Les alt for bare 10 kr!

Sjelas veksthus

Du har kanskje ikkje visst det, men biblioteket er ein hjelpemiddelsentral, ein spegel og ei bok. Og formidling i bibliotek er litteraturvitskap i praksis.

Publisert 14. februar 2019

Landets største formidlar av litteratur og bøker, er biblioteka. Du finn dei overalt, i kvar kommune, på skolar, i kjøpesenter og kulturhus. Kanskje til og med i ein buss eller om bord på ein båt. Biblioteket er ein av dei institusjonane i samfunnet som det store tverrsnittet av folket bruker. Vi har alle gått inn i eit, lånt bøker og levert for seint.

Men kva kan litteraturen fortelje oss om biblioteket?

Reservoar av tankar

Dette uvante spørsmålet har Kjell Ivar Skjerdingstad og Åse Kristine Tveit stilt seg i boka Biblioteket i litteraturen, ei samling artiklar om kva biblioteket er og kan vere. Skjerdingstad er professor og Tveit er førsteamanuensis, begge ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag på OsloMet - storbyuniversitetet. Vi møter dei i bygget med det kryptiske namnet P48, der morgondagens bibliotekarar blir utdanna.

Begge to blir først stille da eg spør kva litteraturen kan fortelje oss om biblioteket.
– Mykje, bryt Tveit så ut.
– Og kanskje noko anna enn det bibliotek- og informasjonsvitskapen kan fortelje. Det er eit stort reservoar av tankar og opplevingar, samband og samanlikningar med bibliotek som ligg i litteraturen. Fagfeltet har ikkje brukt dette reservoaret til å definere seg sjølv eller kva eit bibliotek kan vere.

Foucault og spegelen

Biblioteket dukkar ofte opp, både i litteraturen og i film. Ofte er det ein kvinneleg bibliotekar som hysjar, eller hyllemeter på hyllemeter med bøker. Korleis ser biblioteket ut i litteraturen?
– Klisjeen er jo den tanta som står der, svarar Tveit.
Dei har i boka vore meir opptatte av institusjonen og staden, og kva som skjer der. Og der er det eit rikt materiale som er mindre prega av klisjear.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også