Les alt for bare 10 kr!

Udyret i mørket

Mazen Maarouf skriv om barn som prøver å overleve i krigen. Og han får deg til å le.

Publisert 14. mars 2019

‘Du veit, eg vaks opp i Beirut som palestinsk flyktning. Men eg hadde ein libanesisk barndom. Eg levde gjennom trauma, gjennom krigsåra. Eg såg det same som dei libanesiske barna. Men på same tid vart eg alltid fortalt at eg var palestinsk flyktning og at Beirut ikkje var min by.
Mazen Maarouf seier det ga han eit trøblete forhold til byen som han elska og vaks opp i.

– Kanskje er eg redd for å konfrontere realiteten. Kanskje er det at eg ikkje namngir stadane i boka min måte å rømme vekk frå ein konfrontasjon eg ikkje har noko svar på enno.

Krigens traume

Fire timar seinare sit Maarouf på scena på ­Litteraturhuset saman med Hassan Blasim, den irakiske for­fattaren som kom med novellesamlinga Lik på utstilling på norsk i 2016. Maaroufs bok, Vitser til soldatene, kom ut sist veke, og er absurde og surrealistiske noveller om barn i krigsherja byar. Både Maarouf og Blasim er stemmer frå den nye arabiske litteraturen, frigjort frå gamle lenker og i eksil i Nord-Europa. Blasim bur no i Finland, Maarouf tok flyet frå sin heimstad i Reykjavik, Island for å komme til Oslo. Begge to ler og vitsar på scena.

Det er ein meir tilbakehalden Mazen Maarouf som sit i skinnstolen på Bristol. Eg spør han om barna som er med i dei fleste av novellene hans. Kven er dei?

– Eg veit ikkje heilt kven dei er. Men det er barn eg har levd med, frå barndommen min, barn som døydde i krigen. Å leve som barn i ei tid med krig gir deg traume. Og så sovnar desse trauma, dei overvintrar for ei lang tid. Og så vaknar dei igjen. Og artig nok, desse trauma vakna på Island. Mens eg var i Beirut trudde eg ikkje eg hadde slike minne, men kroppen min hugsa dei.

Å lure verkelegheita

– Desse barna tek eit stort ansvar for foreldra eller søskena sine.

– Vel, eg har aldri tenkt slik på det.

Maarouf er høfleg, ser til sides, før han held fram.

– Det får meg til å tenkje på noko, og kanskje er ikkje dette det rette svaret. Men da eg var barn, på grunn av den verda eg levde i, så måtte eg ta ansvar. Mor mi var veldig streng med oss, vi skulle vere ansvarlege, både med pengane våre, kleda våre, alle slags ting. Du må også hugse på at tida med krig tok frå oss kjensla av tryggleik. Det vart verre og verre og verre, og til slutt følte vi ikkje noko. I det daglege livet prøvde vi berre å finne ein måte å leve på i nettverket av brutalitet, vald, og væpna menn. Uansett kor gammal du var, så måtte du vere ansvarleg, seier han.

– I boka så er kanskje dette ansvaret hos barna ein måte for dei å lure verkelegheita. Dei insisterer på å eksistere. Dei vil ha ei stemme, ta ordet. Dei er ikkje hjelpelause eller offer. Dei er produkt av krigen og valden, og bidreg òg til krigen og valden.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også