Russ går for billig moro

Dei tykkjer russebuss er harry, arvar russeklede frå søsken og høyrer heller rektor fortelje eventyr enn å kome bakfulle på skulen. Det er klart for russetid på Oslo by Steinerskole.

Reportasje

– Det er dumt at det er så mykje fokus på drikking i russetida. Eg gler meg mest til å gje russekort til barna, det er det viktigaste med russefeiringa for meg, seier Leif Hofheinz.

Bjørk som sprett, blomar som blømar og utagerande russefeiring er sikre teikn på at våren er komen. Konflikt om kven som skal få vere med på russebussen, songtekstar om utsvevande sexliv, og millionbudsjett på feiringa pregar ofte merksemda kring russen. Skal vi tru avgangselevane ved Oslo by Steinerskole, er ikkje dette noko å trakte etter.

– Vi har ikkje så stort behov for å vere drita fulle og dumme oss ut, seier Ingrid Eriksen.
Eit av høgdepunkta i russetida til desse elevane er å overnatte i hagen til rektor, Bernard Daub. Med elevane samla kring bålet les han nøye utvalde eventyr som gjev dei noko dei kan ta med seg vidare i livet.

– I fjor las eg brørne Grimms Bymusikantane frå Bremen. Det handlar om nokre fortapte dyr som reddar liva sine ved å samarbeide. Det er vakkert å sjå dei store barna lytte til eventyr i hagen min, seier Daub.

Ingrid ser fram til ei edrueleg natt og frukost før dei drar tilbake på skulen.

– Det blir ein hyggeleg kveld utan fyll. Rektor er frå Frankrike, så då blir det croissantar til frukost, seier Ingrid.

Brukt og heimelaga 

Kommersielle aktørar tener mykje pengar på russen. I 2017 hadde Russeservice, Noregs største leverandør av russeutstyr, over 55 millionar i driftsinntekter. På Steinerskolen er det populært å få tak i russeklede frå anna hald.

– Eg arva russebuksa til bror min, seier Henrik Thorvaldsen.

Steiner-russen tykkjer det er ugreitt at private verksemder tener så mykje pengar.

– Mange ønskjer å protestere mot russeservice. Difor kjøper dei brukte russeklede og lagar russekorta sjølv, seier Ingrid.

Russ frå andre skular har gjerne planlagt russetida sidan ungdomsskulen. Det skjønar ikkje Ingrid seg på.

– Eg kjøpte meg russeklede for ei veke sidan. Folk eg kjenner frå andre skular har stressa i fleire år med russetida, og har brukt fleire hundre tusen på russebuss, seier Ingrid.

Russ utan buss

Viss ein buss med dundrande musikkanlegg held deg vaken om nettene, kan du vere trygg på at den ikkje kjem frå Steiner-skulen.

– Eg trur bussfenomenet er vanlegare i utkanten av Oslo, og det er vel eigentleg ganske harry å bruke ein formue på det, seier Jonas Gamper.

Kampen om å få vere med på festane i russebussane leiar ofte til utestenging og dårleg stemning.

– Fleire bussar oppmodar til å ikkje sleppe inn vandreruss, seier Judith Sunde.

Anna er glad ho slepp å bruke dei siste månadane på vidaregåande skule på å krangle om kven ho skal vere med.

– Det er jo tragisk at den siste tida i skulegangen skal handle om mobbing og ekskludering. På skulen vår kan du gjere som du vil, mykje eller lite. Nokre er med på russebussar frå andre skular, og det er greitt, men det gir ikkje status, seier Anna Stabel.

Mange forsvarar dei ambisiøse russebussprosjekta med at det er ein lærerik, kreativ og sosial prosess – dei må halde styr på budsjett i millionklassa, og pusse opp bussen i tråd med eit konsept. Leif ville heller brukt pengane på noko anna.

– Tenk om dei kunne brukt desse millionane på noko som varer litt lengre enn tre veker! seier Leif.

Steiner-skuleelevar har rykte på seg for å ha eit godt handlag med kreativitet. Jonas kjøper ikkje at busskulturen er kreativ.

– Dei kopierer berre, seier Jonas.

Tek avstand

Etter tretten år med pliktoppfyllande skulegang ulmar opprøret, og russefeiringa gjev kvart kull sjansen til å stå for ei kraftigare utblåsing enn fjoråret. Ting som elles ikkje er lov blir gjort, og konsekvensane frå vaksne blir gjerne fråverande – ein er jo trass alt russ berre ein gong i livet. For Jonas er ikkje denne logikken godkjent.

– Kvifor skal alle plutseleg gjere masse bøll når dei er russ? Berre fordi det er lov? Norske ungdommar er fantasilause, seier Jonas.

Jonas har ikkje mykje til overs for russekulturen og har sjølv velt å ikkje vere russ.

– Eg tykkjer kvinnesynet du mellom anna finn i dei nedlatande russesongane, og overgrepa som skjer under feiringa, er gode grunner til å avstand frå russefeiringa, seier Jonas Gamper.

Ingen eksamen

Steinerskulane har ikkje avsluttande eksamen i vidaregåande. I staden jobbar dei over fleire månadar med ei fordjupingsoppgåve. Elevane Vårt Land snakka med, er allereie ferdige med oppgåva si, og alt ligg til rette for ei skikkeleg fyllekule om dei som skulle ønskje det.

– Eg kjem ikkje til å drikke noko meir enn eg gjer elles, seier Leif.

Henrik ser ikkje bort i frå at det blir litt meir alkohol en elles, men tar sine forholdsreglar.

– Det er viktig å drikke meg nokon du kjenner og stolar på. Det blir nok ein del øl med kompisane mine i løpet av russetida, seier Henrik.

Anna har ei oppmoding til medruss over heile landet.

– Det er flott å feire, men bevar haldninga til andre menneske som du har til vanleg, seier Anna.

LES OGSÅ: Einar Rimehaug meinar russen speglar samfunnet.

---

Forbruk

  • Ei undersøking frå 2012 (Ipsos) viser at russ i hovudstadsområdet i snitt brukar 14.200 kroner, medan russ utanfor Oslo og Akershus brukar 7.900 på feiringa. Ein av ti svir av 30.000.

---

Drikkepress

Å ikkje drikke når alle andre gjer det, kan dere utfordrande. Ifølgje ei undersøking gjort på vegne alkovettorganisasjonen Av-og-til, opplevde 1 av 3 av fjorårets russ drikkepress. Ungdomsorganisasjonane Juvente, Kristenruss og Ny Generasjon jobbar for ei russetid med fokus på andre ting enn alkohol. Juvente-russen kallar seg edruss, Kristenrussen er kruss, medan Ny Generasjons-medlemmane er Jesusruss.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje