Les alt for bare 10 kr!

Ein himmel over livet

Då Adelheid Firing Hvambsal fekk toppjobben i Kirkens bymisjon, kika ho opp og tenkte: Ok, var det dette vi skulle?

Publisert 20. oktober 2018

I Kongsberg kyrkje er mange ungdomar samla til kveldsgudsteneste. Bjørn Eidsvågs tekst ljomar mellom den pompøse kongelosjen til preikestolalteret, som er utstyrt med orgel og lysekrone.

Som et barn ble du båret til meg
Som et barn må du overgi deg
Slutt å gå, det er jeg som skal komme til deg

I ei av benkeradene ligg 17 år gamle Adelheid og gret. Det er så mange kjensler som svirrar og ho kjenner seg overmanna av det triste. Ho kjenner seg liten, og vert berre mindre og mindre der ho ligg.
– Då var det folka rundt meg som løfta meg vidare. Eg er nok ei som tek imot Guds omsorg gjennom menneska eg har tett på meg. Eg trur Gud ligg i det møtet.

I aksjon

Adelheid Firing Hvambsal (52) sit på Kafé Saba på Grønland i Oslo. Den knall oransje dressjakka matchar ballongane ved inngangsdøra. På brystet har ho ein pin der det står: Mindre alene sammen. Slagordet til årets TV-aksjon.
Årets inntekter går til Kirkens bymisjon, og generalsekretæren har så vidt fått tid til Vårt Land innimellom møter og rekruttering av bøsseberarar til morgondagens aksjon.
– Vi jobbar med å få endå fleire til å forstå kor meiningsfullt det er å bruke to timar av livet sitt på noko som har så stor tydnad for Noreg og for menneske, seier ho med engasjement i stemma.

ANNONSE

Kjærleikserklæring

Hvambsal vaks opp på Kongsberg. Som 15-åring konfirmerte ho seg i Efteløt kyrkje. Då ho knelte framfor presten den dagen, var det som om ho hadde fått noko ho ikkje hadde før.
– Og det handla om Gud. At eg trudde på Gud. I etterkant har eg ofte tenkt på dette som ein spire som var ganske skjør.
Junidagen tok slutt, sommaren fauk forbi. Så byrja ho i Ten sing. Fellesskapen vart avgjerande.
– Det var eit ungdomsmiljø der eg både kunne vere meg sjølv og famle med trua. Det var plass til alt, men Gud hadde også sin plass. Det var viktig for at spiren frå konfirmasjonstida vart med meg vidare.
Då foreldra skilde seg, kjende ho seg sårbar og utrygg. Då tok venene grep og arrangerte overraskingsfest til bursdagen hennar.
– Det hadde vi ikkje for vane i den gjengen, vi tykte det var greitt at folk inviterte til selskap sjølve og at vi dukka opp med gåver. Men det er ein grunn til at eg hugsar denne bursdagen den dag i dag. Eg vert faktisk litt rørt når eg snakkar om det, seier ho og ser ut vindauget mot politistasjonen på andre sida av gata.  
– Det var ei kjærleikserklæring: Her står vi og det har ikkje endra seg. Eg trengde noko som var stabilt.

Å bere håp

Dei som kjenner henne godt, skildrar eit varmt menneske. Intens til tider, med ein rå, brutal og smittande latter.
I mange år arbeidde Hvambsal som klinisk psykolog. Då møtte ho mange i vanskelege livssituasjonar.
– Ein pasient sa til meg: Du er av og til brutalt ærleg, det er derfor eg kjem til deg.
Det same dreiv henne då som no – å få vere med å bere håp for dei som ikkje har det. Legge til rette for møter der menneske kan få stadfesta si verdigheit og utvikle seg vidare. Ho har stor tru på at møtet også har ein verdi etter det er ferdig.
– Det som skjer i eit møte, det å bli anerkjent av ein annan person, det ber folk med seg ut i samfunnet igjen. Då er det ikkje så skjørt å sende folk ut døra etter timen var over.
Ho løftar opp eit oransje skjerf ho har i fanget.
– Eg ber framleis med meg eit møte med ei venninne som kom med dette skjerfet sist torsdag. Eg treng ikkje å ha med meg skjerfet heller for å kjenne på det.

