Eit moderne menneske

Det ligg ei religiøs livskjensle i Amalie Skrams verk.

Reportasje

Forfattar Merete Morken Andersen har brukt over ti år på boka Blodet i årene, ein «biografisk collage» om Amalie Skram. Og ho synest framleis det er vanskeleg å forstå Skrams gudstru.

- Det var eit kjempeparadoks å lese dette brevet til mora på slutten av livet hennar.

Brevet Morken Andersen snakkar om, er datert den 20. mars, 1898, sju år før Amalie Skram døyr. Der skriv ho: «Gud har gjort et mirakel på mig. Han har ladet sig finde af mig.»

- Dette var noko av det eg strevde mest med, seier Morken Andersen.

– Det er underkommunisert at Amalie på slutten av livet var eit djupt religiøst menneske. Ho skriv jo at ho går ned på kne og ber Fader Vår fire gongar. Det er heilt utvitydig at ho hadde ei veldig djup kjensle av nåden, og at ho knytte denne til si kristne tru.

Inn i modernismen

Frå skuleverket er dei fleste kjend med Amalie Skram som naturalist, gjennom novella Karens jul og første band i bøkene om Hellemyrsfolket, Sjur Gabriel. Med eit djupt tragisk tilsnitt skildra ho menneske som verka fortapte for Gud. Likevel vil ikkje Morken Andersen seie at Skram berre var naturalist.

- Eg skriv henne inn i modernismen. Men det er mange tider i henne, også romantiske trekk, og surrealistiske, og sjølvsagt element av naturalisme. Det er så lett å krysse av på naturalisme for Amalie Skram. Alle skal plassere henne der i den norske skulen.

---

Amalie Skram

  • Amalie Skram (1846 -1905) er rekna som ei av dei fremste naturalistiske forfattarane i Noreg. Saman med blant andre Alexander Kielland og Jonas Lie er ho ei av dei mest markante innanfor det moderne gjennombrotet.
  • Ho vaks opp i Bergen, men levde både i Kristiania og København i lengre perioder.
  • Skram debuterte som forfattar i 1885, og ga ut omkring 20 verk. Ho skreiv òg skodespel og noveller, blant anna Karens jul.
  • I romanane skreiv ho kritisk om samfunnet i samtiden, men òg om det indre livet til menneske. Hennar mest kjente verk er Constance Ring, Forrådt, og bøkene om Hellemyrsfolket, spesielt Sjur Gabriel.
  • Forfattar Merete Morken Andersen er aktuell med Blodet i årene – Amalie Skram og hennes tid, ein biografisk collage.

---

Ateist

– Du skriv at Skram kjem frå eit pietistisk miljø, men at ho blir ateist og kjempar mot presteskapet. Korleis skal vi forstå gudstrua hennar?

For å svare på spørsmålet, må Morken Andersen ta ein liten omveg. Ho fortel om Bjørnstjerne Bjørnson som var samtidig med Skram. Bjørnson skulle forarge heile bondestanden i Noreg da han slutta å tru på helvete og vart fritenkar.

- Bjørnson hadde vore på foredragsturné i Amerika. Der kom han over ei bok som tolka Bibelen historisk og var kritisk til den rådande teologien. Denne boka sette han Amalie Skram til å omsette. Namnet hennar står ikkje på tittelbladet, der står det at Bjørnson gjorde det. Men det var henne, og ho gjekk ganske langt inn i stoffet. På den tida var ho nok allereie på veg ut av kristendommen, men i arbeidet med boka vart ho ein fritenkar og ein ateist.

Borgarleg gift

På same tid var Amalie på veg inn i sitt andre ekteskap. Ho vart gift med August Müller då ho berre var atten år. Den seinare konflikten omkring skilsmissa var grunnen til at ho i 1877 vart lagt inn på Gaustad asyl.

I tida etterpå møtte ho den danske journalisten og forfattaren Erik Skram i Kristiania, og etter lidenskapleg brevveksling flytta ho til København i 1884. Erik var ateist, og dei gifta seg borgarleg same år.

- Det var ekstremt provoserande, seier Morken Andersen.

– Mor til Amalie var jo eit sterkt religiøst menneske.

Eg trur ho hadde ei intens kjensle av eit nærvær.

—   Merete Morken Andersen

Følgd av trua

Men Morken Andersen meiner Amalie Skrams religiøse livskjensle ikkje vart borte.

- Eg trur ho hadde ei intens kjensle av eit nærvær. Når ho skauv den kristne trua bort, måtte ho erstatte denne med noko anna. Eg trur trua forsvann inn i forfattarskapet, i korleis ho skriv fram verda.

Morken Andersen ser ein veldig sterk parallell til målaren Vincent Van Gogh, som levde på same tida.

- Han var òg eit djupt religiøst menneske. Men eg trur han kanaliserte religiøsiteten inn i bilda sine, på same måte som Amalie kanaliserte han inn i tekstane sine. Ho var for forstandig til å kjøpe dei kristne dogma, men trua følgde henne heile tida. Det skapte ei stor spenning i henne å leve som ateist.

Forarga

For å understreke dette, fortel Morken Andersen om John Paulsen. Han var ein ung mann som reiste rundt og budde blant anna hos Ibsen, og skreiv om dei store litterære namna. I 1883 kom romanen hans, Moderne damer, ut. Handlinga gjekk føre seg i Kristiania, i Amalies salongar.

- Amalie var djupt forarga over denne boka, seier Morken Andersen. – Ho gjorde alt ho kunne for å stoppe den. Eg har lurt på kva det var som var så forferdeleg med Moderne damer. Boka gir ikkje spesielt eit negativt bilde av Skram.

Men Morken Andersen fortel at det er ei scene i boka ho beit seg merke i. Den går føre seg i Trefoldighetskirken i Oslo, og skildrar Amalie Skram i kyrkja, i djup bøn.

– Dette trur eg Amalie ikkje ville at nokon skulle høyre om. Det var nok veldig ubehageleg for henne. Det passa ikkje med det bildet folk hadde av Amalie Skram.

Tidsånda

Korleis skal vi då forstå Amalie Skram? Morken Andersen har gjort eit forsøk. Blodet i årene er på over fem hundre sider. I tillegg er det laga ei tidslinje på nettet, med eit digitalt arkiv som lesarane kan gå inn på. For å forstå Amalie Skrams religiøse livskjensle, må vi òg forstå tida ho levde i og miljøet ho var ein del av. Morken Andersen har prøvd å gjere dette.

- Amalie hadde i seg ei veldig sterk spenning. Den spenninga kjenner eg igjen i dag. Så eg les Amalie Skram som eit prisme inn i ei tidsånd. Viss ho hadde levd no, trur eg ikkje problemstillingane hennar ville vore veldig annleis. Dei knutane som fanst i henne, som kavet med å finne sjølvstende og fri seg frå familien, dei finst framleis. Eg har prøvd å skrive fram kor desperat Amalie og dei andre levde. Dei var så ufrie.

– Kvifor er det viktig å få forstå tidsånda for å forstå Amalie Skram?

- Fordi eg trur det gjeld oss no. Eg trur folk les biografiar for å forstå noko om livet. Og for å forstå livet, må vi forstå tida vi lever i. På Skrams tid skjedde det ei veldig stor forandring på veldig kort tid, i ei veldig lita gruppe menneske. Og det er godt dokumentert.

«Fra begyndelsen af var jeg jo en meget hengivent troende kristen. Så blev jeg vantro til det alleryderste»

—   Amalie Skram i eit brev

Avantgarden

Gruppa Morken Andersen snakkar om, er både det radikale miljøet Skram vart knytt til rundt Bergens Tidende, samt kunstnarmiljøet i Kristiania. Her frekventerte Georg Brandes, Arne Garborg, Hans Jæger og Christian Krogh. Men Morken Andersen trekk òg inn internasjonale namn som ikkje nødvendigvis hadde direkte tilknytting til Amalie Skram, som Vincent van Gogh, Paul Gauguin, og August Strindberg.

– Så denne gruppa var ein slags avantgarde for det moderne mennesket?

- Ja, dei skapte forandringar som eg ser er eit resultat av relasjonane deira. Dei produserte verk som fekk så store konsekvensar, og som vart hugsa og lest. Dei forandra så mykje i verda, samtidig! Når for eksempel Nora i Et dukkehjem seier ifrå om at ho skal bli lytta til, ho vil bli høyrt, så fekk det enorme konsekvensar for kvinner.

- Det vart mogleg å tenke tankar som det ikkje hadde vore mogleg å tenke før. Eg har prøvd å skrive fram denne virvelen av intens galskap og kjærleik, av erotikk og vennskap, svik og sjalusi. For eg trur denne virvelen finnes her òg, i vår tid.

Spenning

Med eit fellesskap rundt seg, vart det lettare for Amalie Skram å frigjere seg. Skram kunne sette ord på kva ho kjente på, og ho kunne søke seg bort frå kristne dogme.

- Du kan sjå denne spenninga i henne. At ho både måtte frigjere seg, at ho måtte inn i den nye tida, samtidig som ho trong støtte frå andre rundt seg. I Kristiania balanserte ho mellom to veldig ulike miljø. Ho var radikal, men ingen bohem. Ho kjente til Hans Jæger, men levde ikkje som han. Samtidig hadde ho djup forankring blant borgarskap-familiane i Kristiania.

Amalie Skram var radikal, men ingen bohem.

Viktig lesing

Professor på Universitetet i Oslo, Irene Engelstad, er òg opptatt av korleis Skram vart påverka av det sosiale miljøet rundt seg. Engelstad har tatt doktorgraden på Amalie Skram, og seier Skram fekk veldig sterke impulsar i Kristiania då ho flytta dit i 1881.

– Skram las mykje, og var involvert i radikale krinsar med kjente personar. Men det at ho begynte å skrive artiklar, bokmeldingar, og ikkje minst at ho leste sjølv, trur eg spelte ei viktig rolle for utviklinga hennar. Forfattarar som Tolstoj, J. P. Jacobsen og Bjørnstjerne Bjørnson hadde stor påverknad på henne.

Engelstad meiner Skram gjennom lesinga og skrivinga fekk høve til å utfalde seg som menneske.

– Bjørnson øvde jo stor påverknad på henne. Og med Arne Garborg hadde ho eit sterkt intellektuelt og åndeleg fellesskap. Både ho og Garborg hadde røter i pietistisk kristendom, som begge to bevegde seg bort ifrå. Dei var sterkt skeptiske til den kyrkjelege kristendommen, med falsk tale, dobbeltspel og dobbelmoral.

Men gudstrua vendte tilbake til Skram – i det minste for ei tid. Engelstad viser til et brev fra 1897, der Skram skriv til den danske vennen og målaren Valdemar Irminger: “Fra begyndelsen af var jeg jo en meget hengivent troende kristen. Så blev jeg vantro til det alleryderste. Nu har jeg findet gud, ikke kirkens ortodokse gud, men en gud, som jeg tror på, fordi han har hjulpet mig.”

Engelstad er likevel skeptisk til at Skrams nye tilslutning til kristendommen var endeleg. Skram ønskte ikkje ei kristen gravferd, og vart bisatt utan prest.

Medkjensle

Sjølv har Engelstad interessert seg for kor opptatt Skram var av medkjensle.

– Spesielt med bøkene om Hellemyrsfolket vart ho skulda for å skrive vondskapsfullt. Men Skram svarte at ho var interessert i å skildre korleis og kvifor menneska gjer det dei gjer. Ho var opptatt av evna til å forstå og leve seg inn i romanpersonane. Denne medkjensla kan truleg relaterast ikkje berre til kristen tenking, men også til Schopenhauers filosofi, slik ho kjente til denne blant anna gjennom den danske professoren Harald Høffding.

I 1899, året etter det siste bandet i Hellemyrsfolket kom ut, skreiv Skram i eit brev: «I alle mine bøger har jeg skildret mest det uædle, det stygge og hæslige og råe. Fra begynnelsen af fordi alt dette stygge forfærdet mig så dybt, vakte min afsky og harme så at jeg ikke kunde bli kvit det, før jeg havde fåt det ned på papiret. Siden fordi jeg lærte at forstå, at være medlidende. En inderlig medlidenhet med alle, alle, mest med de elendigste og usleste, fylder, ja overfylder mit hjærte.»

– Eg opplever at Skram var opptatt av miskunn, seier Engelstad.

– Ho ønskte å sjå på pinsle og smerte, på det vonde, med medkjensle.

Eit mylder

Korleis skal vi då forstå Amalie Skram? Ho skreiv bøker som framleis vert lesne, om menneske som gjekk til grunne. Ho raste mot presteskapet og kritiserte misjonen. Men Merete Morken Andersen seier at midt oppe i alt dette, følgde likevel gudstrua Skram.

- Det låg noko anna i forholdet hennar til Gud. Ho gjorde trua privat. Dette ligg djupt inne i kunsten hennar. Du kan ikkje seie ho var ein ting. Amalie Skram var eit mylder.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje