Eit anna menneske

I ein månad drøymde Preben Hodneland at han vart drepen kvar einaste natt. Det har sett seg som eit traume i kroppen.

Min tro

– Eg hugsar frå eg var ganske liten at eg kunne be til Gud. At eg følte det kunne hjelpe.

Vi møter han «heime» – altså på teateret. Preben Hodneland søv i leilegheita på Grünerløkka, men et som oftast frukost, middag og kveldsmat på Det norske teatret. Skodespelaren skulle eigentleg hatt to fridagar no, innimellom førestellingar, men her er han likevel. Heime, på jobb.

Han har nettopp fortalt om mormor og morfar, som kunne ta med han og tvillingsystera i kyrkja på søndagar og som lærte dei å synge for maten.
– Det gjorde vi veldig ofte. Vi hadde nokre etiske reglar heime. Ikkje banne, ikkje misbruke Guds namn. Særleg saman med mormor, seier han og smiler svakt.

Av og til ba han til Gud om å få ei ny leike. Andre gongar ba han Gud passe ekstra på nokon som trengde det.
– Eg forsto plutseleg, som ganske liten, at det kanskje var nokon der ute som lytta og som kunne hjelpe.

Meir komplisert

I desse dagar står han på scena som Terje Rød-Larsen i stykket Oslo, som hadde premiere 11. januar. Stykket, skrive av ein amerikansk dramatikar, er eit forsøk på å skildre korleis forhandlingane mellom Israel og Palestina kan ha gått føre seg i Oslo i 1993. Til trass for fleire prisar internasjonalt, har stykket fått variert mottaking i Noreg.
Hodneland kallar Oslo veldig unorsk, sjølv om det paradoksalt nok har ein norsk tematikk. Allereie i tenåra engasjerte han seg i konflikten i Midtausten.
– Ein kan ta okkupasjonen og sjå på det som enkel matematikk. Men det er ein grunn til at konflikten er så uløyseleg. Det er fordi den er mykje meir komplisert enn ein trur.
Han vil ikkje involvere seg politisk og ta side i saka, men tykkjer det er interessant å lære om den. Han tek seg sjølv i å bli litt irritert på teatermeldarar som kallar stykket ein historietime.
– Vi har ikkje noko historietimeansvar. Oslo-avtalen er berre eit rammeverk for ei forteljing om nokon som vil gjere verda til ein betre stad.

Barnetru

Hodneland vaks opp på Lindås utanfor Bergen, med mor, far og syster – og heile storfamilien i nærleiken. Alle besteforeldra budde i kommunen, i tillegg til mesteparten av dei 19 syskenborna.
Far dreiv ein bilopprettings- og lakkeringsverkstad, som far hans hadde starta. Mora jobba i kommunen.

Som liten gjekk Hodneland på søndagsskule og barnesonglaget i den lokale kyrkjelyden. Seinare tok Max-klubben over, der dei åt skiver med nugatti og laga forskjellege ting, samtidig som dei høyrde på andaktar og fekk besøk av misjonærar.
– Det var ikkje eit stort val å vere med på alt. Det var ein del av bygdesamfunnet, fortel han.

Han har si barnetru, «kva no enn det betyr».
– Barnetrua er vel det ein er lært opp til. Eg vart lært opp til å synge for maten, til å be til Gud, lært opp i bibelhistoria, før eg kunne ta mine eigne val. Det handla om å sosialisere seg. Og det vil alltid henge med meg, uansett korleis eg vrir og vender på det no.

Som tenåring konfirmerte han seg i Lindås kyrkje og tykte det var stas. Han tykkjer det er bra at konfirmasjonen finn stad i 14-15-års alderen. At ein må ta valet på nytt.
– Sjølv om valet ikkje nødvendigvis får så store følgjer i dag, så handlar det om å ta eit standpunkt. Eg tykkjer folk skal tenke, at dei skal ha ei meining.

---

Preben Hodneland

  • Fødd 15. juni 1986.
  • Frå Lindås utanfor Bergen.
  • Tidlegare tilsett som prosessteknikar på Mongstad.
  • Gjekk på Teaterhøgskulen frå 2011 til 2014.
  • Debuterte med rolla som Trille i Vaffelhjarte ved Den nationale scene i Bergen i 2014. Har sidan spelt i mellom anna fleire Shakespeare-stykke og vunne Hedda-prisen for si rolle i musikalen The Book of Mormon. Han har også hatt roller i fleire spelefilmar.
  • Er no aktuell i rolla som Terje Rød-Larsen i eit stykke om Oslo-prosessen ved Det norske teatret.

---

Eg føler eg veks så ekstremt som menneske ved å jobbe som skodespelar

—   Preben Hodneland

Frå kjemi til kunst

Dei som kjenner han godt, kallar han ærleg og direkte. Det var ikkje nødvendigvis berre positivt då han byrja på Teaterhøgskulen i Oslo i 2011.
– Eg kunne vere veldig ryddig og ordentleg, ga lite plass til det emosjonelle. Så eg måtte tilpasse meg litt. Kanskje eg også måtte jekke meg litt ned.

Etter vidaregåande, utdanna han seg innan kjemiske prosessfag. Deretter fekk han læreplass på Mongstad og tok fagbrev innan prosessindustri. Snart hadde han eiga leilegheit, bil og jobba skift.
– Så skjøna eg vel etter kvart at: Her kan eg bli i 30 år, eller så kan eg gjere noko anna.

Plutseleg går lyset av i skodespelarfoajeen.
– No vert vi kasta ut.
Han smiler og reiser seg. Når sensoren ved døra fangar opp den lange, hengslete skikkelsen, kjem lyset på att. Han slår lett ut med armane.

Som 18-åring vart han med i ei lokal revygruppe på Lindås. Deretter gjekk det veldig fort. På dagtid studerte han fysikk og kjemi, resten av tida sto han på scener i heimbygda og i Bergen. Så, etter ei stund, kom ei god venninne inn på Teaterhøgskulen.
– Det opna opp for at det var ei reell moglegheit. Så då byrja eg å satse litt på det, utan å snakke så høgt om det.
Han hugsar at han sat på jobb på Mongstad og sjekka når resultata av opptaksprøvene vart offentleggjorde. Etter tre forsøk, kom han inn.
– Kan du sakne ditt tidlegare arbeidsliv?
– Nei, svarar han kontant.
– Eller. Eg kan av og til sakne rutinane. Sjølv om ingen arbeidsdag var lik, hadde det ei valdsam rutinekjensle. Alt hadde eit rett eller feil svar, det tynga ikkje så mykje mentalt. Det er nok den største forskjellen. Som skodespelar vert ein sliten på ein annan måte.

Hamlet

I 2017 spelte han Hamlet, ein av Shakespeares aller mest kjende karakterar. Han kallar opplevinga livsforandrande.
Historia dreier seg om Danmarks kronprins, Hamlet, som vender heim etter studiar, der han oppdagar at faren har blitt drepen av bror sin. Hamlets onkel har sidan gifta seg med enka, Hamlets mor, og har dermed røva til seg trona.
Hodneland set frå seg kaffikoppen, lener seg framover.
– Hamlet må forstå alt som er av samfunnsstruktur og hierarki. Han må forstå om det han gjer er rett eller gale. Er det riktig av han å dømme denne forferdelege onkelen? Kanskje han berre skal døy sjølv? Gjer han alt dette for sin eigen del, eller er det for far sin? Hatar han mor si, eller har han berre problem med kvinner generelt?

Skodespelaren følte han heile tida måtte revurdere kva han hadde lært. Måtte stadig konfrontere seg sjølv med eigne tankar.
– Eg føler eg veks så ekstremt som menneske ved å jobbe som skodespelar.
– Korleis vart livet annleis etter Hamlet?
– Ein stor del av livet mitt er jobb og måten eg jobbar på endra seg drastisk etter Hamlet. Stefan Larsson ga oss fridom og spelerom til å kunne gå inn i det ekstreme og verkeleg undersøke kor langt ein tør å la tankane til Hamlet gripe fast i ein. Det er så djupt eksistensielt. Eg føler det har gjort meg til eit betre menneske, å gjere den rolla.
– På kva måte?
– Det er vanskeleg å forklare. Det er den kjensla eg sit att med. Ein lærer så mykje om seg sjølv av å spele Hamlet, på godt og vondt. Eg trur det gjer ein både sterkare og audmjuk.

---

4 raske

  • Gud er: Det du vil han skal vere.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Almanakken min.
  • På min gravstein skal det stå: Takk for meg.
  • Boka alle må lese: Forbrytelse og straff av Fjodor Dostojevskij.

---

Dødsangst

Lyset går av igjen. Hodneland reiser seg fort, går ein runde, lyset kjem på. Det er blitt rutine no.

Han fortel om draumen han hadde, ein månad i strekk, då han spelte Hamlet. Den byrja alltid med at han hadde heile familien og nære vener rundt seg. Så vart dei drepne. Deretter byrja jakta på han. I panikk prøvde han å kome seg unna. Men draumen enda alltid med at han vart drepen sjølv. Kvar natt, i ein månad.
– Sjølv om det berre var ein draum, kjende eg på ekstrem dødsangst. Når eg snakkar om den, kjenner eg at hjartet byrjar å hamre, seier han og dunkar seg på brystkassa med den eine knyttneven.
Han føler det har sett seg som eit traume i kroppen, men han er ikkje så oppteken av å finne ut nøyaktig kva draumen betyr.
– Eg trur mykje av det handla om at eg var redd. Redd for å ikkje vere god nok. Ikkje nødvendigvis som skodespelar, men som menneske. Gjer eg det riktige no, er eg verdig?
Det er slikt ein kan tvile på når ein har det kjipt, trur han. Det var ikkje alltid like lett å leve i Hamlets hovud.

Opne dører

«Preben har ein utmerka kombinasjon av scenisk intelligens og eit sterkt indre liv», har den svenske regissøren Stefan Larsson sagt. Dei to jobba saman då Hamlet vart sett opp på Den nationale scene i Bergen, og no med stykket Oslo.
– Han er god med ord, seier Hodneland om regissøren når han får høyre skildringa av seg sjølv.

32-åringen trur den rause karakteristikken kjem av den samansette yrkeserfaringa hans.
– Sjølv om teateret skal vere heilt fritt, har det nokre faste ting. Du må forstå korleis du kan stå i eit rom, kvar lyset er i forhold til deg sjølv, korleis du vel å posisjonere deg ovanfor ein du skal vinne over. Det er scenisk intelligens, som kan vere knytt til den rasjonelle sida ved meg.

I tillegg kjem evna til å gå inn i omstende som ein kanskje ikkje opplever til vanleg.
– Det kan tvinge deg til å opne dører i deg sjølv som du ikkje har lyst til å opne opp, seier skodespelaren.

Mørkt

Seint i tenåra auka interessa hans for politikk, og Hodneland var fast bestemt på å melde seg ut av kyrkja og bli humanetikar. Rota til alt vondt er religion, tenkte han, berre sjå på alt som skjer i verda.
– Sånn tenker eg ikkje no. Men eg hugsar at det var ei stor vending privat. Eg hadde ikkje behov for å skrike ut om det ved middagsbordet heime, men det var eit personleg oppgjer eg måtte ta.

Han melde seg aldri ut og er framleis medlem av Den norske kyrkja.
– Gjekk opprøret over?
– Det har vore ein prosess som har gått i mange, mange år. Eg stiller meg sjølv spørsmål og er open for å ombestemme meg heile tida.

Han er blitt veldig oppteken av å ikkje vere prinsippfast.
– Nokon vil kanskje meine at du då mistar karakter, men eg tenker at det å ha evne til å endre meining eller tenke nytt, gir deg meir karakter.
Om han skal skrive med hard skrift, som han seier, er han ikkje-truande. Men han tek seg sjølv i å be til Gud når det går ekstra hardt føre seg i livet. Eller når han føler for å sende ut eit «takk».
– Inst inn må eg kanskje ha ei tru på at det eg ber om når fram til nokon. Elles hadde eg ikkje gjort det. Kanskje denne Gud høyrer meg også, sjølv om eg ikkje trur på absolutt alt rundt han.
Det er ofte mørkt når han ber, natt. Det han ber om, er djupt privat og ikkje noko han deler med andre.
– Det er nesten noko spanande ved det. Det vert som ein slags siste utveg og eg har ikkje noko å tape på å gjere det.

Lyset går av.
– Sjå, eit teikn, seier 32-åringen og reiser seg.

Sjølv om det berre var ein draum, kjende eg på ekstrem dødsangst

—   Preben Hodneland

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Min tro