Skogen er eit grønt tempel

Det var eit lys over store og små i Hans Børlis dikting. Om ein månad ville poeten fylt 100 år.

Reportasje

– Hos Hans Børli tek naturen imot oss alle, akkurat som Gud, seier Adelheid Seyfarth Gulbrandsen.

Børli arbeidde heile sitt yrkesaktive liv som tømmarhoggar. «Skogens diktar» er i år blitt heidra gjennom ei rekke ulike arrangement knytt til 100-årsjubileet for fødselen hans. Sjølve datoen er neste månad, den 8. desember. Dette blir markert ei rekke stader, ikkje minst i Børli heimkommune Eidskog på Hedmarken, der også Seyfarth Gulbrandsen bur.

– Eg har alltid vore opptatt av å vere ein del av naturen, seier forfattaren som sjølv er aktuell denne månaden, men den nye romanen De fortapte.

– Men Børlis natur formidlar også sorg, smerte og harde levekår. Han skriv ikkje berre om den snille DNT-naturen. Gud fjernar ikkje all sorg og smerte. Nei, vi må leve i det, i naturen. Ta for eksempel Børlis forhold til jakt. Jakt er for Børli veldig smertefullt. I alt han skriv om jakt, finner du sorga over å drepe og øydelegge.

Gud og naturen

I eit av dikta sine, «Alt som er uten bilde», skreiv Børli:

Et menneske uten gudsfølelse - nei,
det tror jeg ikke eksisterer.

Når eg les dette for Adelheid Seyfarth Gulbrandsen, viser ho til Spinoza, og seier det ikkje trenger vere noko motsetning mellom panteisme og ein kristen Gud.

– Dette ser eg òg hos medmenneska mine her kor eg bur oppe i skogen. Dei har ei oppriktig gudstru, men òg eit realistisk forhold til naturen. Dei trur ikkje dei kan knipse i fingrane og få det dei vil ha av Gud. Det ligg ei erfaring her om at Gud er like lite snill som naturen. Naturen held på med sitt, og han gjer det ikkje på våre premiss.

Gulbrandsen er stille i nokre sekund, før ho held fram.

– Naturen sine vegar er uransakelege, lik Guds vegar. Den utsegna ville nok også Børli slutta seg til.

I alt Børli skriv om jakt, finner du sorga over å drepe og øydelegge.

—   Adelheid Seyfarth Gulbrandsen, forfatter

Skogens alter

Hans Børli vart ikkje sett på som ein religiøs diktar i si samtid, sjølv om poesien hans er full av religiøse referansar. Men det er òg sagt at han er ein av diktarane som blir oftast sitert av prestar. Tidlegare pilegrimsprest i Hamar bispedømme, Arne Bakken, har i ein artikkel i Nytt norsk kirkeblad skrive om det heilage rommet hos Børli. Han seier Børli er som ein liturg.

– Han bringer alt for eit altar. Alle levande møter opp hos Børli og blir sette i sentrum.

Bakken er opptatt av altaret som språkleg bilde i Børlis dikting. Han meiner at altaret hos Børli blir ein hyllest og takk til livet.

– Børli har sjølv spurt kvifor det var så lite lovprising i Den norske kyrkja. Kanskje det er derfor han bruker altarbilde så mykje, for å bringe alt saman. For han er altaret staden vi bringer alt til, der set vi alt saman for å forstå. Og naturen er altaret for han, heile året gjennom. Børli ser syklusen med alt som dør og står opp igjen, med haust, vinter, vår, og sommar. For han er det ei liturgisk handling som skjer i naturen.

Gudsteneste på trappa

I ein samtale Bakken hadde med dotter til Hans Børli, fortalte ho at faren hadde sagt at «det dypeste i menneskelivet er av sakral karakter». For Bakken viser denne utsegna at opplevinga av Gud og opplevinga av naturen var det same for Børli.

– Alt er symbol på den kosmiske venleiken, alt blir til meir enn berre det vi ser. Børli brukar dikta og naturen til å vekke oss, til å sjå at vi lever.

---

Hans Børli (1918-1989)

  • Norsk lyrikar kjent som «skogens diktar» og for sine folkekjære dikt. I dei første diktsamlingane sine skreiv han tradisjonalistisk, men gjekk seinare i modernistisk retning.
  • Børli fekk blant anna Kritikarprisen og var nominert til Nordisk råds litteraturpris.
  • Den 8. desember 2018 er det 100 år sidan Børli vart fødd.

---

Dette blir òg hans eiga trusoppleving, meiner Bakken. Børlis poesi viser fram nærværet av ei stille og av gåter. Dikta får oss til å sjå at alt er meir enn berre det vi ser ved første augekast.

– All religion begynner med undring over mysteriet i tilværet. Det er ei undring som ikkje åleine handlar om å undrast over det som går ut over naturens lover. Snarare er det undringa - som vi blant anna finn hos dei store mystikarane - over det vi faktisk veit og over at livet i heile tatt finst. Børli uttrykker på mange måtar undringa over det som berre er, seier Bakken.

– Ta for eksempel når han skriv om at han står på trappa og måker nysnø, kjenner kulda og høyrer dompapen. Dette blir som ei gudsteneste for han.

Eg ser at Børli har stridd med spørsmålet om Gud og tru.

—   Kamilla Thue, ordfører i Eidskog

Pilegrimsferd

Bakken er òg opptatt av vandringa hos Børli. Han meiner at diktaren såg pilegrimsferda i naturen. Hos Børli er sjølve kloden vår på ei pilegrimsferd, med haust, vinter, vår, dei ulike sesongane.

– Han bruker pilegrimsferda som eit bilde, seier Bakken.

– For eksempel skriv han at «veien til evigheten går over tunet heime». Og han skriv i eit juledikt om mora som går over gardstunet, og seier det er som å vandre til Betlehem. Han løfter opp det kvardagslege og enkle, og viser at små rørsler har symbol i seg.

Børlis lege

Ordførar i Hans Børlis heimkommune Eidskog, og leiar for Børlis 100-årsjubileum, Kamilla Thue, seier ho har eit nært forhold til diktinga hans så lenge ho kan hugse.

– Far min var lege for Børli på slutten av livet og var ein stor Børli-ven, så eg lærte tidleg å bli glad i Børlis poesi. Far døydde då eg var 15 år, så Børlis dikt får meg til å tenke på far. Det blir ekstra sterkt.

Thue seier det har vore ei gåve å få gå inn i Børlis dikt, og at ho opplever dei som meir relevante enn nokon gong.

– Eg har fått kjenne på kroppen at Børlis poesi seier noko om sjølve livet - og døden. Om det å stå utanfor. Børli seier noko om både sorg og glede. Eg kjenner meg igjen i dikta hans, dei får meg til å tenke på kven eg er og kvar eg skal i verda.

Utanfor det gode selskap

– Kva tenker du om det religiøse i dikta hans?

– Eg ser at Børli har stridd med spørsmålet om Gud og tru. I vaksen alder har eg tenkt meir om dette, og forstår at ein kan både tru og tvile på same tid. No i sommar heldt biskop Solveig Fiske ei nydeleg preike her med utgangspunkt i Børlis dikt.

Thue snakkar om ei festgudsteneste på Oppistun, husmannsplassen der Børli vaks opp, som vart feira i juli. Eg spør henne kva forhold folk flest i Eidskog har til Hans Børli no.

– Mange er veldig glade i Børlis dikt her, svarar Thue. – Og eg trur og håper at arbeidet med jubileet har gjort nye grupper kjent med og glade i Børli. Samtidig må vi erkjenne at han tidvis nok kjente seg utanfor det gode selskap då han levde her. Då er det ekstra sterkt at ungdomsskulen sette opp eit stykke basert på dikta hans for eit par år sidan. Det handla om mobbing og det å stå på utsida.

Ein ny generasjon

For mange er Børli ein forfattar som høyrer til ei verd med besteforeldre og skogsarbeid. Men med den nye litterære vendinga mot naturen, i kjølvatnet av den globale klimakrisa, har ein ung generasjon kanskje fått eit nytt forhold til poesiens hans? Forfattar Helene Guåker kjem frå Hedmark, og seier ho ikkje hadde noko forhold til Hans Børli før ho for nokre år sidan begynte på ein roman om skogen.

– Då eg skulle ha inspirasjon, tenkte eg: Kven er det som har skrive om skogen? Og då kom Hans Børli til meg. Eg fant fort fleire tekster, og kjente at det var meir der.

Guåker seier dikta vart som ei trøyst for henne.

– Børli har jo kvardagsfilosofiske tankar om det som kan bli så stort. Slike tankar som oppstår når ein går veldig mykje åleine i skogen.

– Kva tenkjer du om det religiøse i Børlis poesi?

– Eg er ikkje religiøs sjølv. Men då faren min døydde for fem år sidan, og presten kom på døra, så snakka vi om kva som skulle bli sagt i gravferda. Presten spurte kva forhold far hadde til religion og Gud. Mor svarte at far pleidde å gå ut i naturen. Far var ein kjenslevar type, det var mykje mørke og lys i han. Eg synest å sjå dette hos Børli, òg. Eg veit jo ikkje om verken far eller mor hadde noko forhold til Børli, men eg har alltid tenkt at det var sjølvsagt. Det er noko med Børli som ligg under alt.

Eksistensiell barnål

Det er eit dikt av Børli som Guåker trekk særleg fram:

Ei barnål i ene sokken min
vekker meg med et iltert stikk.  
– Dette er livet ditt!
Her går du midt i det,
– så lev for pokker.


– Det er dette eg meiner når eg seier at dikta hans er som ei trøst. Ofte er det vanskeleg å glede seg over det som er her og no, når det er så mange ting som truger i framtida. Så det er ei trøyst i å lese Børli. Eller ei påminning om å leve her og no. Kanskje er det han dreiv med i diktinga si det vi kallar «mindfulness» no?

Børli bruker jo fleire bilde og metaforar frå det kristne universet, blant anna det «uskapte lys». Dette er eit kjend språkbilde frå den mystiske tradisjonen.

—   Kjell Arnold Nyhus, prest og forfatter

Ein religiøs diktar

– Eg trur Hans Børli har vore utsett for noko av det same som Rolf Jacobsen, seier teolog og forfattar Kjell Arnold Nyhus.

Eg har nettopp fortalt Nyhus at min eigen far, som var hardbarka ateist, alltid heldt Børlis poesi høgt. Men når eg les Børli no, blir eg slått av kor mange kristne bilde eg finn i dikta hans.

– Profilgenerasjonen, som hadde så stor makt og definisjon, var ikkje i stand til å sjå at Jacobsen var ein religiøs diktar, seier Nyhus.

– Det same kan ein seie om Børli. Den generasjonen har ikkje greidd å sjå det mystiske i poesien hans.

Nyhus meiner at til dømes 1978-utgåva av Børlis samla dikt bortforklarar det religiøse i Børlis tekstar eller kallar dei religiøse innslaga for allmennreligiøse.

– Børli bruker jo fleire bilde og metaforar frå det kristne universet, blant anna det «uskapte lys». Dette er eit kjend språkbilde frå den mystiske tradisjonen.

Panenteist

Med si oppvekst i Eidskog, kom Børli frå ein pietistisk bakgrunn. Nyhus seier han fjerna seg frå den fjerne og klamme trua i skogane.

– Men eg trur likevel at trua er eit underliggande premiss hos han. Puritanisme og pietisme er bakgrunn for det han har skrive.

– Korleis ser du det kristne i Børlis poesi?

– Børli skriver jo om naturen som den store katedralen. Plasserer vi Børli teologisk, så vil eg seie at han er panenteist, og ikkje panteist.

– Hæ? Kva er skilnaden der?

– I panteismen kan vi enkelt seie at alt er Gud og Gud er alt. I panenteismen er det framleis eit skilje mellom skaparen og det skapte. Men Gud er likevel i alt. Hans nærvær er i alt.

Det heilage

Nyhus seier at hos Børli er det tinga, gjenstandane, lyset, som viser det heilage.

– Det er meir vanleg at det er mennesket som openberrar Gud og det heilage. Men hos Børli er det tinga. I eit av dikta så skriv jo Børli rett fram: «I tingene lengtet Gud inn lys og form.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje