Les alt for bare 10 kr!

Ein gresk tragedie

Vona er asyl i Europa. Røynda blir eit liv i uvisse på ei gresk øy. Vårt Land har vitja leiren som husar nesten 7.000 asylsøkjarar.

Publisert 02. februar 2019

Regnet hamrar på plasttak, på presenningar, ned i grusen, samlar seg i veksande bekkar. På vegen ned olivenlunden leitar dei opp nye leier.

Vatn renn inn over alt. Dei som held hus under slitne presenningar blir våte til skinnet. Dei som bur i utette brakker, må ause ut vatn. Soveposar blir våte, klede likeeins. Brød blir til svampar.

Vervarselet seier meir regn i morgon. Og i dagane som kjem.

Det er vinter på Lesvos.

Velkommen til Moria, Hellas' største mottaks- og registreringssenter for asylsøkjarar.

Eit gammalt fengsel bygd for å gje losji til 2.000 personar. Utvida til å huse 3.000. No er 5.000 stua inn bak gjerda som har piggtråd på toppen, soldatar i porten og politi som skal halde ro og orden. Inn bak piggtråden slepp ikkje journalistar.

Storparten bur i kvite brakker, av typen Isobox. Med vinterregn og ingen varme blir dei til det asylsøkjarane kallar «isboksar». Innimellom brakkene står det telt, og inne i fleire telt nye telt. Væta skal haldast ute og varmen inne.

ANNONSE
«Latifa» har seks søner. Tre kom seg til Tyskland i 2015. Saman med dei tre andre har «Latifa» flykta frå Afghanistan til Hellas. Mannen blei drepen i heimlandet.
ANNONSE

Isboksar

Fordi senteret er sprengt, blir nye asylsøkjarar plasserte i teltleiren på utsida av senteret, i olivenlunden. Her bur opp mot 2.000.

– Eg bur i ein Isobox, saman med 13 andre. Min plass er akkurat så stor at eg får lagt ut teppet mitt på golvet, seier «Reza» og rissar opp plassen med hendene. Som er kalde.

– Me har ikkje noko varmekjelde i brakka. Mange har ikkje det.

Mannen fortel han har flykta frå Iran og søkt asyl i Hellas. «Reza» er namnet Vårt Land har gjeve han. Han og alle dei andre me snakkar me vil ikkje bli identifiserte. Rykta seier at folk som klagar kan bli sendt tilbake til Tyrkia, eller bli luka ut av asylsøkjarbunka.

Rykte svirrar lett i Moria. Presis informasjon er vanskeleg å oppdrive.

Lege har gjeve meg ein diagnose, og eg har fått ein resept. Men eg har ikkje råd til medisinen eg treng.

Ned - opp

I 2015 kom det drygt ein million flyktningar og migrantar til Europa. Flest kom i armadaer av gummibåtar til dei greske øyane som ligg nær kysten av Tyrkia. Berre på Lesvos steig svimlande 500.000 personar i land. Herfrå tok dei seg til fastlandet i Hellas og vandra nordover, inn i EU.

Så, i mars 2016, signerte EU og Tyrkia ein avtale. Tyrkia skal stoppe alle som prøver å ta seg illegalt til Hellas - og dei som klarar å ta seg over det smale Mytilinistredet skal sendast tilbake til Tyrkia, om dei ikkje innfrir krava til å få opphald i Hellas.

EUs betaling til Tyrkia er raus, tre milliardar euro.

Marsavtalen blei ein suksess, for EU-landa. Tilstrøyminga av asylsøkjarar og migrantar stupte. Fluktruta aust i Middelhavet blei stengt. Nesten.

I fjor blei omslaget tydeleg. Talet på menneske som klarte å ta seg til Kos, Leros, Samos, Chios og Lesvos i gummibåtar gjekk opp, opplyser UNHCR, FNs flyktningorganisasjon.

I 2018 blei eit betre år for menneskesmuglarane i Tyrkia. Drygt 72.000 personar prøvde å krysse havstykket mellom Tyrkia og Hellas. 40.000 blei stoppa tyrkisk kystvakt og politi.

I 2017 kom 29.700 illegalt til fem greske øyar. I fjor kom det nesten 3.000 fleire. Hellas må bere asylbyrdene til EU.

ANNONSE
Mor «Latifa» og hennar tre søner har omsider fått eit tett telt i Moria-leiren. Det er bygd med samanraska plankar, pallar, papp, tepper og presenningar.

Sjuk

– Kom inn.

Afghanske «Latifa» kom i august. Ho helsar velkomen inn under den merka presenningen. Tolv gylne stjerner i sirkel på blå bakgrunn. Supplert av orda «EU Humanitarian Aid». 

Døra, ein blå søppelsekk, blir dregen til sides. Inn i mørket. Inn i lukta av sur, våt ved, samla i skogen. Rundt omnen fire menneske.

Ei lommelykt blir tent og hengt opp i taket. Skuggar dansar langs veggane. Lufta er tett. Familien på fire flytta nyleg frå eit telt utan platting. Her rann vatnet gjennom når det regna. No sit dei på trepallar, dekte med pledd. Reisverket er samanraska materialar, isolasjonen er utbretta kartongar med fem bokstavar på. UNHCR. Ytterveggar og tak; plast frå EU Humanitarian Aid.

– Eg er sjuk. Eg har sterke smerter i kroppen. Lege har gjeve meg ein diagnose, og eg har fått ein resept, fortel «Latifa» og finn fram dokumentet frå eit plastomslag. Viktig å verne viktige papir i dette klimaet.

– Men eg har ikkje råd til medisinen eg treng. Eg får berre beskjed om at eg kan gå ned til Mytilini og kjøpe han på eit apotek, men eg har ikkje dei pengane.

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også