Den foreldrelause byen

Napoli, o Napoli! Byen er blitt ein gjengangar i romanar og tv–seriar. Vi møtte Wanda Marasco, som har skrive fram eit Napoli full av skrømt.

Reportasje

– Gudstrua er fråverande, og det kjennes som om menneska er aleine. Det er berre døden som garanterer ei form for religiøs kjensle. Døden er overgangen, ein måte å kjenne seg sjølv på, å kjenne til menneskeslekta.
Wanda Marasco, med blå alpelue på, har søkkt ned i ein stol. Ho held blikket mitt.

– Det er ein sekulær tradisjon i Napoli. Ein ironisk kontakt med den døde verden. I folkeminnet finnes det ulike måtar for å komme i kontakt med dei døde.

Eigentleg skjønner eg ingenting, for Marasco talar på sitt morsmål, italiensk. Det er tolken vår, og omsettar av Marascos bok, Kristin Sørsdal, som omsett til norsk. Det gir samtalen eit underleg preg. Sørsdal er høg, med grått hår. Marasco er lita og mørk i håret.

– Men eg skriv ikkje ei bok om folkeminnet i Napoli, seier Marasco. – Eg bruker døden som ei openbaring. Noko som kan kaste lys over menneskelivet.

Dikting som medkjensle 

Etter suksessen med Elena Ferrantes bøker, har det komne ut fleire italienske bøker her til lands med brusteinsgater, klesvask og barn på omslaga. Kompaniet av dikta sjeler er den første boka av Wanda Marasco på norsk, men ho debuterte allereie i 1977. Truleg vil denne boka i større grad splitte lesarane enn Ferrantes litterære bestseljarar. Marasco er på same tid ein realistisk og ein drøymande forteljar. Ho byggjar opp scenene med ei eller to setningar, og hoppar like brått vidare til den neste.

Romanen opnar med Rosa som sit ved dødsleiet til mor si, Vicenzina. Derifrå beveger historia seg fram og tilbake, frå romanperson til romanperson. Heile tida er det Rosas familie som står i sentrum. Kompaniet av dikta sjeler handlar om unge kvinner som blir mødrer, som får døtrer, for så å bli like vonde mot sine barn som deira eigne mødrer var. Men på tross av overgrep og vondt blod, tek dei vare på kvarandre når dei blir gamle og sjuke.

Eg spør Marasco om tilgjevnaden berre finnes når døden bankar på.

– Rosa får ei oppreising allereie i starten av boka, da ho vender seg til mora som døyr. Ved å vende seg til alle dei døde, til sjelene deira, så finn ho eit slags håp i elendet, på same måte som eg gjer det gjennom skrifta. Eg finn poesien i korleis desse menneska lev. Gjennom å fortelje, kjem medkjensla med menneska.

Marasco seier ho ikkje vil dyrke fram ein elendelitteratur, men heller skrive om det heile menneske.

– Dette eg har skrive er ikkje spesielt for Napoli. Det kan finnes overalt, i alle byar, blant alle folk. Dette handlar om dei som er marginaliserte.

Mødrenes synder

- Veldig ofte når eg les familieromanar, så handlar det om fedrar og søner. Her handlar det om mødrer og døtrer. Kven er desse mødrene?

Når eg stiller spørsmålet, går det via Sørsdal. Det verkar som ho og Marasco er gamle kjende, og eg lurer av og til på kva som eigentleg er Marascos ord og kva som er Sørsdals ord. Begge er like engasjerte, og av og til begynner dei å diskutere seg imellom, som om det er ord eller formuleringar dei ikkje er heilt nøgd med.

– Moras kraft ovanfor Rosa er så sterk fordi Rosa mister faren, svarar Marasco. - Han er ein sjuk og skjør skapning, og da han døyr blir Rosa aleine med ei mor som er redd ho ikkje vil få til å oppdra barna sine. Ho er aleine med ein brutal by omkring seg.

---

Wanda Marasco

  • (f. 1953) er ein prisvinnande italiensk lyrikar, dramatikar og romanforfattar. Ho debuterte i 1977 med ei diktsamling, og med kom med sin første roman i 2003. Kompaniet av dikta sjeler er hennar første bok på norsk.

---

Slik blir Rosa på ein måte foreldrelaus. Alle barna i romanen har fedrar som forsvinn og mødrer som ikkje er i stand til å halde på rammene kring familien eller seg sjølve.

- Bildet av den sterke, italienske mora blir skyve bort i denne romanen. Rosa er foreldrelaus, for ho har ingen far, ingen by, ingen historie. Det er dette dramaet som gjentek seg frå bestemor til mor til dotter.

Å kjempe for å overleve

Marasco seier eg må forstå at i hennar kultur er det å miste faren det same som å miste historia.

- Farsrolla hos oss er loven, gangen gjennom livet.

Eg fortel Marasco at det er som om mødrenes synder heimsøker alt og alle i boka.

- Vanlegvis elskar døtrene mødrene sine, svarar ho. – Men med mi eiga mor, da eg var ung, var det det brutale som hadde overtaket. Eg var meir redd for mor mi, enn eg elska henne. Men eg drøymte alltid om ei god mor som forstod meg.

Når Rosa i Kompaniet av dikta sjeler veks opp, forstår ho korleis mora har måtte kjempe for å overleve.

