Les alt for bare 10 kr!

Held fast i livet

Kjersti Annesdatter Skomsvold trur alle menneske treng noko å tru på. Sjølv er ho avhengig av å ikkje få svar.

Publisert 17. august 2018

‘Kjære Gud, finn Therese!’

Det er ein sommarkveld, året er 1988. Ni år gamle Kjersti får ikkje sove. Ho tenker på det ho las i avisa tidlegare på dagen, om Therese Johannessen frå Drammen. Jenta med det mørke håret og smilet utan framtenner som forsvann sporlaust 3. juli dette året.

Det er første sommaren Kjersti har oppdaga ­papirbunkane som kjem i posten kvar dag til ­huset på Lutvann i Oslo. Dei siste vekene har ho lese om veret, bilulukker og verda. Men Therese har brent seg fast.

Ni år, like gammal som meg, tenker Kjersti. Ho skjønar ikkje kvifor dei ikkje berre kan finne henne. Så ho ber om hjelp. Kanskje nokon med meir makt kan ordne opp i dette?

Ubehageleg

Kjersti Annesdatter Skomsvold sit ved kjøkkenbordet på Grünerløkka i Oslo, der ho bur med sambuar og to små barn. Den kvite blusen går i eitt med det runde bordet og dei lyse kjøkken­skåpene. Eit vindauge står på gløtt og let bylarmen sige inn i leilegheita i fjerde etasje.

Skomsvold debuterte som forfattar i 2009 med romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg. ­Sidan har ho gitt ut fleire romanar, barnebøker og ei diktsamling. Den nyaste romanen, Barnet, kom denne månaden.

Sjølv var ho glad i Astrid Lindgrens bøker som barn, men ikkje dei mørkaste historiene. Då faren las Brødrene Løvehjerte til henne og byrja gråte, tykte ho det var veldig ubehageleg. Samtidig ­handlar 
også bøkene til Skomsvold om det ubehagelige: ­Einsemd, sjukdom, frykt, skam, angst. Og døden.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også