Eit trufast hjarte

Då Lilly Walle fekk friarbrev i posten frå ein ukjend mann, sette ho som alltid sin lit til Herren.

Min tro

Det er sommar og Lilly Walle er på Østerøya ved Sandefjord saman med mannen sin. Utanfor det store vindauget som vender mot havet, er fjellet kvitt og glatt av vêr og vind. Lilly har lagt ut mat til fuglane der, som ho brukar, det er så morosamt å sjå på flokken når den kjem styrtande.

Men i dag er det annleis. Idet ho står i vindauget, kjem éin einsleg måse. Han set seg ved maten, men rører den ikkje. Han ser seg til høgre og til venstre. Så tek han sats og flyr sin veg. Det går nokre sekund.

– Og så kom heile kameratflokken! Eller familien, det veit jo ikkje eg.

Lilly Walle løfter armane i veret. Ho sit i stova si på Vestli i Oslo, der ho bur åleine. Mannen døydde for elleve år sidan. På bordet har ho dekka på med vaflar, sylte, te og sitronskiver. Like ved ligg boka som ho nettopp har fått i posten, ei bok med hennar eige namn på omslaget.

– Den vesle måsen som kom dit åleine, hadde funne noko den ville dele, seier ho med forsiktig røyst.

– Og eg er den vesle måsen.

Tilgjeving

Klokka er ti ein måndags morgon, men 92-åringen har allereie bedd Gud om tilgjeving. Ho sto opp tidleg, som vanleg, men så måtte ho opp i butikken for å kjøpe sitron til teen og noko anna småtteri. Ho tok det med ro, for gamle folk må ta det med ro, som ho seier. Men det er eit stykke til butikken og tida gjekk frå henne.

Derfor fekk ho ikkje tid til å sette seg i den mørkeraude skinnsofaen med ryggen mot den grønkledde åsen og golfbana som er utsikta frå blokka ho bur i. Ho fekk ikkje slått opp i Bibelen, fekk ikkje tid til å be.

– Men eg har snakka med Han om at vi skal møtast seinare, seier ho og nikkar opp mot taket.

– Det går også an.

Blir høyrt

Lilly og dei tre systrene ho vaks opp saman med lærte ei morgonbøn og ei kveldsbøn av mora. I tillegg fekk dei beskjed om å be om det som opptok dei i kvardagen, som dei gjekk og tenkte på. Det er ho takksam for.

I boka hennar Punktum. Amen som kom nyleg, fortel ho mange historier om bønesvar ho opplever å få. Det kan vere forsvunne nøklar eller bankkort som kjem til rette, eller ei oppmuntring eller to på ein kald og grå dag. Ho vil at fleire skal legge merke til at dei blir bønnhøyrde oftare enn dei trur.

Boka er tileigna Walles «dyktige og omsorgsfulle» fastlege. Han skal få det første eksemplaret.

– No ligg boka på spisestovebordet mitt, i det papiret eg fekk den i. Og seinare i dag skal eg opp og gi han boka, seier ho.

Ho er spent på korleis han vil ta det, for ho gir han både ris og ros.

– Men eg trur nok han skjønar.

Friarbrev

Som 12-åring fekk Lilly eit kall. Etter å ha lese i blada som mora fekk i posten – «Madagaskar venter!», «Kina venter!» – vart det klart for henne at ho skulle bli misjonær. Då ho fortalde det til foreldra, vart dei einige om at ho måtte få den utdanninga ho trengde.

– Korleis kjendest det å få eit kall så ung?

– Det var eit kall og det får du fordi du skal følgje det. Sånn følte eg det.

Ho tok artium og søkte seg til misjonsskulen for kvinner i Oslo. Så ein kveld, rett etter krigen, deltok ho på eit misjonsmøte i Tønsberg. Ho kjende vanlegvis til alle som kom dit, men ikkje denne kvelden. Ein ung mann frå Stavanger hadde ikkje vore der før, men han og Lilly helste ikkje på kvarandre.

Det gjekk nokre veker. Så fekk ho eit brev i posten.

– Det var frå eit ukjent menneske, for skrifta kjende eg slett ikkje. Så opnar eg brevet og det er eit friarbrev.

Frå den unge mannen i Stavanger. Viss du allereie er oppteken, skreiv han til Lilly, skal du ikkje svare på dette brevet.

– Men eg var ikkje oppteken.

Ho svarte han med eit bibelsitat frå Salomos ordspråk, slik det sto i 1930-omsetjinga av Bibelen: «Sett din lit til Herren av hele ditt hjerte, og stol ikke på din forstand!».

– For dette gjekk langt over min forstand. Eg var berre forskrekka. Men dette kunne vere noko som Han hadde ordna. Så la eg til at det kanskje hadde vore lurt å bli litt betre kjende først.

Ho fortalde ikkje foreldra sine om brevet før friaren kom til Oslo nokre månadar seinare. Sidan gifta dei seg og heldt saman til han døydde 56 år seinare.

---

Lilly Walle

  • 92 år, enke, sju born
  • Bur i Groruddalen i Oslo.
  • Gjekk på misjonsskulen for kvinner og var misjonær i Kamerun i 15 år saman med ektemannen.
  • Jobba sidan for Den norske kyrkja i Noreg og som pensjonistar grunnla ho og mannen ein stasjon for Sjømannskyrkja på Solkysten i Spania.
  • Gir ut bok på Vårt Land forlag i haust: Punktum. Amen

---

Når du har hatt sju barn som skal på skule om morgonen, kan du ikkje ha ei lang bordbøn

—   Lilly Walle

Guds svar

– Et vaflar! Du treng meir te.

Walle løftar tekanna som står over eit stearinlys. Ho skjelv på handa, loket klirrar. Ho har allereie delegert stol til journalist og fotograf og bedd ei kort bordbøn.

– Når du har hatt sju barn som skal på skule om morgonen, kan du ikkje ha ei lang bordbøn, seier ho og ler.

Den eine stoveveggen er dekt av familiebilete. Rad på rad med barnebarn og oldebarn. Seks av dei sju barna til henne og mannen Jan vart fødde i Kamerun, der dei budde i 15 år.

Då dei skulle reise dit, fortalde mora til Walle at ho hadde hatt misjonærkall som ung, men at ho ikkje kunne få den utdanninga ho trengde. Sidan hadde ho bedd heile sitt vaksne liv om at ein av hennar barn skulle reise i staden for henne.

– Og der sto ho på perrongen og sende meg av stad. Det var fantastisk for henne, men det var veldig fantastisk for meg også, for då skjøna eg at dette ikkje var noko eg hadde funne på. Dette var Guds svar på mammas årelange bøner. Det var Guds stadfesting på at eg var på rett veg.

Malaria

I Kamerun budde dei i eit hus med jordveggar og bølgjeblekktak, utan innlagt vatn og elektrisk straum. Dei måtte passe seg for slangar. Stundom kunne dei dette ned mellom platene i taket som skulle skjerme for den sterke sola. Når mørket fall, kom kakerlakkane fram.

Det kraup og det krasla, som Walle seier.

Jan reiste rundt til landsbyane for å forkynne, medan ho var heime og underviste lokale kvinner i lesing og skriving på verandaen. Alle barna deira fekk malaria, til trass for medisinane dei fekk. Den eine dottera mista dei nesten. Då Walle fekk tvillingar, to gutar, ville ikkje den eine ta til seg mat.

Etter operasjon og sjukehusopphald i hovudstaden, fann ho ein gravplass til han. Det vart ordna med kiste. Alle trudde han ville døy.

– Kva rolle spelte trua di då?

– Eg ba sjølvsagt til Gud om at han måtte bli frisk. Men når eg ber om vanskelege ting, for det har jo skjedd mange gongar, så seier eg: Du lærte oss å be, skje di vilje. Det veit eg er det beste, uansett kva som skjer.

Dei tok til slutt med seg guten heim til Noreg. I dag er han større enn tvillingbroren sin.

Berre kjærleik

I boka ho nyleg har gitt ut, fortel Walle om oldebarn som ikkje blir døypte og gudstenesteliturgi som blir endra. Ho er glad mannen hennar ikkje fekk oppleve det. I dag «stryker man katten med hårene», skriv ho, og legg til: «Stryker du katten méd hårene lenge nok, sovner den. Det er noe å tenke på.»

– Dei snakkar berre om Guds kjærleik. Eg tok presten vår her ein dag. Han er ein herleg, gammal prest. Men han skulle tale om at så høgt hadde Gud elska verda at han ga son sin den einborne for at den som trur på han ikkje skal fortapast ...

Det siste ordet får eit ekstra trykk, før ho legg til:

– ... men ha evig liv.

Presten heldt preika, men tala berre om Guds kjærleik. Han gløymde resten, om korleis det går med dei som ikkje trur, fortel Lilly.

– Så då gudstenesta var slutt, takka eg for i dag og så sa eg: Du gløymde halvparten.

Men eg kan jo ikkje skremme folk, svarte presten.

– Skremme folk! Du må jo forkynne heile Guds ord, seier ho med inderleg røyst.

Ho er lei for at synd og helvete er blitt fyord.

– Kvifor er det viktig å snakke om dette?

Ho set seg litt lenger fram på stolen.

– Kvifor skulle Jesus kome her og pinast og døy for våre synder, viss det ikkje var noko fortaping å frelse oss frå? Kan du svare på det? Guds kjærleik er viktig, ja. Men det var Guds kjærleik til menneska som fekk han til å sende frelsaren.

---

4 raske

  • Gud er: Eg hadde likt betre om du hadde sagt Jesus. Han er min frelsar og min hjelpar, i liv og død. Men eg veit sjølvsagt at han og Gud er eitt.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Bibelen
  • På min gravstein skal det stå: Alt er fullbrakt, fordi det står allereie på min manns gravstein og eg skal i same grava. Og eg er veldig einig i det som står.
  • Boka alle må lese: De elendige av Victor Hugo

---

Klar tale

På bordet er det framleis mange vaflar att.

– Et! Hjartet høyrer saman to og to, seier Walle.

I boka si fortel ho om då ho skulle slanke seg. Det går vanlegvis fint, så lenge ho ikkje får besøk. For då lagar ho vaflar og det blir ofte restar. 92-åringen kastar ikkje mat.

Walle siterer stadig frå Bibelen, salmar og strofer som mor hennar brukte å seie. Då ho vert spurt om kvifor ho tykkjer det er viktig å misjonere, kjem det:

– Gå derfor og gjør alle folkeslag til disipler: Døp dem til Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn og lær dem å holde alt det jeg har befalt dere.

Ho nikkar svakt, men bestemt.

– Og derfor gjer vi det. Dei var ikkje kristne, og det var det vi ville dei skulle bli.

– Somme ser misjon som noko negativt. Kva tenker du om det?

– Eg lurer på kva slags misjon det er. Mannen min dreiv ikkje med kolonisering. Han var jordnær.

Ekkel tanke

Ho er sikker i trua si, men ho tykkjer mykje i Bibelen er vanskeleg å forstå. Nyleg byrja ho å gruble over noko som ho ikkje forstår at ho ikkje har tenkt på tidlegare.

– Det står skrive at i byrjinga skapte Gud jorda, og jorda var aude og tom. Og Guds ånd svevde over vatna. Men kvar i all verda kom Guds ånd frå? Kvar var han før han skapte himmel og jord? Det er ein ekkel tanke, eg likar ikkje den. Men eg må godta at den er der.

Å vere kristen handlar også om å ville vere ein kristen, meiner ho.

– Ein må legge vekk håplause tankar. Det er ingen som kan fortelje meg kvar Gud var då han skapte jorda. Det må eg berre godta. Elles må ein gi opp.

Vent og sjå

Kvar kveld ber Walle den same bøna, som ho har gjort i mange år:

Kjære Gud fader i himmelens slott, takk for i dag jeg har hatt det så godt. Nå må du ikke være sint på meg, om jeg i dag har bedrøvet deg. Send dine engler og la dem passe på alle de store og alle de små. Så kan jeg sove så trygt og så godt. Kjære Gud fader i himmelens slott.

– Det er ei bøn om tilgjeving, og det treng ikkje vere dei store syndene. Det kan vere at vi har skuffa Gud, det har eg gjort mange gongar. Det kan vere filleting, som ein telefon eg burde ha tatt.

Då mannen hennar levde, ba dei saman. Ho trur ikkje ho vil møte han igjen etter døden.

– Kva med dei som har vore gift to-tre gongar? Eg trur Vår Herre har ei anna ordning på det. Eg treng ikkje å vite det, så lenge eg har det bra her.

Barna hennar likar ikkje når ho seier at ho har plukka ut salmevers til gravferda si.

– Ikkje snakk om sånt, seier dei. Jo! Det kan eg godt snakke om.

– Korleis trur du det er etter døden?

– I himmelen? Eg ventar og ser. Eg veit berre det som står i openberringa: at der ikkje er noko sorg eller pine eller plage. Då får vi tru det.

Dei var ikkje kristne, og det var det vi ville dei skulle bli

—   Lilly Walle

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro