Les alt for bare 10 kr!

Forfattaren som forsvann

Har du høyrt om Magnhild Haalke? Ho var kritikarrost og kjend i si samtid, men hamna på den lange lista over gløymde forfattarar.

Publisert 21. februar 2019

– Kvifor ho forsvinn? Det er underleg. Ho skreiv 19 romanar og fekk jamt god kritikk frå dei seriøse kritikarane i dei store avisene, seier Magnhild Folkvord.

Magnhild Haalke var ein bestseljar i si samtid. Bøkene hennar vart omsett til fleire språk og debuten fekk heile to omtalar i New York Times. I dag er ho eit ukjent namn for dei fleste.

– Ho fortener å bli synleggjort.

Namnesyster Magnhild Folkvord har skrive biografi om forfattaren som debuterte då ho var 50 år. På det tidspunktet hadde Haalke 28 år bak seg som lærar, noko ho heldt fram med i fleire år.

– Haalke hadde nok medvit om at ho skulle bli noko spesielt. I eit intervju etter andre boka, seier ho «gi meg tid til mitt store arbeid», då er ho enno lærar, men veit at det er kunstnar ho vil bli.

Debut

Forfattar blei ho. I 1935 kom debutromanen Allis sønn ut. Boka handlar om guten Elling som er full av underlege spørsmål og farlege påfunn. Mora Alli fortvilar over å ha ein son som skil seg ut. Det gjer livet vanskeleg for Elling som endar opp med å drepe veslesøstera si.

Romanen hausta gode meldingar. Ei av dei kom frå Kristian Elster i Aftenposten som skreiv at boka er «livets tragedie – slik det alltid vil forekomme og alltid har hendt og den er fortalt med livets egen røst, sant uimotståelig. Den slags bøker blir alltid aktuelle». Sigrid Undset vart så begeistra for boka at ho tipsa sin amerikanske føreleggar og sytte for at boka kom ut i USA.  

Allis sønn er ei fantastisk barneskildring. For meg er Elling ei kunstnarspire, som då han lagar enderim på Fader vår. «Fadervår, du som rår – nå er det vår» seier han medan mora høyrer det og blir forskrekka og sint. Du må ikkje gjere slik, det er farlig! seier ho. Eg tykkjer det er godt observert, det er jo slik born gjer, dei leiker med ord og rim.

Barnetematikken passa godt i tida som bar preg av tankane til Freud om å sjå til barndomen for å forstå vaksenlivet. Det kreative sinnet til Elling fekk mange til å lure på kven som hadde inspirert ho til å komme opp med denne karakteren.

– Folk lurte på kven som var modell for karakteren Elling. Då ho vart spurd, svara ho at det kunne vere min mann eller eg, vi har jo begge bore på kunstnardraumar. Mannen til Haalke heitte Hjalmar Haalke og var anerkjent kunstmålar.

Haalke si djupe innsikt i barnesinnet  kom ikkje frå boklærdom.

– Ein skulle tru ho hadde lese Freud eller studert psykologi, men det hadde ho ikkje. Ho hadde observert borna gjennom lærargjerninga si.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også