Les alt for bare 10 kr!

Knausgårds kamp med Gud

Gjennom store delar av forfattarskapen er Karl Ove Knausgård i samtale med Bibelen og kristen tru. Han tek ut avstand, men stirer mysteriet i kvitauget.

Publisert 20. desember 2018

Dersom du tek Bibelen ut av bokhylla, opnar han og les dei første sidene, er det godt mogleg at du les ein tekst som Karl Ove Knausgård har vore med på å omsette til norsk. Forfattaren som nyleg fylte femti år, og som det seinaste tiåret har gjort verdsomspennande suksess med gigantverket Min kamp, har sjølv skrive seg inn i kategorien verdslitteratur. Kanskje er det ikkje så rart at nettopp Knausgård også er ein av dei tolv skjønnlitterære forfattarane som har vore med på å gi ny norsk språkdrakt til Bøkenes bok.

Småkjettersk

Knausgårds språkfaglege arbeid med Bibelen føyer seg til eit forfattarskap som i stor grad interesserer seg for bibelske tematikkar og spørsmålet om Gud. Dette blei særleg tydeleg då han kom med romanen En tid for alt (2004), som blant anna blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. 

I romanen skildrar Knausgård tre viktige bibelske personar: Kain, Noa og Esekiel. I tillegg utformar han ein småkjettersk teologi om englane, der han gjennom si gullkanta legering av essayistikk og romanforteljing dreg oss med gjennom historia om englane – frå Edens hage og fram til måkane langs sørlandskysten i vår eiga tid.

Bibelkunnskapen og innlevingskrafta som skal til for å skrive ein roman som En tid for alt, er stor. Knausgård skriv om Kain som drep bror sin, han skjer over strupa på han med ein kniv. Han skriv om Noa som står i båten og ser babyen dei seglar ifrå, ein av mange som snart skal komme til å drukne. Han skriv om den visjonære, nærmast galne, profeten Esekiel. Og alle desse bibelske skapnadene trer fram for oss i kjøt og blod.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også