Les alt for bare 10 kr!

Snart kjem barnet

Advent er ventetid. Idun Moe (33) lurer ­utolmodig på kven jenta i magen er.

Publisert 30. november 2018

– Det er ganske mykje glede og forventning i det å vente­ på nokon. Særleg det å sjå fram til kven som er der inne, finne ut kva person det er. Og korleis ho blir saman med resten av familien.

Idun Moe sit på Tøyen, der ho er dagleg leiar for organisasjonen Attac. Bak henne i det gråbrune novembervêret, hoppar små og store barn på trampo­linen ved Tøyen skule.

Moe er gravid for andre gong. 19. februar neste år vert sonen­ på to år storebror til ei lita jente. På ein måte kjennest det tryggare denne gongen, sidan ho har vore gjennom eit svangerskap før.

– Samtidig veit vi jo ikkje korleis denne babyen er. Den kan vere heilt ulik storebroren, den kan få ein tøffare start. Dei får berre denne eine sjansen i magen før dei kjem ut. Mykje kan skje undervegs, seier ho.

Ingen idyll

I haust har det kome fleire skjønnlitterære bøker om det å vere gravid og få barn. Éin av dei er Barnet av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Ho var oppteken av å ikkje lage eit glansbilete av det å vente barn:

Å bære frem et barn er å forfalle, skjelettet ramler fra hverandre, bekkenet løsner, kroppen revner, det er å bli minnet om at jeg skal smuldre­ opp og bli til jord, det er å fremskynde prosessen.

– No, eitt år etter min andre fødsel er det lett å tenke: Det gjekk jo bra. Men eg vil ikkje idyllisere det. Eg vart ganske sjokkert første gongen, seier Skomsvold.

Det same vart forfattar Heidi Furre. Ho har skrive boka Dyret,­ som kom i haust.
– Eg trur alle som vert gravide,­ og som har vore friske heile livet, får eit sjokk. Ein blir gjort merksam på at ein faktisk er berre ein kropp, som ­plutseleg kan møte ein del smerter og plager. Ein får større respekt for dei som lever med sjukdom og smerte dagleg.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også