Sår song om revolusjonen

Revolusjonen skulle skape eit kommunistisk mønstersamfunn på USAs dørstokk. 60 år seinare strevar Cuba med å halde det økonomiske håpet oppe. Kyrkjer ber om betre kår for tru.

Reportasje

Trioen under treet på torget i verdsarvbyen Trinidad var barn då revolusjonshelten dei syng så sårt om kom til Cuba, den argentinske marxisten Ernesto Guevara. Best kjent som Che:

«Me lærte å elske deg/frå dei historiske høgdene/der strålane frå ditt mot/kringsette døden»

– Du kjenner han kanskje, seier Gusto, Alberto og Margarito om den melankolske songen som lyder utanfor museet som er av det uvanlege slaget

- Det nasjonale museet for kampen mot kontrarevolusjonære bandittar.

– Det er Carlos Pueblas «Hasta Siempre, Comandante». Til evig tid, kommandant.

Songen er eit svar til avskilsbrevet Che Guevara etterlet seg til det cubanske folket då han i 1965 reiste frå øya for å ta revolusjonen til nye land. Først Kongo, så Bolivia. Utan å lukkast.

Geriljahær

Che Guevara kom sjøvegen til Cuba, rett før jul i 1956, saman med brørne Fidel og Raul Castro. Dei gjekk opp i fjella og bygde opp ein geriljahær. 1. januar 1959 kom dei ned til byane, og jaga den USA-støtta diktatoren Fulgencio Batista ut av landet.

Dei fleste har skrota kommunismen. Men fem land held framleis fast; fire i Asia og eitt i Amerika. Kina, Nord-Korea, Vietnam, Laos - og Cuba.

No i januar feirar den karibiske øystaten at revolusjonen har overlevd. I 60 år. Men, vedgår Cubas sterke mann, pensjonert president Raul Castro, kvardagslivet er barskt:

– Me treng først og fremst å redusere alle ikkje-naudsynte utgifter og å spare meir, sa han i talen på 60-årsmarkeringa.

87 år gamle Raul Castro har framleis det særs mektige vervet førstesekretær i Kommunistpartiet.

Jaktar varer

Cuba gjekk inn i revolusjonsjubileumsåret med ei særs tung bør, sviktande økonomisk vekst. For dei tre pilarane nasjonaløkonomien kviler på, står ikkje støtt. Inntektene frå sukker, nikkel og turisme sikrar berre ein vekst på 1 prosent i 2019.

– Sjå berre i daglegvarebutikkane og på marknadane, sjå kor lite som blir bydd fram for sal.

Luis livnærer seg som drosjesjåfør i hovudstaden Havanna, og kan fortelje om eit kvardagsliv som handlar om å jakte varer som ikkje finst. Som ris, mjøl og egg.

Statens spareprogram, seier mange cubanarar, minner om dei president Fidel Castro rulla ut i starten på 1990-talet. Etter at Sovjetunionen blei demontert og sendt på historias skraphaug, fall Cubas BNP med 35 prosent.

Revolusjonstru

Akkurat som for snart tre tiår sidan, er hesten svært synleg når det kjem til trekkraft og transport. For best av alt; han går ikkje på bensin. Etter at Venezuela måtte slutte å sende rause båtlaster med olje til Cuba, har hesten på nytt kome til sin rett.

Dagens cubanske president, den første sidan 1959 som ikkje heiter Castro, seier det slik på twitter:

– Den kubanske revolusjonen er uovervinneleg, han veks, han varer, skriv Miguel Diaz-Canel.

Cubas revolusjonsmarkering fall saman med at høgrepopulistiske Jair Bolsonaro blei innsett som Brasils president. Brasil følgjer dermed latinamerikanske land som Argentina, Chile og Peru – som alle har bytta ut venstreorienterte med klart høgreorienterte statsleiarar dei siste åra.

