Les alt for bare 10 kr!

Tenking slik det ser ut i mitt hovud

Det er berre å gjere seg klar: Ida Lødemel Tvedt kjem med bok, og ho er smartare enn deg.

Publisert 09. mars 2019

– Eg møtte ham på ein bar i Brooklyn, over to år før Trumps valkampanje, altså før alt-right vart eit allment kjent fenomen. Eg hadde ikkje høyrt om bevegelsen før. Han var nok ingen sentral aktør, men skrytte av at han blogga for diverse alt–right–heimesider og påstod at han var sitert i Anders Behring Breiviks manifest, under pseudonym. Eg likte han.

– Men kva fekk deg interessert i han?

– Han var smart og morosam og retorisk slagkraftig, men også heilt koko og blenda av konspirasjonsteoriar.

Ida Lødemel Tvedt fortel korleis ho begynte å intervjue mannen som heiter Sebastian. Det var slikt ho gjorde på den tida. Ho ville leve seg inn i ulike livssyn som påsto å forklare alt.

Å kikke bak sløret

Denne veka debuterer ho med boka Marianegropen, som eg først trudde var ei essaysamling. Men forlaget kallar det eit essay i 43 akter, og Lødemel Tvedt vil at dei ulike delane skal kallast for kapittel. Ho seier at boka eigentleg skulle heite Syndebukksymposiet.

– Eg tenkte på ho som eit slags drikkegilde for folk og idear som ikkje passa inn i mitt eige syn på verda.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også