– Slik forstår ho mora på nytt, og slik er det for meg òg. Eg har òg fått eit nytt blikk på mi eiga mor. Dette er sentralt i Kompaniet for dikta sjeler, det nye blikket av medkjensle. Boka er delvis sjølvbiografisk. Eg har vekse opp i desse miljøa, i denne bydelen, og eg var omringa av kvinner som var på dette viset.

Marasco fortel at ho kjenner godt til det verkelege livet i Napoli. Ho har jobba som lærar på barneskolen i dei nordlege, perifere bydelane som er berykta frå den romantiserande mafialitteraturen.

– Det er utkantområde kor barn veks opp i brutale miljø. Eg har heile tida sett det blant barna eg underviser, og i mi eiga oppvekst, kor viktig det er å ha tilknyting. Det å finne ein far og finne ei mor du høyrer til, er veldig viktig. I romanen min er mange av romanpersonane aleine, utan tilknyting. Eg var sjølv slik, eg leita alltid leita etter dette, i læraren min, i mannen eg gifta meg med. Til slutt fant eg det i skrivinga.

Eg var meir redd for mor mi, enn eg elska henne. Men eg drøymte alltid om ei god mor som forstod meg.

—   Wanda Marasco

Tiltrekning til såret

Noko av det sterkaste i boka er historiene om dei gale. Iolanda, søstera til mora, som blir lagt inn på galehuset. Eller «gutejenta» Mariomaria – ein gut som vil kle seg i jenteklede, og som tek kjønnsoperasjon og blir til ho.

- Mariomaria var ein elev frå skolen der eg underviste. Etter at han hadde tatt eksamen, fortalte han meg historia si. Eg spurte han om lov til å fortelje denne historia, og det fekk eg lov til.

Marasco fortel at det er vanleg å sjå transvestittar som Mariomaria, på gata i Napoli. Eldre menneske som du kan sjå har levd eit hardt liv.

- Dei blir godtatt, men på same tid spotta. Dei står som nakne vitnesbyrd om det miserable livet i Napoli.

Da vi snakkar om dette, om korleis romanen skildrar barndom med overgrep, fortel Marasco at hennar eige mor slo henne.

- Eg har prøvd i boka å fortelje korleis dette skadar det indre, korleis det skadar sjela. Det er her, i det skada mennesket, at eg kan finne poesien. Det er ein sårheitsliturgi. Desse menneska som lev i slike miserable kår ønskjer seg ei anna skjebne. Men det er som om dei er smitta av ein sjukdom og kjenner ei tiltrekning til såret, til det elendige livet. For det her dei finn det menneskelege i seg sjølv.

Den svarte sola

Med alt dette snakket om det skjebnetunge og dei skada menneska, spør eg Marasco om kvar eg finn lyset i denne romanen.

- Det er i poesien, i det å skrive fram desse liva, i moglegheita til å gjere det.

Marasco fortel vidare at lyset i Kompaniet av dikta sjeler er den svarte sola som vi òg finn i den greske tragedien. Sola i sør, som brenn og gjer jorda gold.

– Under denne skarpe sola som dei greske tragediane vart spelt under, blir alt lyst opp og gjort nakent. Men det er òg der vi finn reinsinga som ligg til grunn for tragedien. Så denne sola reflekterer mørket i menneska.

Napolis historie

Vi har snakka i nesten ein time, og eg seier at eg har nok. Men da bryt Sørsdal inn og seier det er viktig korleis Napoli blir skildra i boka. Eg hadde ikkje tenkt å nemne dette, men Sørsdal lar meg ikkje sleppe. Og så kastar Marasco seg på. Eg har vanskar med å forstå denne kjærleiken til Napoli. Derfor spør eg i staden Marasco kva det er som skiljar Napoli frå Italia? Kva er det napolitanske?

– Napoli har altfor ofte fått bli verande ein foreldrelaus by i historien, svarar Marasco.

Ho fortel det slik: Fram til 1800-talet og Italias sjølvstende, var Napoli ein stor europeisk hovudstad, og den kulturelle hovudstaden i Kongeriket Dei to Sicilier. Med samlinga av Italia i 1861 vart det sørlege Italia med Napoli liggande utan dei same investeringane som nord. Sør-Italia blei verande jordbruksland og matprodusent for nord, og utan statleg trykk og storinvesteringar kunne Camorraen få større fotfeste. Byen vart foreldrelaus, og mista statusen som kulturell hovudstad.

– Roberto Saviano og Elena Ferrante fortel om realiteten, mens eg fortel om den sjelelege sida ved livet i Napoli. Dei skriv stor litteratur, men målet mitt er å fortelje om det som er usynleg, det du ikkje ser med ein gong.

– No er ho grei, bryt Sørsdal inn.

– Ferrante er ein stor forteljar, seier Marasco, men verken eg eller ho er Virginia Woolf, seier Marasco, og begge to ler.

Eg prøver å avslutte, men det får bli Sørsdal som får det siste ordet:

– I Napoli no er det veldig mykje litteratur og kultur som blir eksportert som handlar om denne gangster–mytologien. Og det er nokre bøker som berre er mjølking av Ferrante–suksessen. Det er jo derfor eg og Samlaget har valt desse bøkene, så norske lesarar skal skjønne at vi ikkje treng desse stereotypane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje