Les alt for bare 10 kr!

Grunnvatnet

Det handlar om å vere medmenneske, seier Inger Bråtveit. Det handlar om å halde seg sjølv og dei rundt seg flytande.

Publisert 06. desember 2018

Eg plumpar uti med ein gong.

Inger Bråtveit gir tydeleg beskjed om at dette er ho ikkje einig i. Ho er aktuell med romanen Dette er også vatn, ei bok som forlaget kallar «ein hybridroman der personlege ­hendingar, essayistiske refleksjonar, dokumentarisk stoff og dikting vert blanda saman på nye og overraskande måtar». Mitt første spørsmål er om boka handlar om å vere mor.

Bråtveit sukkar. Og så seier ho at jo, det handlar om å vere mor.
– Men det handlar like mykje om å vere søster, om å vere ­dotter. Eg vil seie at det handlar om å vere menneske. Om å vere utlevert til forskjellige forhold.

Ho stoppar opp før ho held fram.
– Eg håper at det som blir opplevd som privat og sjølvopptatt, kan følgje lesaren ut i verda. Det er eit felles grunnvatn i oss alle.

Les alt frå Bøker her

ANNONSE

Blikk utover

Dette er også vatn er tidvis både personleg og ­privat. Men Bråtveit seier ho er litt redd for ordet «privat».
– Eg har sett enkelte kalle boka mi for dagboksnotat. Eg er samd i at det er personleg, og det begynner i det heimlege. Men sjølv om det startar der, er det er ikkje nødvendigvis privat.

Bråtveit har rett i dette, for boka snur og vender på seg heile tida. Teksten hoppar frå å handle om å vere i hus med små barn, til å skildre krigen i det tidlegare Jugoslavia. Bråtveit seier ho har prøvd å skrive om menneske som har vore gjennom nokre av dei største storpolitiske hendingane i verda.
– Eg skriv òg om ulykka med ubåten Kursk. Kvifor har eg brydd meg om dette? Det var i den perioden Putin vart sett inn som president. Etter denne ulykka skjønte Putin kva for makt media hadde, og han begynte å legge dei ned. Så ulykka med Kursk var eit vendepunkt.

Bråtveit seier det er eit humanistisk prosjekt å trekke denne hendinga inn i romanen.
– Sjølv om vi lever i oljeglatte Noreg, så er vi naboar til Russland. Eg ønskjer å rette blikket utover. Utover det som du kallar privat.

Felles vatn

– Tittelen på boka er Dette er også vatn. Og boka held seg heile tida til det våte elementet. I kristendommen er vatn eit sterkt bilde. Kva er det med vatnet? Kvifor er du så tett på det her?
– Vi begynner jo alle i mors liv, i fostervatnet. Vi er avhengig av vatnet. Og mennesket består stort sett av vatn.

Bråtveit kjem sjølv frå Suldal, ein av dei største vasskraft­kommunene i landet, med Nord-Europas største kraftverk.
– Eg har tenkt på kva det er som er felles for oss alle. Svaret er vatn. Det er guddommeleg for nokon, eit privilegium, og så sjølvsagt for andre.
Men i boka skriv Bråtveit òg om å ligge i havet og kjenne på naturens krefter: «Så kva var eg redd for? Eg var redd for ikkje å vera budd når kreftene tok tak. Eg var redd for ikkje å halda ut.»

– Dette er ein redsel som burde slå inn hos alle, seier Bråtveit. 

– Det handlar om å vere noko for andre. Og samtidig halde fast i seg sjølv. Det handlar om å vere medmenneske, om å halde seg sjølv og dei rundt seg flytande.

Inger Bråtveit

Født 1978

Debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord

For hennar andre roman, Siss og Unn, vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen, berre 30 år gamal. 

I haust er ho aktuell med romanen Dette er også vatn.

ANNONSE
– Eg vil ut av heimen, sjølv om eg er fanga i han. Eg prøver å spegle livet ut ifrå andre og større ting rundt meg, seier Inger Bråtveit.

Det å få barn kan få oss til å opne blikket mot verda

Blikket på barnet

Eg prøver å komme tilbake til der eg starta: Å spørje om denne boka handlar om å vere mor, eller forelder. I haust har det vore diskutert om det er ei barsel- eller fødselsbølge i litteraturen. Eg spør Bråtveit kva det gjer med oss å bli forelder? Kvifor er det interessant litterært?

Ho svarar med eit langt tja.
– Ein ønskjer djupast sett å vere ein ansvarleg forelder, held ho fram. 

– Men ved å bli mor eller far så får ein restarta blikket. Både på sitt eige barn, og kven ein var som barn sjølv. Ein ser med nytt blikk på kva privilegium ein har i denne delen av verda.

Så stoppar Bråtveit opp.
– Nei, eg veit ikkje, seier ho så. 

– Eg veit ikkje om det er ­interessant litterært.

Etter ei lita pause, held ho fram igjen:
– Det å få barn handlar om noko som er likt for mange ­menneske over heile verda. Men det skjer på ulike måtar for oss alle. Eg håper jo at det å få barn, det å leve med barn, at det kan få oss til å sjå betre og tenke betre. Det kan få oss til å opne blikket mot verda. Då eg fekk barn, kjende eg ei rørsle den andre vegen, at blikket ville lukka seg frå verda. Det syntest eg var både interessant og skremmande.

Å halde seg flytande

På omslaget er det ei kvinne med bade­drakt og badehette. Og hovudpersonen i Dette er også vatn vil heile tida ut og svømme. Ein stad står det at å svømme liknar på å skrive og å lese. Men kanskje er det like mykje eit bilde på å bli kasta ut i livet, ut i det ein ikkje kan styre?
– Ja, det handlar om å halde seg flytande, å vere levande, seier Bråtveit. 

– For meg er det svømming. For andre kan det vere å gå på ski, eller å binde fluger. Det handlar om å finne eit rom. Om å leve med det som ein ser ein ikkje kan gjere noko med. Avmakta i verda.
– Kva betyr det å svømme for deg?
– Eg var odelsjente på ein gard, og måtte stå opp klokka sju, og eg jobba og jobba. Det å bade vart sett på som ein luksus. For meg er svømminga ein fristad, mitt eige rom. Kanskje handlar det om å ta tilbake det som vart sett på som unyttig som barn. Det som vart stengt av frå meg.

Bråtveit undrar på om svømminga gjer verda hennar større.
– Det er ein ekstra dimensjon for meg. Og eg har tenkt: Kva er det som skjer med meg i vatnet?

Heimen og verda

Når ein les Dette er også vatn, er det vanskeleg å komme utanom at boka òg er eit skrift om å skrive. ­Eller om det å halde fast i skrivinga når livet er vanskeleg. Eg spør Brå­tveit om kor personleg denne boka er.
– Den er så personleg som eg nokon gong har våga å vera, svarar ho. 

– Det har vore store kostnadar bunde til å skrive dette fram. Mange ting i boka er destillat frå mitt eige liv. Men det er litteratur, òg.

Ho seier ho har fundert på korleis menneska rundt henne vil reagere på det ho skriv.
– Kva er det etiske i dette. Å få seg til å sjå heile bilde, og likevel skrive om ein liten del. Korleis blir verkelegheita da?
– Du har fleire litterære førelegg, samt at du hentar inn ting frå verda utanfor deg sjølv. Kvifor har dette fått så stor plass i denne boka?
– Eg vil ut av heimen, sjølv om eg er fanga i han. Eg prøver å spegle livet ut ifrå andre og større ting rundt meg. Eg har vakse opp med at sjølv om det er travelt, så skal ein lese aviser, følgje med, bry seg om samfunnet rundt deg. Sjølv om du er frå ein liten plass og verda synest langt vekke, så skal ein halda seg interessert og oppdatert om verda utanfor. Elles blir verda avgrensa. Eg seier ikkje at det vesle livet ikkje er stort, men vi lever ikkje i eit vakuum. Livskjensla er forskjellig i oss alle, og bøkene eg bruker i Dette er også vatn er dosar av medisin for meg.

Smertepunkt

På slutten av boka, skriv Bråtveit: «Eg tenkjer på kor umogleg det er å henta fram språket bak språket, andletet bak maska, jenta bak kvinna, mora bak dottera, fordi det alltid er fleire menneske i og bak eit såkalla eg.» Har ho prøvd å utforske kor umogleg dette prosjektet er?
– Ja, det har vore veldig vanskeleg å finne ein form på dette her, svarar ho. – Å halde denne boka flytande, å få alle delane med i eit større spel og akseptere at det er slik. Eller at det er slik òg, som Vesaas sa.
Bråtveit spør seg sjølv kva det er ho vil seie ved å skrive om smertepunkta i sitt eige liv.
– Det handlar kanskje om at mine eigne smertepunkt kan gi ei kognitiv innsikt. Men når du skriv om deg sjølv, rører smertepunktet ofte andre. Og slik er livet òg, at uansett kor aleine ein kjenner seg, så lever ein saman med andre. Ein begynner i det personlege når ein strekk seg ut mot det offentlege.

Les også