Les alt for bare 10 kr!

Sagaen om Margit

Margit Sandemo er kanskje Noregs mest leste forfattar. Men ho vart òg klaga for å vere satanist, og Sagaen om Isfolket vart kasta på bokbål.

Publisert 27. september 2018

1. september døydde Margit Sandemo, 94 år gammal. Då hadde ho skrive 185 bøker og seld meir enn 37 millionar eksemplar. Til samanlikning har Jo Nesbø seld over 36 millionar bøker. Det finnes knapt eit menneske i Noreg født før 2000, som ikkje har høyrt om Sagaen om Isfolket.

Likevel stod det lite om Sandemos bøker og mottakinga av dei, når dei største avisene i landet skreiv minneord etter bortgangen hennar. Ingen nemnte kor kontroversiell Sandemo ein gong var.

Stadige angrep

Forfattar og journalist Sølvi Wærhaug, som er aktuell med biografien om Margit Sandemo, Eventyrdronningen, seier kritikken mot Sandemo kom utover på 1990-talet.

– Då ho vart så populær, kom det stadig angrep på henne frå kristeleg hald. Sandemo passa inn i den nye tidsalderen med New Age-påverking og ho utfordra den etablerte kristen­trua, seier Wærhaug.

Men kva var det med Sandemos bøker som provoserte?

Kyrkjebrann og Lucifer

I åra 1992–1996 vart fleire kyrkjer i Noreg brende ned. På 1990-talet vart heile 17 kyrkjer totalskadd i brann, mot berre ei på 2000-talet. Aviser og fjernsyn rapporterte om satanistar og organiserte miljø som bad til mørkemaktene. «Greven», Varg Vikernes, vart i 1994 dømd for drap, tre kyrkjebrannar og tjuveri. Då politiet arresterte han, fant dei 100 kilo med sprengstoff som dei mistenkte skulle brukast til å sprenge Nidarosdomen.

I denne tida vaks kritikken mot Sandemo fram. Dagbladet kunne rapportere om ein prest i Lofoten som brukte preika si til å åtvare mot Sagaen om Isfolket. I eit innlegg i VG i 1992 vart det anbefalt å brenne Margit Sandemos bøker. Og i Dalarna, nord i Sverige, var det ei pinserørsle som hadde bokbål der Sandemos tekster vart kasta saman med blant andre Stephen Kings og Roald Dahls bøker.

Margit Sandemo gjorde ikkje seg sjølv mindre kontroversiell då ho sa ho var direkte inspirert av Lucifer: «Mens eg skreiv om Isfolket, kom Lucifer og sa: Dette skal du skrive om.»

Sjølv om det ikkje var den Satan som kyrkja talte om, men ein «lysengel», så førte det til stor undring.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også