LES VÅRT LAND FOR ÉN KRONE UT JUNI

Vrengjer ut innsida - sjå bileta asylsøkjarar tek i leiren

Fotoprosjektet viser fram eit av Europas mest overfylte asylmottak, Moria, som Hellas ønskjer å stengje for innsyn.

Publisert 01. april 2019

– Dykkar bilete skal vere med å vise korleis folk eigentleg har det bak piggtråden. De skal vere omverdas augo, de skal sjå det me ikkje får sjå.

Diego Manjibar Reynes sit bøygd over ein PC og blar i digitale foto. Saman med han sit to unge menn som aldri har fotografert før, som aldri har eigd eit kamera, som aldri har tenkt på kvar det «gylne snittet» er. No lærer dei to asylsøkjarane å bruke eit enkelt digitalkamera, og korleis dei skal ta gode foto.

Saman med Reynes sit Marta Vasconcelos Proenca de Melo. Den spanske duoen arbeider fram ei ny utstilling i dokumentasjonsserien From inside; Frå innsida. Den førre utstillinga heng i galleri i Spania og Portugal, og viser dagleglivet i eit asylmottak i Serbia.

Kritikk

Vårt Land er i Mytilini, den største byen på den greske øya Lesvos, som ligg vel ti kilometer frå Tyrkias fastland. Åtte kilometer nordvest for byen ligg registrerings- og mottakssenteret som er sprengfullt av asylsøkjarar som har kome til Lesvos med båt frå Tyrkia.

Moria er eit gammalt fengsel bygd for å gje losji til 2.000 personar. Utvida til å huse 3.000 asylsøkjarar. No er 5.000 stua inn bak gjerda som har piggtråd på toppen. Opp mot 2.000 bur i teltleiren utanfor gjerdet.

I Hellas er det forsvaret som har ansvaret for registrerings- og mottakssentera, og det er politiet som står i porten og som patruljerer. Journalistar og fotografar slepper ikkje inn, så Vårt Land blei avvist.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Les Vårt Land digitalt frem til 30. juni for kun én krone*.

Én krone ut juni

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også