LES VÅRT LAND FOR ÉN KRONE UT JUNI

Det gamle er eldst

Stadig fleire unge føretrekker klassisk musikk. For nokre er det ein måte å skilje seg ut på, for andre er det ei flukt frå støy. For Bror (23) og Elin (24) handlar det om kvalitet.

Publisert 17. mars 2019

– For meg var det Star Wars som starta det heile. Eg likte filmmusikken til John Williams, så gjekk eg vidare til opera og dei store komponistane, seier Bror Gard Teigen Pike (23).

I januar i år skreiv The Independent at klassisk musikk var den sjangeren som auka mest i 2018. Tala er henta frå både strøymetenester og CD- og LP-sal. Ei veke seinare slo The Guardian opp at klassisk musikk er stadig meir populært blant folk under 35 år.


Bror og kjærasten Elin Nilsen (24) var ikkje vanskelege å be då Vårt Land inviterte dei på konsert med Det Norske Kammerorkester i Universitetets aula. På programmet står to romantiske klaverkvintettar, ein av Franz Schubert og ein av Johannes Brahms.

– Dette er hard core. Ein nybyrjar vil nok føle seg som ein inntrengar her, seier Elin.

Kjæresteparet har glattare hud enn den jamne publikummaren i kveld. Før konserten informerer arrangøren om at siste trikken til Majorstua går klokka 21, og at pianist Nils Anders Mortensen har lova å raske på så folk kjem seg heim. Eigentleg går trikken som vanleg heile kvelden, men dei eldre på vestkanten har for vane å seie trikk når dei meiner t-bane – og t-banen sluttar klokka 21 grunna vedlikehald.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Les Vårt Land digitalt frem til 30. juni for kun én krone*.

Én krone ut juni

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også