Les alt for bare 10 kr!

Skriv for å leve

Maria Kjos Fonn skulle ynskje ho kunne tilgi dei som har gjort henne vondt.

Publisert 29. november 2018

19 år gamle Maria sit i St. Olav domkyrkje i Oslo. Det er gudsteneste. Ho har kome hit ofte den siste tida.
Ho ser ut vindauga, på snøen som lavar ned. Plutseleg får ho tåkesyn. Alt er uklart og det kjennest som ei sterk kraft kjem inn i rommet. Noko slår henne i bakken, men held henne fast på same tid.
Ho tenker: Oi, kva var det der?
– Eg veit at slike opplevingar kan forklarast på mange ulike måtar, og det varierer korleis eg tolkar akkurat det som skjedde. Men opplevinga har kanskje prega meg meir enn eg trur, seier ho.

Første roman

Maria Kjos Fonn frys. Fotografen har tatt bilete av henne ute i minusgradene, og ho fann ikkje vottar og hue på veg ut døra heime. No sit vi i bibliotekbaren ved Hotell Bristol, midt i Oslo. Av og til kjem det kalde gufs frå døra. Ho legg den svarte jakka si over fanget som eit pledd.

Dette året har vore spesielt. I april ga 28-åringen ut sin første roman, Kinderwhore, som ho har brukt tre år på å skrive. «Mange har skrevet godt om at det er forjævlig å være ung. Men få har gjort det bedre enn Maria Kjos Fonn», skreiv meldaren i VG.
Sidan har Fonn bidrege til mange intervju og arrangement for å promotere boka. På toppen kom Bragepris-nominasjonen i haust.
– Over all forventning, seier ho sjølv.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også