Adelheid Firing Hvambsal

52 år, tre barn

Vaks opp på Kongsberg

Utdanna psykolog ved universitetet i Tromsø. Spesialist i klinisk vaksenpsykologi, som ho jobba med i mange år.

Tidlegare generalsekrertær i KFUK-KFUM

Har vore generalsekretær i Kirkens bymisjon sidan 2015. Inntektene frå årets TV-aksjon går til Kirkens bymisjon.

ANNONSE

Av og til føler eg at det er noko som tek imot meg, løfter meg, ber meg fram

Avdekke og påverke

På bordet framfor oss står ein blomsterkvast med noko som liknar markblomar, eit hint av sommar på ein grå haustdag. Roleg jazz blandar seg med praten til dei andre i kafeen, som blir drive av Kirkens Bymisjon.
På døra heng informasjon om gratis rettshjelp, aviser ligg på borda. Døra slår kvar gong nokon kjem inn. Hvambsal held rundt ein kopp med chai-te.

Då ho byrja å sjå eit mønster i årsakene til at folk kom til henne som psykolog, vart ho gradvis meir frustrert. Det var meiningsfullt å gjere noko for enkeltmenneske, men ho hadde behov for å systematisere.
– I Kirkens Bymisjon har vi eit tredelt oppdrag som seier at vi skal lindre, avdekke og påverke. Det vart eit viktig kinderegg for meg, seier generalsekretæren som har vore i jobben sidan 2015.
– Det ligg ei stor kraft i det. Og det vert ein upopulær av til tider. Det at vi ikkje berre skal snakke om kor fælt folk har det, men årsakene til at dei har det sånn. Og kva som skal til for at systema kan sørgje for at ikkje fleire får det sånn.

Hvambsal ser det som eit samfunnsoppdrag og trekk fram helsesenteret for papirlause migrantar i Oslo, drive av Kirkens bymisjon og Røde Kors.
– Ved oppstarten fekk vi direkte motstand og åtvaringar frå politiske parti. Men når folk går med kreftdiagnosar, alvorlege psykiske lidingar, når kvinner går gravide utan oppfølging, då hjelper vi utifrå eit humanitært perspektiv. Det kan koste oss pengestøtte, og det er mange som meiner at vi ikkje burde gi helsetenester til dei som ikkje har rett på det i Noreg. Men vi må ta den jobben.
– Kvifor er det så viktig å hjelpe andre?
– Det er viktig for meg at alle menneske blir behandla med respekt, rettferd og omsorg. At vi anerkjenner menneskets unike tydnad, som eg trur er skapt av Gud og som ikkje skal krenkast. Det er fundamentet for meg. Men eg har ikkje noko behov for at andre skal overta mitt gudsbilete.
– Korleis ser ditt gudsbilete ut?
Ho er stille lenge før ho prøver:
– Noko som ... Eg veit ikkje korleis eg skal seie det.
Ho ser opp i taket.
– Kanskje som noko som er stort og omfattande, omsluttande, noko ein ikkje heilt kan få tak i, langt utanfor univers og rom og tid. Og samtidig er det veldig nært, veldig lite. Eg veit ikkje om eg kjem noko nærare enn det.
51-åringen ber mange ordlause bøner, særleg når ho tenner ljos. Når ho er i kyrkja, ramsar ho opp eit namn for kvart slag med klokkene. Det kan vere menneske som treng litt hjelp eller som tyder mykje for henne.
– Det er ei slags bøn, det også.
For Hvambsal er Gud håp og nåde.
– Kva legg du i nåde?
– At alt er som det er. At ingenting treng å vere perfekt. At der er ein vilkårslaus kjærleik frå hjå Gud som overskygger alt.

Latteren sit laust når Adelheid Firing Hvambsal (til høgre) snakkar med kjøkkensjef Ola Wilkinson på Kirkens bymisjons kafé på Grønland i Oslo.
ANNONSE

Trøyst

I 2006 tok ho over som generalsekretær i KFUK-KFUM. Samtidig var ho frivillig i ungdomsarbeid i Sandefjord, der ho og familien bur. Både fordi barna hennar var aktive og fordi ho trengde å vere tett på røynda.
– Kvar måndag kveld sat eg på eit golv i ein gammal kyrkjelydsal og snakka med ungdom, og mange av dei hadde store eksistensielle spørsmål.
Ungdomane kunne ha ganske dramatiske inngangsportar til å snakke om liv og tru. Men nesten kvar gong opplevde Hvambsal at det enda i ein slags håpssamtale.
– Eg trur eg er ein person som møter desse eksistensielle problema i den nære relasjonen. Og då er det som om noko av det går i oppløysing. Når to sit der og pratar og får kontakt, er det som ein slags trøyst. Vi er jo saman om dette, så då vil det alltid gå. Sånn tenker eg.

A-ha

Året etter vidaregåande, reiste Hvambsal til Austerrike. Året var 1986 og grensene mellom aust og vest i Europa var i ferd med å gå i oppløysing.
Kjempestore, slitne, grå blokker møtte henne, fylt av einslege unge menn og barnefamiliar frå Aust-Europa. Nokre få kom frå Iran og Irak. Mange barn var fødde i leiren og visste ikkje om noko anna.
– Vi blir fort historielause i Europa. Det er ikkje lenge sidan det rasa murar og folk søkte fridom eller eit anna liv, seier Hvambsal.
I eitt år jobba ho som frivillig for YWCA og YMCA – det internasjonale KFUK-KFUM –  i flyktningleiren. Ho arrangerte barnegrupper, snakka med folk, spelte spel, hadde songgrupper. Då faren kom på besøk, vart tenåringsjentene i leiren merksame på at han kom frå Noreg.
– Alt dei ville snakke om, var A-ha og Morten Harket. Då tenkte eg: Verda er ikkje større, tenåringar er tenåringar.  
Ho har ofte lurt på korleis det gjekk med desse jentene. Hvambsal hugsar året i Austerrike som gjevande, men det var også hennar første møte med ei verd der ho ikkje kunne gå på do utan følgje. I tillegg bar ho ein fiktiv trulovingsring.
– Det var mange unge menn der som hadde eit håp om å etablere seg. Og eitt av høvene for å kunne gjere det, var å finne seg ei vesteuropeisk jente. Men om ein sa at ein hadde kjærast eller var trulova, aksepterte dei det, fortel ho.
– Kva gjorde det året med trua di?
– Menneskesynet mitt om at alle var like verdifulle, vart omsett til omsorg og handling. Omsorga låg i systova der kvinnene fekk ha tid for seg sjølv og i kaffikoppen om ettermiddagen.

Himmelhåp

Då Hvambsal fekk jobben i Kirkens Bymisjon, kika ho opp og tenkte: Ok, var det dette vi skulle?
– Av og til føler eg at det er noko som tek imot meg, løfter meg, ber meg fram. Samtidig som eg trur sterkt på fri vilje. Det var jo eg som sa ja til jobben og signerte kontrakten.
52-åringen snakkar ofte om å ville ha ein himmel over livet.
– Kva legg du i det?
– Eg var i gravferd til eit barn ein gong. Og det er kanskje den timen i mitt liv at eg har hatt sterkast himmelhåp.
– Eit håp om noko etter døden?
– Ikkje alltid. Tvilen er jo der. Når eg såg ned i den svarte grava, var eg ikkje sikker. Men samtidig tenkte eg: Det er sånn det må vere. Eit kort, lite liv, og så heng du saman med oss. Så møtast vi alle ein gong, seier ho stille.
– Ein himmel over livet er større enn kvardagen du står opp til. Det er noko som alltid har vore og alltid vil vere, og under der kan eg vandre.

4 raske

Gud er: Håp og nåde

Eg klarar meg ikkje utan: Kaffi

På min gravstein skal det stå: Eg håper det vil stå «Elsket».

Boka alle må lese: Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar

Les også