Les alt for bare 10 kr!

Eit japansk krimmysterium

– Eg ønskjer å skrive om menneskets hjarte og menneskesinnet. For meg så er det det som er underhaldning.

Publisert 18. april 2019

Det er først når intervjuet er over, at Hideo Yoko­yama verkeleg begynner å snakke. Forfattaren frå Japan som er i Noreg for å fortelje om krimromanen 64, held armane ut til sida.

– Tom Egeland sa det var eit veldig skarpt skilje mellom krimlitteratur og skjønnlitteratur her til lands, men for meg så er dette skiljet grenselaust. Eg beveger meg mellom begge to.

Yokoyama er klar over at han blir rekna som ein kriminal­forfattar og at han skriv underhaldningslitteratur.

– Men når eg sit sjølv og skriv så er ikkje dette noko eg tenkjer over, for eg vil ikkje bli bunde av kva som er venta av meg eller av konvensjonane som følgjer med sjangeren. Eg ønskjer å skrive ei spennande historie.

Tvikamp over telefonen

64 handlar om den tidlegare etterforskaren Yoshinobu Mikami som er blitt degradert til pressetalsmann. Samtidig med at dottera hans har rømt heime ifrå, kjem ei gammal kidnappings- og drapssak opp i dagen, kalla 64. Det utløyser ein mektig konflikt mellom administrasjonen i politivesenet og kriminalavdelinga som held lesaren på kanten av stolen gjennom alle dei 718 sidene. Sjølv har Yokoyama sitte i ro gjennom heile intervjuet, men no bruker han hendene til å forklare, og tolken vår får uvante mengder ord å omsette til meg.

– I staden for den eine konflikten, den eine kriminelle ­handlinga som utløyser alt, så ønskjer eg heller å skildre dei små hendingane på personleg nivå som kan vere vel så dramatiske.

Eg seier til han at eg sjeldan har lest så spennande telefonsamtalar.

– Er det fordi dei føler seg fram og at det ligg mykje implisitt, spør han.

Det er som om det er ein tvikamp mellom dei på telefonen, som ofte blir skildra i fysiske konfrontasjonar i annan krim.

Han nikkar mens tolken omsett.

– For meg så er slike samtalar i boka ein fysisk kamp med slag, for det har like stor verknad på romanpersonane. Og det er dette som fører dei framover, heilt fram til siste scene.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også