Du grøne, ­glorete jul

Då Helge Skodvin­ køyrde forbi ein ­liggande, oppblåsbar nisse på Nannestad, måtte han stoppe 
og ta bilete.

Reportasje

– Eg byrja å legge bileta ut på Facebook, og eg fekk veldig mykje respons på dei. Det var eit sug der ute etter at nokon måtte vise fram denne typen jul, seier fotografen Helge Skodvin, som er kjend som Santa Skodvin blant vener i førjulstida.

Nyleg kom boka Deilig er jorden, full av Helge­ Skodvins fotografi frå kjøpesenter, bilbutikkar, rådhus, kontor og industriområde rundt om i landet, supplert med tekstar av Frode Grytten.

Gislar av jula

Det heile starta då Skodvin hadde henta familiens nye bil i Oslo for fem år sidan og skulle køyre heim til Bergen. Den oppblåsbare nissen på Nannestad fanga merksemda til den mangeårige fotografen.
– Ein slik nisse brukar å stå oppreist, men denne hadde lagt seg nedpå. Eg vart nysgjerrig, seier han på telefon frå Vestlandet.

Oppblåsbare snømenn, med og utan luft. Juletre i alle fargar og materialar. Frisørar i julestrømpekostyme. Ei peparkakeboks på eit tomt møterom. Dataskjermar omringa av glitter. Ein bil med gevir.

Bileta til Skodvin er ærlege, direkte, ofte tekne med blits.

Som fotograf er han oppteken av å ­observere korleis det ser ut i landet vårt. Vise fram kvardagslandskapet som sjeldan blir fotografert, men som dei fleste lever liva sine i. Gjennom å fotografere landet i adventstida ville han vise fram avstanden mellom den idealiserte «nek og dompap-jula» og røynda.

– Når det nærmar seg jul og vi ser 
TV 2-reklamene om julegraut, med store stabbur og trebord med 25 forskjellege middagsrettar ... Det er ei jul som mange ikkje har.

Alle blir på ein måte haldne som gislar av jula, meiner han. Fotografen ville ­dokumentere at det også kan føre til mange­ ­absurde og surrealistiske situasjonar.

---

Aktuell bok

  • Deilig er jorden
  • Bok med bilete av Helge Skodvin og tekst av Frode Grytten.
  • Bileta er tekne i førjulstida i Noreg frå 2013 til 2018.
  • Flamme forlag

---

Raude strømper

Han har vore innom alle kjøpesenter sør for Steinkjer dei siste fem åra. Då slo det han: Alt er så likt.
– Det er ei slags uniformering av jul. Det verkar som det går litt på autopilot.

Når han derimot besøkte mindre kjøpesenter, der det ikkje er ei eiga marknadsavdeling, kunne kreativiteten blant dei tilsette kome meir til sin rett.

– Eitt av mine favorittbilete i boka er frå Sirkus shopping i Trondheim. Der var det nokre på ein damebutikk som hadde pynta med juletre, og under treet stikk det ut ­nokre bein med raude strømper, seier han og humrar.

Han er også begeistra for ein frisør­salong i Bergen, der frisørane kler seg ut i julekostyme kvart år. Dei dukkar opp fleire plassar i boka.

Samtidig er han klar på at han ikkje ynskjer å ironisere med bileta sine. Han vil ikkje le av nokon.
– Dette er også mi jul. Eg har kone og tre barn og står midt oppi dette med begge beina.
Sjølv pyntar han ikkje med oppblåsbare nissar. Men Elvis Presley-julekula blir tatt fram kvart år.

Dette er også mi jul. Eg står midt oppi det med begge beina

—   Helge Skodvin, fotograf

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje