Gjev plaga flyktningar pusterom

Ole Lars Strønen planla alt nøye. Han pensjonerte seg frå rektorjobben og blei frivillig flyktninghjelpar på Lesvos. Norsk organisasjon har sendt nær 6.000 hjelparar til Hellas.

Reportasje

– Etter det som skjedde i 2015 blei det klart, eg ville gjere ein innsats for dei som må leggje ut på flukt, forklarar Ole Lars Strønen og kler på seg ein gul refleksvest som har ein stor, blå vassdråpe på ryggen.
– Kva skjedde i 2015 som bevega deg så sterkt?
– Det blei trekt ei grense rundt Europa, gjerder kom opp, og me sa at menneskeverdet hadde ulik verdi.
– På kva måte?
– Me såg berre grupper me ikkje ønskte hit, til Europa, ikkje dei mange individa som trong hjelp.
– Kvifor valde du å reise hit til Lesvos?
– Eg spurde kvar det var best bruk for meg.

Overfylt mottak

I 2015 kom vel ein million flyktningar og migrantar til Europa. Heile 500.000 kom i land på den greske øya Lesvos, som ligg svært nær kysten av Tyrkia.

Så kom avtalen mellom EU og Tyrkia i mars 2016. Han strupte flyktningtrafikken over Middelhavet til Hellas. Nesten.
Hellas har gått frå å vere eit transittland til å bli ein provisorisk bustad for titusental av flyktningar. Ved årsskiftet husa det drygt 71.000 flyktningar og migrantar, nesten 57.000 i leirar på fastlandet og nesten 15.000 på øyane tett inntil Tyrkia.

Grensekontrollane ut av landet er strengare enn nokon gong. Men medan vegen vidare nordover i Europa langt på veg er stengt, kjem nye båtlaster med flyktningar til Hellas. Til Lesvos.

Nesten 7.000 flyktningar er stua inn på det overfylte statlege mottaks- og registreringssenteret på øya. Her er levekåra svært dårlege. Difor har frivilligorganisasjonen Dråpen i Havet opna eit senter i landsbyen Moria, som ligg ved senteret.

Difor er Ole Lars Strønen frå Os i Hordaland i Moria. Han jobbar som frivillig på Drop Center.

Tilbyr fristunder

– Ole her, velkomen.
Strønen strekkjer fram handa til mannen som har funne vegen opp trappa, til husværet som for ein time blir klasserom for ei gruppe menn som lærer engelsk.
På Drop Center støttar Strønen opp om undervisninga, av barn, tenåringar og vaksne kvinner og menn.
– Eg har eit langt yrkesliv i skulen bak meg, dei 25 siste åra som rektor, fortel Strønen.
I tre veker er han frivillig på senteret. Reisa til Lesvos har han sjølv betalt, akkurat som rommet på hotellet han bur på. Måltida må han også syte for sjølv.
– Men dette kostar meg lite, for eg opplever å få hjelpe til med noko som er særs viktig.
– Kva?
– Eg får vere med å skape fristunder frå eit vanskeleg leirliv.
Den røynde læraren og skuleleiaren seier desse fristundene er viktige:
– Me møter barn, tenåringar og unge menn som verkar å vere tøffe, men bak framtoninga er dei skjøre, for dei er slitne av eit liv i uvisse.
Ein etasje ned, i det gamle bakeriet i Moria, er det også klart for undervisning. Inn døra veltar ein flokk barn. På timeplanen står det engelsk – språket som trengs for å klare seg betre som flyktning i Europa.
– Dei som kjem hit for ein time eller to får lære, lese, spele, le, ja, ganske enkelt gjere noko anna, noko som er langt meir lystig enn dagane i Moria-leiren, seier Angelika Sogn, koordinator i Dråpen i Havet.

Ut over undervisning, tilbyr senteret sykurs og kafé for kvinner.

Verva støttespelarar

Alt starta på ein seinsommardag. 21. august 2015 var Trude Jacobsen eigentleg på ferie på øya Chios, nær kysten av Tyrkia. Bak rattet i leigebilen kjørte ho forbi ei mor som sleit seg mot registreringssenteret, 70 kilometer unna, leiande på ei dotter, berande på ein son. Men bilen var allereie fylt opp med syriske flyktningar som trong skyss etter at dei hadde kome i land i Hellas: «Å måtte velge ut noen få som skal få hjelp, av så uendelig mange som trenger det, er både vondt og hjerteskjærende, men likevel så utrolig mye mer meningsfullt enn å ikke gjøre noe», skreiv Jacobsen ned etter opplevinga.

Åtte dagar seinare kom ho til øya Lesvos – etter ein tur heimom Norge. Før Jacobsen reiste, oppretta ho ei gruppe på Facebook slik at vener og familie kunne følgje med: «Navnet var valgt fordi jeg tenkte at med så mange mennesker som trenger hjelp, vil mitt bidrag være lite og nesten ubetydelig, som en dråpe i havet.»

---

Dråpen i Havet

  • Etablert i 2015, først som ei Facebook-gruppe, så som ein organisasjon.
  • Er finansiert med gåver, pengar frå faste gjevarar og innsamlingsaksjonar, hadde i 2017 samla inntekter på 6,1 millionar kroner, har som strategisk mål å «Være best i Norge på innsamling i sosiale medier».
  • Starta med å møte flyktningar som i 2015 og 2016 kom i gummibåtar til dei greske øyane nær Tyrkia-kysten.
  • Driv i dag aktivitetssenter fire stadar i Hellas, tre på fastlandet og eit på øya Lesvos, driv særleg med opplæring men har også senter for gravide og småbarnsmødrer, vaskeri, sykkelutleige og DropShop, eit eige konsept for distribusjon av klede, sko og utstyr.
  • Har fått to prisar: Norske Helter 2015, Årets Initiativ, delt ut VG, TVNorge og Gjensidigestiftelsen og Volunteers Award 2015, delt ut av University of Aegean og FNS høgkommissær for flyktningar (UNHCR).
  • Kom til finalen i Årets sosiale entreprenører 2017.

---

Verva støttespelarar

Alt starta på ein seinsommardag. 21. august 2015 var Trude Jacobsen eigentleg på ferie på øya Chios, nær kysten av Tyrkia. Bak rattet i leigebilen kjørte ho forbi ei mor som sleit seg mot registreringssenteret, 70 kilometer unna, leiande på ei dotter, berande på ein son. Men bilen var allereie fylt opp med syriske flyktningar som trong skyss etter at dei hadde kome i land i Hellas: «Å måtte velge ut noen få som skal få hjelp, av så uendelig mange som trenger det, er både vondt og hjerteskjærende, men likevel så utrolig mye mer meningsfullt enn å ikke gjøre noe», skreiv Jacobsen ned etter opplevinga.

Åtte dagar seinare kom ho til øya Lesvos – etter ein tur heimom Norge. Før Jacobsen reiste, oppretta ho ei gruppe på Facebook slik at vener og familie kunne følgje med: «Navnet var valgt fordi jeg tenkte at med så mange mennesker som trenger hjelp, vil mitt bidrag være lite og nesten ubetydelig, som en dråpe i havet.»

Sterke menneskemøte

Omtanke, nestekjærleik og viljen til å hjelpe har fødd hjelpeorganisasjonar før.
I 1937 skipa den britiske krigsreporteren John Langdon-Davies organisasjonen Foster Parents Plan for Spanish War Children etter sterke møter med barn under den spanske borgarkrigen. Langdon-Davies starta med å gje mat, husly og utdanning til spanske barn.

I dag kjenner me organisasjonen som Plan International, som driv bistandsarbeid for barn i over 50 land.

Måtte tilbake

– Dette er mitt femte opphald i Hellas for Dråpen i Havet. Eg kom første gongen som frivillig i 2015, gjekk strandvakter, speida etter båtar og hjelpte i land dei som kom frå Tyrkia.
Angelika Sogn er halvt gresk, halvt norsk. Ho vaks opp i Hellas og flytta til Norge som 17-åring. Då tilstrøyminga til Lesvos og dei fire andre øyane nær Tyrkia-kysten skaut i veret i 2015, reiste ho til sitt andre heimland for å hjelpe.
– Eg berre måtte, seier ho.
Talet på flykningar til Lesvos fall, få båtar kom til øyane. Sogn reiste heim til Norge. Miljøterapeuten fekk seg fast jobb, kjøpte seg bustad, prøvde å slå seg til ro.
– Men eg klarte det ikkje. Eg måtte tilbake hit, så i fjor haust var eg igjen på plass på Lesvos.
I dag jobbar Angelika Sogn som koordinator i frivilligorganisasjonen Dråpen i Havet. Ho tek hand om dei mange som melder seg til teneste på Lesvos.
– Me starta som ein organisasjon for norske frivillige, men i dag er fleirtalet frå andre land, seier Sogn og peikar på ein spanjol, ein tysker, ein brite og ein amerikanar som gjer seg klare til stabsmøte i rommet der det nyleg var engelskundervisning for unge menn.
Eit A4-ark på ei oppslagstavle på Drop Center viser statusen på hjelpearbeidet på Lesvos i dag: Ei stor forsamling små og mellomstore organisasjonar, fleire av dei skipa som følgje av flyktningtilstrøyminga i 2015. Nesten 80 er lista opp. Ein av dei er Dråpen i Havet.