---

Kommunisme

  • Dei fleste har skrota kommunismen som politisk styringsideologi.
  • Men fem land held framleis fast, fire i Asia og eitt i Amerika: Kina, Nord-Korea, Vietnam, Laos og Cuba.
  • 1. januar var det 60 år sidan ein væpna revolusjon førte til at Cubas president, general Fulgencio Batista, blei styrta av revolusjonære rørsler.
  • Fremst i flokken av revolusjonære leiarar stod brørne Fidel og Raul Castro og Ernesto «Che» Guevara.
  • «Den cubanske revolusjonen» er i 60 år blitt brukt som terminologi av den pågåande realiseringa av sosiale og økonomiske program. I februar skal Cuba ha ei folkeomrøysting om ny grunnlov, som opnar for meir kapitalisme.

---

Eg har éin kjøpar, staten.

—   Bonden Ivan

Ny grunnlov

Om ein dryg månad, 24. februar, går cubanarane til urnene. Utkastet til ny grunnlov blir lagt ut til folkerøysting. Den gamle grunnloven er frå 1976, og blei til midt under den kalde krigen, då Sovjetunionen sto på Cubas side politisk og økonomisk.

Den nye grunnloven skil seg frå den gamle på fleire område. Akkurat som Kina og Vietnam skal Cuba no opne opp for meir kapitalisme. Grunnlovutkastet anerkjenner retten til privat eigedom, rolla som marknaden spelar, og utanlandske investeringar.

Men hovudmålet er framleis å kome fram til eit kommunistisk samfunn, og det politiske systemet skal vere sosialistisk – og berre eitt parti skal vere lovleg: Kommunistpartiet.

Heime-hotell

Rafael i kystbyen Cienfuegos er mellom dei som har profittert på liberaliseringa av den cubanske økonomien som fann stad då Raul Castro overtok som president etter broren Fidel i 2008. Rafael er mellom dei mange som driv eit lite pensjonat; ein casa. Som konkurrent til dei statlege hotella har han bygd om heimen og har tre soverom for utleige - og om du spør, serverer han også middag, i tillegg til frukosten. Og han har «ein ven» som kan kjøre gjestene dit dei ønskjer neste dag.

– Eg har drive pensjonatet i tre år, og dette er god butikk. Me har gjester frå alle verdsdelar, men særleg mange frå Europa og USA, seier han stolt.

I 2010 fann Kommunistpartiet ut at dei trong økonomiske entreprenørar - og på åtte år har landet fått drygt 600.000 cuentapropistas; eller private næringsdrivande. Dei driv restaurantar, butikkar, verkstadar, venleikssalongar, frisørar, bakeri og barar. Dei pussar opp og leiger ut rom, eller gjer familiens bil om til taxi.

Frå desse får staten uhyre viktige skatteinntekter.

I snitt tener ein statstilsett 848 cubanske pesos i månaden, eller vel 290 kroner. Ein drosjeeigar med ein høveleg bil kan dra inn det tidobbelte. Carlos driv restaurant i gamlebyen i Havanna, svært nær hamna til cruiseskipa.

– Eg er son av ein fiskar, difor ønskte eg å opne ein fiskerestaurant. Då det blei mogleg. Når cruiseskipa legg til, er restauranten full.

Viktige hendingar i Cubas historie:

Sigarar

Med revolusjonen i 1959 kom nasjonaliseringa. I dag eig staten 80 prosent av landet, men det veikt mekaniserte landbruket klarar ikkje å brødfø nasjonen. Import blir løysinga.

Til å betale med får Cuba viktige inntekter frå eit landbruksprodukt: Tobakken. Statens monopolselskap Habanos leverer dei verdskjente, handrulla sigarane frå Cohiba, Montecristo and Partagas. Takka vere godt sal til særleg Kina, sette Habanos salsrekord i 2017; 500 millionar dollar.

Sigarar har vore Cubas signaturprodukt heilt sidan Christopher Columbus steig i land og såg urfolk røykje handrulla tobakksblad. Han kom i 1492.

Den beste tobakken kjem frå Viñales, vest på Cuba. Her kultiverer rundt 2.000 sjølveigande bønder tobakksgardar slik at den høge kvaliteten på sigarar ikkje skal forsvinne i ei røyksky.

– Eg produserer rundt 500 kilo tobakksblad av beste kvalitet årleg, fortel ein av dei, Ivan.

Familien har eigd garden i fire generasjonar, så han høyrer til dei som slapp unna statens lang arm for 60 år sidan. Men Ivan kjenner likevel staten godt.

– Eg har éin kjøpar, staten. Habanos kjøper 90 prosent av avlinga.

Resten sel Ivan til turistar som finn vegen innom garden. Ti handrulla sigarar for 20 konvertible pesos, eller 20 amerikanske dollar. Det blir ei fin attåtinntekt av slikt.

Ateistisk stat

Høgt over hovudstaden Havanna ruvar han, Kristus. Marmorstatuen stod ferdig oppreist 24. desember 1958. Ei veke seinare var revolusjonen eit faktum. Fremst stod to som var døypte som katolikkar, og utdanna av jesuittar. Fidel og Raul Castro. Snart snudde dei seg mot kyrkja, som på Cuba betydde den katolske. Resultatet av den kyrkjefiendtlege politikken var at Cuba blei erklært å vere ein ateistisk stat.

I 1992 forsvann den statusen, og i 1998 gjesta pave Johannes Paul II øystaten. Etter hans besøk blei jul offentleg høgtid, og etter pave Benedikts besøk i 2012 blei påske det same. I dag er den katolske kyrkja den største ikkje-statlege organisasjonen på Cuba.

60 prosent av eit folketal på 11,2 millionar er døypte i kyrkja.

Likekjønna ekteskap

Saman med andre kyrkjeleiarar har kubanske biskopar uttrykt sterk motstand mot å godta utkastet til ny grunnlov i éi sak: Likekjønna ekteskap.

Biskopen av Santiago de Cuba, Dionisio García, har i det oppheta ordskiftet kalla homofile ekteskap for «ideologisk kolonialisme»; eit «påfunn som kjem frå dei rike landa». Fremst i kampen for likekjønna ekteskap, står nasjonalforsamlingsrepresentanten Mariela Castro, dotter av eks-president Raul Castro, som saman med broren Fidel arresterte og internerte både prestar og homofile i tiåra etter revolusjonen.

I 2010, åtte år før han abdiserte, ba Fidel Castro om orsaking for uretten som homofile måtte lide.

Til sist bøygde Kommunistpartiet og president Miguel Diaz-Canel av. Paragrafane som ville ha opna for likekjønnet ekteskap, blei fjerna frå grunnlovsutkastet som folket skal røyste over i februar. Presset frå særleg evangeliske kyrkjer blei for sterkt.

Statleg truskontroll

I ei anna grunnlovssak står også kyrkjeleiarar saman. Dei krev sterkare vern av retten til å tru og utøve religion i den nye grunnloven.

Men krava er blitt møtte med auka overvaking og sterkare trakassering, melder den internasjonale vakthunden, Christian Solidarity Worldwide (CSW) i 2018-rapporten for Cuba.

Både katolske og protestantiske kyrkjeleiarar melder om besøk og møter med tryggingspoliti og representantar frå Kommunistpartiet – som melder at dei held kyrkjene under oppsikt, skriv CSW.

Det er kyrkjene som blei etablerte på Cuba etter 1959 som strevar hardast med den statlege kontrollen, og som må leve med fleire restriksjonar. Mellom desse er det flest evangelikale. Dei blir tolererte, men ikkje anerkjende.

– Møtelokale deira kan bli øydelagde, og leiarane arresterte, seier Michael Mutzner til Christian Post. Han er talsmann for World Evangelical Alliance.

I februar røystar cubanarane fram ein ny grunnlov, som på papiret sikrar retten til tru og utøve religion, seier U.S. Commission on International Religious Freedom. Men i praksis blir retten innskrenka av andre lover - og av Cubas Kontor for religiøse spørsmål.

Til evig tid

Under treet på torget i Trinidad tonar siste vers ut:

«Me skal halde fram/som me følgde deg då/og med Fidel seier me til deg/Til evig tid, kommandant».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje