LES VÅRT LAND FOR ÉN KRONE UT JUNI

Kunsten å logge seg på livet

I løpet av få år har smarttelefonane endra korleis unge er saman. Ein samtale mellom tre venner er stadig truga av vibrasjonar i lomma.

Publisert 01. april 2019

– Når alle andre rundt meg sit og scrollar på sosiale medium, føler eg meg ikkje interessant, seier August Eikseth (17).

Det er utfordrande å ikkje handle på refleksen som oppstår når telefonen vibrerer i lomma di. Det kan jo vere noko viktig. Kanskje ho i parallellklassen du har eit godt auge til, har lagt deg til som ven – eit av livets store vendepunkt ligg og ventar i lomma di!

– Mobilen min har forskjellige vibrasjonar. Når eg kjenner meldingsvibrasjonen i lomma, må eg sjå kva det er, seier Magnus Walther-Numme (16).

Når mobilen endeleg ligg i handa, flyr ungdomstida av garde på ein himmel med utsyn over fragment frå liva til venner og kjendisar.

– Eg sit på mobilen i timevis kvar dag. Ein gjennomsnittlig dag brukar eg nok fem timar på mobilen, seier Magnus.

Magnus er ikkje åleine om å bruke mykje tid på mobilen. Unge i aldersgruppa 16-24 år er dei mest aktive internettbrukarane. I følgje Statistisk sentralbyrå har denne gruppa gått frå å bruke internett i 1,5 timar i 2006 til over 4 timar i 2017.

Tvungen pålogging

August har klart å halde seg unna sosiale medium fram til han byrja på vidaregåande.

– Lærarane brukar Facebook til å gje oss informasjon, så eg fekk beskjed om å lage meg ein profil, seier August.

August er ikkje begeistra for skulen sitt val av digitalt verktøy.

– Dei burde halde seg til ein informasjonskanal, som til dømes It's Learning, seier August.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Les Vårt Land digitalt frem til 30. juni for kun én krone*.

Én krone ut juni

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også