Turistar blei hjelparar

Hjelp oss!
Varselropet lydde 30. mai 2015. Ordføraren på Lesvos ba nasjonale styresmakter om hjelp. Så å seie dagleg kom det hundretal båtflyktningar til øya, frå Tyrkia.
Forskarane Ioannis Armakolas og Dimitris Skleparis har sett nærare på den humanitære krisa som utspann seg på Lesvos då øya blei transittland for ein enorm folkestraum. Skleparis arbeider ved University of Glasgow og Armakolas ved Universitetet i Makedonia i Thessaloniki i Hellas.
Forskarane seier at både greske styresmakter og dei store internasjonale hjelpeorganisasjonane reagerte for seint. Sistnemnde fordi dei trudde Hellas som EU-land ville klare å handtere tilstrøyminga sjølve. Greske hjelpeorganisasjonar var også seine, for dei var i hovudsak opptekne med hjelpeprogram på fastlandet som følgje av den økonomiske krisa som hadde fillerista Hellas.

Den store utfordringa er å få koordinert hjelpearbeidet

—   Hanne Haaland, bistandsforskar ved Universitetet i Agder

Resultatet blei at det poppa opp med ad hoc-hjelparar sommaren og seinsommaren 2015, og at det mellom desse var mange lokale frivillige – og turistar. Som norske Dråpen i Havet.
Først utpå hausten 2015 festa dei nasjonale og internasjonale organisasjonane grepet om hjelpearbeidet på Lesvos, og frå januar 2016 blei greske styresmakter særleg synlege, fortel dei to.

Ny bistand

Bistandsforskar Hanne Haaland frå Universitetet i Agder (UiA) har sidan 2016 sett nærare på den nye typen bistand, pop-up-organisasjonar. Dette er organisasjonar som er tufta på at einskildpersonar engasjerer seg for å møte akutte kriser, som flyktningtilstrøyminga til Europa i 2015.
– Kva finn du?
– Fleire har ikkje livets rett medan andre gjer ein uvurderlig innsats.
På Lesvos i dag ser Haaland at dei store internasjonale hjelpeorganisasjonane i hovudsak har trekt seg ut. Tilbake står dei mange pop-up-organisasjonane som blei til i 2015.
– Den store utfordringa er å få koordinert hjelpearbeidet, både mellom organisasjonane og mellom organisasjonane og greske styresmakter.
UiA-forskaren ser at ikkje alle organisasjonane på Lesvos evnar å arbeide side om side.
– Me finn døme på sterk konkurranse, ja, på rivalisering om kven som gjer «det gode».

Lever på gåver

Eit fellestrekk er svært synleg, organisasjonane er folkefinansierte. Dei lever utelukkande på innsamla gåver, faste gjevarar og definerte aksjonar.
– Finansieringa er sårbar, for gjevarviljen kan svinge, og gjevarar kan gå lei, seier Haaland, og legg til:
– Resultatet er at dei som skal hjelpast blir dei mest sårbare.

Gjennom feltarbeidet på Lesvos ser forskaren at nokre organisasjonar som starta som pop-ups evnar å ta viktige steg over tid. Dei blir meir profesjonelle, og med det meir lik dei store hjelpeorganisasjonane dei var eit alternativ til.

Tydelege vaktbikkjer

Bistandsforskaren ser at pop-up-organisasjonar har ei viktig rolle:
– I motsetnad til dei store internasjonale hjelpeorganisasjonane som ofte må følgje både interne og eksterne retningsliner for kva som kan framførast av kritikk, har pop-up-organisasjonane langt større spelerom - og dei fyller rolla som vaktbikkje svært godt.

Når Ole Lars Strønen tek av seg den gule refleksvesten og reiser heim, skal alle få høyre korleis afghanarar, irakarar, syrarar og vestafrikanarar blir behandla i Moria-leiren.

Finansieringa er sårbar, for gjevarviljen kan svinge

—   Hanne Haaland, bistandsforskar ved Universitetet i Agder

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje