Les alt for bare 10 kr!

Når skiljet mellom jobb og fritid forsvinn

I designbyrået Eggs gjer leiinga sitt beste for at dei tilsette skal trivast. Kommentator Emil Boss ser mange fordelar, men åtvarar mot at den moderne bedriftskulturen gjer det vanskeleg å vere kritisk.

Publisert 06. mars 2019

– Jobb og fritid flyt saman. I dag skal ein ikkje berre ha smør på brødet, ein skal utvikle seg fagleg og menneskeleg, seier Ulla Sommerfelt, konsernsjef for Eggs.

Når klokka nærmar seg fire på fredag, sit det mange arbeidarar og trippar etter å komme seg heim. Slik er det ikkje i den mellomstore bedrifta Eggs Design. Her blir dei tilsette gjerne sitjande utover for å ta seg nokre glas med kollegaene sine.

–  Kulturen her er det som skil denne arbeidsplassen frå andre. Eggs-folka har teke meg imot på ein fantastisk måte. Her er alle venner på ein naturleg måte, seier William Chaumeton.

Spelekveld

I kveld er det Nerds night på Eggs. Dei tilsette finn fram den barnlege gleda du får når du slår ein kollega i eit tv-spel frå 90-talet. Slike sosiale arrangement er ikkje uvanleg i denne bedrifta. For Sommerfelt stoppar ikkje omsorga for dei tilsette her.

– Trivsel handlar om det psykososiale arbeidsmiljøet. Pingpongbord er fint, men det er ikkje nok. Ein må gå lenger og legge til rette for compassion, eller medkjensle. Det blir ikkje heilt det same på norsk, seier Sommerfelt.

Sommerfelt må hente omgrep frå familiesfæren for å forklare korleis bedrifta fungerer.

– Dialog er viktig for oss. Kvar tilsett har ein personalleiar og ein fagleiar. Vi tullar med at desse er mor og far. Far skal utfordre deg til å komme deg opp igjen når du snublar, medan mor kjem med trøyst og plaster.

– Når forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar er nært, kan det vere vanskeleg å kome med kritiske innvendingar. Kva gjer de for å unngå dette?

– Vi har medarbeidarundersøkingar kvar veke. Dei tilsette svarar på fem spørsmål. Såleis gjer vi dei moglegheit til å gje leiinga tilbakemeldingar. Viss det er noko gale, prøver vi å ta tak med ein gong.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også