenda.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje