Kampen om livet

Abortretten er under press i USA, delstatar strammar inn. Motstandarar vonar høgsterett skal overprøve 45 år gammal dom.

Reportasje

Namnet er av det anonyme slaget. Women's Health Center står det på skiltet. Murbygget er som ein bunkers. Få og små vindauge høgt oppe på veggen hindrar innsyn. Alle som går inn skal få vere i fred.

Kvinnehelsesenteret i Charleston er ein abortklinikk.

– Berre vent litt.

Ei metallisk kvinnerøyst fyller det vesle rommet innafor inngangsdøra. Ingen får stige vidare inn på venterommet før det er avklart kven du er.

– Kom inn, lyder det sprakande frå høgtalaren, pipelyden varslar at døra blir låst opp.

På venterommet sit sju kvinner og to par. Ingen snakkar, ingen brukar mobiltelefon. Ei kvinne og ein mann held kvarandre i hendene. Bak resepsjonistens glasrute svarar tilsette på innkomande telefonar. Mange ringjer.

LES MEIR: Ho gav amerikanske kvinner abort. Så blei ho abortmotstandar

Lukkar klinikkar

1.516 kvinner tok abort i West Virginia i 2015, opplyser Health Statistics Center, som har dei nyaste tala. 48 av dei var mindreårige.

Women's Health Center er West Virginias einaste abortklinikk. Fram til i fjor hadde delstaten to, men legen som dreiv Kanawha Surgicenter la ned og flytta til California. Han ville vere nærare barnebarna.

Halvveringa av aborttilbodet i den grisgrendte fjellstaten stadfestar ei nasjonal utvikling i USA. Talet på abortklinikkar går ned. I dag har 780 klinikkar opne dører, mot 851 i 2011, fortel Guttmacher Institute.

Sju delstatar i USA har berre éin abortklinikk. Fleire av desse kan bli stengde.

Er drap

Pastor Gary Pickens ønskjer at mange fleire blir lukka og låst:

– For abort er drap, ganske enkelt. Barnets liv startar når kvinna blir gravid. Vi kan ikkje gradere livet og seie at det startar når hjarta byrjar å slå, eller når det er så eller så gammalt. Livet er ukrenkjeleg, difor er abort drap.

Vi står i kyrkjerommet til Living Word Christian Center i Charleston, hovudstaden i delstaten som er svært homogen. Drygt ni av ti er kvite, vel sju av ti er kristne. Vi er i det amerikanske bibelbeltets utkant. Pickens kyrkje er medlem i konservative Assemblies of God, det største trussamfunnet innan pinserørsla i USA.

– Eg er ein konservativ evangelikal pastor som stør meg på Bibelen når eg forkynner synet på abort, seier Pickens, og avslører at han alltid stemmer på same parti når USA går til val.

– Eg er republikanar.

LES MEIR: 25 millionar farlege abortar

Prisar Trump

Pastoren er innom kyrkja for å ordne til sundagens gudsteneste. Han finn fram eit skriv som ønskjer alle nye som finn vegen til gudshuset ved elva, velkomne. Sjølv var han mellom dei mange evangelikale kristne som ønskte USAs 45. president velkomen:

– Donald Trump er ein god president, han er mot abort. Eg ber for han.

Pastoren forklarar at Trump lova - og har levert - to konservative dommarar til landets høgsterett som «kan gje foster endå større rettsvern enn dei har i dag», og at Trump fører ein politikk som «vernar liv»; presidenten vil kutte all offentleg støtte til klinikkar som utfører abortar.

Strammar inn

I år er det 45 år sidan USAs høgsterett gav alle amerikanske kvinner retten til å velje abort, i saka Roe versus Wade (sjå faktaboks). Men landet har ikkje éin nasjonal abortlov, for i 1992 sa høgsterett at dei 50 delstatane kan vedta eigne lover som avgrensar retten til sjølvbestemt abort.

Difor har USA 50 ulike abortlover i dag. Dei spenner frå liberale delstatar med ingen reguleringar til konservative som dei seinare åra har vedteke ei lang rekkje innskrenkingar i abortretten. Sidan Roe versus Wade i 1973 har delstatsforsamlingane i 29 delstatar klubba nesten 1.200 innstrammingar, viser Guttmacher Institutes kartlegging.

---

Val i USA

  • USA held val annakvart år. Sidan presidenten blir valt for fire år, gjeld mellomvalet Kongressen, guvernørar, delstatsforsamlingar og lokale val.
  • Nasjonalforsamlinga Kongressen har to kammer:
  • Representantanes hus med 435 medlemmer og Senatet med 100 medlemmer; senatorar.
  • Kvart andre år er alle medlemmane av Representantanes hus og ein tredel av senatorane på val. I gruppa av senatorar som er på val, er det 23 demokratar, åtte republikanarar og to uavhengige, som politisk ligger nærast demokratane.
  • Senatorane er valt for seks år og medlemmene av Representantanes hus for to år.
  • Kvar av USAs 50 delstatar har to senatorar og eit tal medlemmer i Representantanes hus som står i høve til folketalet.
  • I dag er 51 av senatorane republikanarar, medan 49 er demokratar eller uavhengige. Også i Representantanes hus har republikanarane fleirtal.
  • Valet er alltid første tysdag i november.

---

Siste stat ut er Iowa. I mai vedtok dei folkevalde den såkalla hjarteslagslova. Denne forbyr abort etter sjette veke; tidspunktet då ein kan konstatere hjarteslag. Lova er førebels den strengaste som er blitt vedteken i USA.

Sjette veke er før dei fleste kvinner veit at dei er gravide.

LES MEIR: Delstat vedtek stram abortlov

Veljarane avgjer

Ved mellomvalet 6. november skal tre delstatar også ha folkeomrøystingar om abort. I mars banka delstatsforsamlinga i West Virginia, der republikanarane er i klart fleirtal, gjennom ei lovendring som blir avgjort ved valurnene. Westvirginiarane skal seie ja eller nei til at lovverket skal utvidast med dette tillegget:

«Ingenting i denne lova sikrar eller vernar retten til abort eller krev finansiering av abort.»

Dei som støttar lovtillegget er svært nøgde, for all offentleg støtte til abort kan bli kutta. Motstandarane seier tillegget trugar retten til abort.

– Forslaget til innstramming av lovverket må avvisast. Retten til abort skal stå ved lag, urørt.

Eli Baumwell held kontor i Charleston. Juristen er politisk direktør i ein av USAs eldste borgarrettsorganisasjonar, The American Civil Liberties Union (ACLU), avdeling West Virginia. Dei seinare åra har ACLU arbeidd mykje med likekjønna ekteskap, LHBT-personars rett til adopsjon – og kvinners rett til abort.

– Vi må få folk i West Virginia til å stemme ved mellomvalet, for no står umåteleg mykje på spel, fortel Baumwell.

Er lovleg

På ja-sida meiner dei motstandarane overdriv. Antiabort-organisasjonen West Virginians for life gjev svar på tiltale:

– Abort vil framleis vere lovleg når lovvedlegget er vedteke. Det er midla frå skattebetalarane som skal vekk, retten til abort er sikra på nasjonalt nivå, melder organisasjon, som frontar Stem-ja-kampanjen i delstaten.

Tradisjonelt røystar berre kring 35-40 prosent av veljarane i delstaten i mellomvala. Folkeomrøystinga har fødd to kampanjeorganisasjonar som prøver å drive opp engasjementet.

I front for Stem-nei-kampanjen står abortklinikken Women's Health Center saman med ACLU og to organisasjonar som kjempar for retten til sjølvbestemt abort.

– Koalisjonen blei skipa for å stoppe eit farleg overgrep frå styresmaktene. Lovtillegget utelukkar eventuelle unntak for valdtekt eller når livet til mor er i fare. Det er for ekstremt. Difor pliktar vi snakke med veljarane i kvart hjørne av staten og hjelpe dei å forstå kvifor lovendringa er farlig og må stoppast, forklarar pressetalsmann Tim Ward i VoteNo.

I vekene fram til valet har VoteNo mobilisert frivillige som ringjer opp folk og ber dei registrere seg som veljarar, noko røystereglementet i USA krev, og ber dei same stemme nei til lovtillegget.

Staten betalar

Offentleg støtte til sjølvbestemt abort blei innført i 1993 i West Virginia. Den gongen var det demokratane som sat med fleirtalsmakta i delstatsforsamlinga. Dei fekk vedteke ein lov som sa at sjølvbestemt abort ikkje skulle støttast med éin offentleg dollar. Lova enda i retten, og til sist sa West Virginias høgsterett at lovverket skal sikre retten til sjølvbestemt abort, og at delstaten skal yte støtte til fattige kvinner som ikkje har eigne midlar til abort.

Difor har West Virginia brukt 10 millionar dollar på 35.000 abortar dei siste 25 åra. Det er denne offentlege støtta VoteYes vil ha vekk.

– Eg støttar dette kravet, og eg ber kyrkjegjengarane som kjem til Living Word Christian Center om å stemme. Men eg kjem ikkje til å fortelje dei kva dei skal stemme, for det vil berre skape splid i forsamlinga, forklarar pastor Pickens.

LES MEIR: Norge overtek amerikansk abortbistand

Moralsk spørsmål

Ein kort spasertur vest for pinsekyrkja stikk kyrkjetårna høgt i veret, Charlestons kyrkjekvartal er godt synleg. Her held dei fire store kyrkjene hus, metodistane, baptistane, katolikkane og presbyterianarane. Her møter Vårt Land to kyrkjegjengarar som er sterkt engasjerte i abortspørsmålet.

– Abort er ei sak mellom kvinna og Gud, og det er eit djupt moralsk spørsmål, som vil krevje mykje bøn, seier katolikken Jackie Lilly.

– Samd, seier presbyterianaren Mary Odin.

– Men eg brukar litt fleire ord enn Jackie, seier ho og forklarar at det er skilnad på abort og abort:

– Studentar som blir gravide med eit «uhell», og som får økonomisk hjelp av foreldre til å få abort, fordi det ikkje «passar med eit barn» no, er det enkelt å vere i mot. Men om vi snakkar om ei 15 år gamal jente som blir valdteken, så er ikkje det like enkelt å avvise.

– Så har vi dei tilfella der mors liv er i fare grunna graviditeten, og der konsekvensen kan bli at både mor og barn døyr, seier Jackie Lilly, og held fram:

---

Roe versus Wade

  • Retten til sjølvbestemt abort blei innført i USA i 1973, som følgje av ein dom i høgsterett.
  • Norma McCorvey, kjent under psevdonymet Jane Roe, saksøkte delstatsdommar Henry Wade i Texas for å ha nekta henne abort etter at ho blei gravid etter ei valdtekt. Saka blei til slutt avgjort i USAs høgaste domstol.
  • Høgsterettsdommen avkriminaliserte abort i USA, lovgjevinga i alle amerikanske delstatar som forbaud abort, måtte endrast.
  • I høgsterett stemte sju dommarar i favør av Roe, to var i mot.
  • I 1992 blei Roe vs Wade nesten overprøvd av ein ny høgsterettsdom, men eit knapt fleirtal, 5-4, nøgde seg med å seie at delstatane kan innføre eigne abortreguleringar, men ikkje forby abort.
  • Blir Roe vs Wade overprøvd, blir abort i praksis forbode i fire konservative delstatar, Mississippi, Louisiana, North Dakota og South Dakota.
  • I 2015 blei det registrert nesten 890.000 abortar i USA, melder Centers for Disease Control - 19 prosent av alle graviditetar endar med abort.
  • 90 prosent av abortane er i vekene fram til veke 12, 7 prosent i veke 14-20, 1 prosent i veke 21 og seinare.

---

– Skal vi redde eitt liv, moras, ved å ta abort, eller skal vi seie nei til abort og akseptere at begge døyr?

Lilly hellar til den første løysinga.

Katolikken og presbyterianaren er samde om ei anna sak: Begge kjem til å røyste nei til lovtillegget «Ingenting i denne lova sikrar eller vernar retten til abort eller krev finansiering av abort».

– Lovtillegget er ikkje naudsynt. Det korkje avgrensar eller utvidar rettane til kvinner i West Virginia, det er berre ord, forklarar Jackie Lilly.

Katolikken og presbyterianaren er svorne demokratar.

Splitta folk

Sidan 1975 har meiningsmålingsbyrået Gallup målt aborthaldningane til amerikanarane. Årets tal avdekkjer at nasjonen er delt på midten: 48 prosent seier dei overordna er for abort, 48 prosent seier det motsette.

Gallup-tala frå 2018 avdekkjer også at 28 prosent ønskjer at Roe versus Wade frå 1973 skal bli overprøvd, 64 prosent seier «ikkje rør».
Pastor Gary Pickens er å finne mellom dei 28 prosentane. Han er glad omstridde Brett Kavanaugh fekk tommel opp i Senatet og blei godkjent som ny dommar i USAs høgsterett, domstolen som i siste instans avgjer dei vanskelegaste saker, slik som retten til abort.

Slik domstolen gjorde i 2016. Då oppheva høgsterett ein ny, streng abortlov i delstaten Texas som kravde at abortklinikkar skulle ha fasilitetar som sjukehus. Kravet, om det hadde blitt lov, ville ha redusert talet på klinikkar ned frå 40 til 10, og med det redusert tilgang til abort i folkerike Texas.

No vonar særleg evangelikale kristne i USA at Trump, med utnemninga av konservative Kavanaugh, sikrar 5-4 i konservativ favør i høgsterett. Domstolen har ni dommarar.

LES MEIR: Strid om dommar

Inn i TV-seriar

Striden rundt dommarutnemninga har fått Planned Parenthood (PP), USA største pro-abortorganisasjon, som også driv ei kjede abortklinikkar, til å presentere ein ny trepunktsstrategi:

Styrkje aborttilbodet i liberale delstatar; tilby transport, husvære og nettverk.

Styrkje det politiske arbeidet for sikre kvinner retten til abort.

Styrkje arbeidet med å fjerne stigma rundt abort.

Kommunikasjonsdirektør Kevin Griffis i PP fortel npr.com at dei arbeider med å få tema rundt abort inn i populære TV-seriar for unge amerikanarar, slik som Girls og Glee. Målet er å fjerne tabu og stigma ved hjelp av underhaldningsindustrien.

Adoptert bort

I Charleston vonar Gray Pickens på heilt andre utfall av Kavenaugh-striden:

– Vi kan vone at Roe versus Wade blir overprøvd, seier pinsepastoren.

– Men kva med dei graviditetane som skuldast incest, eller valdtekt?

– Ikkje noko problem. Kvinna ber fram barnet, så blir det adoptert bort, til nokre som meir enn gjerne vil bli foreldre.

For pastor Pickens er ikkje adopsjon from teori:

– For mange år sidan blei ein ung student gravid. Kvinna ønskte ikkje å bli mor, det passa ikkje med barn. Men ho valde likevel ikkje abort. Kvinna bar fram barnet, og vi, kona og eg fekk adoptere det.

– Vi fekk ei dotter.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje