Les alt for bare 10 kr!

Stadig på leit

Kari Helene Partapuoli veit ikkje om tvil er bra. Ho veit berre at den er menneskeleg.

Publisert 14. september 2018

– Det er eit dikt som heiter Church going. Det handlar om ein fyr som alltid går inn i kyrkjer, men han veit ikkje kvifor. Er det Gud, er det huset, er det det som vert sagt der? Men han stoppar alltid opp. Sånn er det for meg også.

Kari Helene Partapuoli kostar av kjøkkenbordet med eine handflata i to store sveip. Sola skin inn gjennom dei høge vindauga og treff ansiktet hennar. Ho foldar hendene framfor seg.

– Kyrkjer har ei ro. Dei ryddar hovudet, føler eg. Kyrkjehus ryddar og balanserer.

Det er i domkyrkja i Oslo ho som oftast endar opp.

– Når det skjer forferdelege ting i livet, så har ein ikkje tid til det. Men eg kan gå inn dit på heilt vanlege dagar og sitte der, stille.

– Ber du?

– Ja... Av og til.

Ho dreg på det. Smiler nølande.

– Dette snakkar eg ikkje om med nokon. Aldri.

Aldri redd

1. august i år tok Partapuoli over jobben som generalsekretær for Plan International Norge. Ho har tidlegare leia Utviklingsfondet og Antirasistisk senter. Som nyutdanna sosialantropolog frå Universitetet i Tromsø på 1990-talet, arbeidde ho ved eit krisesenter og eit senter for innvandrarkvinner i København.

Der lærte ho mykje om kvinneleg makt, om gjennomslagskraft og om politikk.

I dag bur ho på Bislett i Oslo. På ringeklokka står kallenamnet til hennar 17 år gamle son, som det har gjort dei siste ti åra, slik at venene hans skulle finne han. 

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også