Gjenbruks-mirakelet

Jesus metta eit folkehav med fem brød og to fiskar. Misjonen lagar millionverksemder av ting folk ikkje vil ha lenger.

Reportasje

– Vi som har vakse opp under krigen, føler at vi ikkje skal kaste ting andre har bruk for. Det er det som er så fantastisk her. Det nokon ikkje vil ha, har andre bruk for.  
Marit Solberg står mellom høge, kaotiske bokstablar. Ho har vore biblioteksjef i 30 år. No brukar ho to dagar i veka til å sortere bøker på lageret i gjenbruksbutikken i Råde i Østfold, eigd av Det norske misjonsselskap (NMS).
Det er kjekt å ha erfaring, fortel ho. For nokre gonger kjem det små litterære skattar inn den blå lagerporten. Er ho usikker på verdien, puttar ho dei i veska si ved arbeidsdagens slutt og tar dei med heim for å søke på nettet. Så prisar ho dei til halvparten av verdien. Eller lågare. Men høgare enn standardprisen på ti kroner.

Ei inntektskjelde

Det blæs ein vind av suksess over kristne gjenbruksbutikkar. Koppar og skåler, lysestakar og måleri, fotbad og sofagrupper, det fraktast inn, og det fyk ut igjen. Frå 2012 til 2016 auka omsetnaden til dei fire største kristne gjenbrukskjedane med 36 prosent, til 305 millionar kroner. Fretex er framleis størst, men også for Normisjon, Norsk luthersk misjonssamband (NLM) og NMS har butikkane blitt ei viktig inntektskjelde. I 2017 omsette dei 50 gjenbruksbutikkane til NMS for 52 millionar kroner, og til no i år er tala enda høgare.
For NMS utgjer salet ein femtedel av organisasjonens inntekter, ifølgje Turid Øyre Øygard, gjenbrukskonsulent i NMS Gjenbruk sin administrasjon. Ho meiner at folk bryr seg meir om miljøet i dag enn før.
– Å handle brukt er ikkje spesielt for «godt vaksne». Folk i alle aldrar gjer det. Respatex-bord er i vinden som aldri før, og mange driv med redesign. Det er også ei sosial side ved å gje bort ting, slik at andre kan få nytte av dei.
Ida Kjøstvedt er leiar for NMS Gjenbruk sentralt, og meiner det har vore ei utvikling i korleis særleg unge tenker om det å kjøpe brukt:
Tidlegare var det ofte slik at ein kjøpte brukte gjenstandar når ein fann noko spesielt som ein fallfor. No ser vi at fleire kjøper brukt som eit miljøtiltak. Det er ein fin trend. Miljøaspektet er viktig og butikkane våre minskar søppelberget enormt mykje, seier ho.

---

Gjenbruk som aldri før

  • Frelsesarmeen (Fretex), Normisjon, Norsk luthersk misjonssamband (NLM) og Det norske misjonsselskap (NMS) driv dei fire største kristne gjenbrukskjedane.
  • Frå 2012 til 2016 auka butikkane sin omsetnad med 36 prosent, til 305 millionar kroner, ifølgje utrekningar gjort av magasinet STREK.
  • Fretex er framleis størst, med ein omsetnad på 197 millionar kroner i 2017.

---

Millionen

Dei siste fem åra har NMS Gjenbruk dobla omsetnaden sin. Men også kostnadene har auka. Mange butikkar har flytta inn i større lokale, og bilar er blitt kjøpte inn for å hente og bringe.
– Vi har passert millionen, du har vel fått med deg det? seier butikksjef Knut Lande.
I butikken i Råde er det fleire som opplyser om dette. Styreleiar, butikksjefen, tilsette. Og at ein butikk i eit vegkryss på Austlandet på åtte månader kan tene 1,5 million kroner på det folk ikkje har bruk for, er jo eit lite mirakel.
– Det har vore eit eventyr så langt, heile greia, seier Lande.
Han har vore med frå starten i 2003. Då var butikken i eit mindre lokale. I 2016 flytta dei hit. Til ein lagerbygning på 800 kvadratmeter. Altfor stort, tenkte Lande.
– No er det for lite. Det har vore ein heilt utruleg omsetnad. Vi er nummer to av NMS sine 50  butikkar. Berre Ski ligg over oss. Men det handlar ikkje berre om pengar, understrekar han.
– Også folk som ikkje har vore engasjerte i misjonen, kjem og jobbar her. Dessutan kjem det folk og sit ved bordet i butikken, drikk kaffi og et vaflar.
Miljø, møteplass, misjon, står det på skiltet utanfor. Det er dét det handlar om, ifølgje den tidlegare kretssekretæren i NMS.

Du blir litt oppgitt over kor mykje folk har.

—   Hilda Andreassen

– Kan vere stritt

Dei har ulike oppgåver. To damer smiler bak kassa. Nokre mannfolk fraktar møblar ut og inn. På bakrommet svinsar kvinner i grå forkle rundt og steiker vaflar, vaskar tinnskåler, sorterer bøker, prisar varer.
– Kor mykje skal vi ta for denne da? spør Halldis Grønli, der ho står med ein splitter ny raclette, ei plate til å grille mat.
– Skal vi ta 150? seier kollegaen.
Det er kanskje ein tredjedel av ny pris.
– Til å begynne med tykte eg det var veldig vanskeleg å prise, fortel Grønli.

– Men når eg har halde på ei stund, går det nesten av seg sjølv.
Ho brukte å jobbe for Bispedømmerådet. Ho var eit svart skjørt, fortel ho. Kokte kaffi, gjorde i stand til møte. Ho fekk løn for strevet den gongen. Det får ho ikkje i gjenbruksbutikken.
– Det kan vere stritt. Men eg tenkjer ikkje på at eg er sliten før eg kjem heim.

Dugnad for misjonen

Ingen av dei rundt 2.000 frivillige i NMS Gjenbruk får betalt for jobben dei gjer. Det får heller ikkje dei nær 400 i Normisjon eller dei 1.600 i NLM. Fretex-butikkane har betalte tilsette, men frivillige er eit kjærkome supplement.
Kva er det eigentleg som får menn og kvinner, landet rundt, til å bruke fritida si på å selje brukte ting?
– Mange har ein sterk indre motivasjon for å jobbe gratis for misjonen. Andre har ikkje det misjonsengasjementet, men dei brukar likevel mange timar i butikkane. Det er ein flott sosial møtestad for mange, det merkar ein fort på atmosfæren, seier Turid Øyre Øygard.
I landets NMS-butikkar finn ein mellom anna pensjonistar, asylsøkjarar, personar på samfunnsstraff og folk som er på arbeidstrening hjå NAV.
Også Lillian Dombestein, dagleg leiar i gjenbrukskjeden Galleri Normisjon, opplever eit stort engasjement.
– Nokon ønskjer å gjere ein innsats for misjonen. Dessutan synest ein del pensjonistar at det blir stusseleg ikkje å ha så mykje å halde på med. Dei får eit rikare liv viss dei kjem seg ut og møter folk, seier ho.

Vil gjere ein innsats

På bakrommet i Råde er dei heilt samde. Det er ein travel dag, for dei har fått inn eit heilt dødsbo, men latteren sit laust.
– Det er triveleg her, og eg er pensjonist, eg må jo ha noko å finne på? Kva seier du, Hilda, spør Aud Minge, der ho står og vaskar opp.
– Det er då det! Viss ikkje hadde eg ikkje orka å vere her, svarer Hilda Andreassen.
– Det er derfor vi er her, skyt Halldis Grønli inn.
– Ja, det er jo for å gjere ein innsats, òg, seier Hilda.
– Eg hadde ikkje vore så engasjert viss det var for eit idrettslag, kjem det frå ei anna.
Men Hilda blir også litt matt:
– Viss du ser deg omkring her, blir du litt oppgitt over kor mykje folk har ...
Rundt oss er det lampar, koppar, ein grisefigur med blomar på, messinglysestakar, verktøy og strykejern, dukar og puter og på bordet tre jordbær i ei skål.

Utfordringar med nett

Då Normisjon entra bruktmarknaden i 2010, trudde folk i organisasjonen at det ikkje var rom for fleire fysiske butikkar. NMS, NLM og Fretex var godt etablerte. Normisjon ville finne si eiga nisje og starta ein nettbutikk for bruktvarer i samarbeid med Finn.no.
Men arbeidet med å byggje opp lokale varelager og legge produkta ut på nett, vart åleine ingen suksess.
– Vi var oppe i maks ti-elleve butikkar, dei døydde like fort som dei kom, seier Lillian Dombestein.
Eldre utgjorde den største gruppa frivillige. Men dei var ikkje vane med å ta digitale bilete og legge dei ut på nett. Utan fysiske butikkar vart det heller ikkje noko fellesskap. Organisasjonen snudde, og den første butikken vart opna i Oslo. Omsetnaden spratt i veret, og talet på frivillige òg. I august i fjor opna butikk nummer ti i Hallingdal.
– I den augneblinken vi skapte arenaer der frivillige kunne få treffast og bruke seg sjølve og sine evner til dekorasjonar, kundehandsaming og utstillingar, opplevde vi ein vekst, seier Lillian Dombestein.
Ho legg til at organisasjonen framleis legg ut dei største og mest verdifulle varene på nett, i tillegg til å ha fysiske butikkar. Nokre av gjenbruksbutikkane har ein tydeleg kristen profil, til dømes med morgonmøte. I Råde har dei lite program med religiøst innhald, men ein skjerm ved resepsjonen fortel om NMS sitt arbeid. Fire gonger i året samlast dei tilsette dessutan til ei orientering med matservering og ei lita andakt.
Knut Lande har sette seg ned ved kaffibordet i hjørnet av butikklokalet.
– Vi har ikkje lagt oss på ei linje med mykje kristent innhald, i og med at vi har fleire tilsette som ikkje er så «innanfor», seier han.

Bønneteppe

Til dømes var ifjor ein av dei tilsette muslim. Nokre gonger i løpet av arbeidsdagen trakk ho seg ut på bakrommet med bønneteppet sitt. Det var riktig så praktisk å ha ein arabisktalande på butikken, ifølgje Lande.
Det kjem nokre kundar bort til bordet. Dei set seg ned, tar ein kaffi og ein vaffel.
Ei kvinne spør:
– Hugsar du at eg kjøpte den radioen? Den funkar ikkje.
– Fekk du han ikkje til, altså, svarer Lande.
– Nei, eg las brosjyren frå ende til annan. Men viss du ser på han, så kan det hende han
slår inn, altså.
– Kom innom med han, da!

Det er utruleg at vi får inn så mykje pengar.

—   Marit Solberg

Bøker og musikk

Smilande, venlege tilsette som trivast på jobb. Ein god kopp kaffi. Vaflar og kaker. Tusenvis av varer til innkjøpspris 0,-. Og i tillegg: eit reint og ryddig lokale, ein tidlegare likningssjef som har økonomiansvar, og ein tidlegare biblioteksjef som har bokansvar. Det er kanskje ikkje så rart at det blir ei millionbedrift av slikt?
Marit Solberg står på bakrommet med ei tjukk bok i hendene. «Den store krigen». Det eine bindet har ho her. Men kvar har dei to andre blitt av? undrar ho. Ho hadde dei jo nyleg. Sjekka prisen på dei. Ja, ja.
Leit, så skal du finne.
– Bøker veit eg mykje om. Det som er verre, er at dei har gitt meg ansvaret for musikken òg, ler ho.
Som ung hadde Marit Solberg ei barneforeining saman med mor si. Men foreiningane døyr ut,påpeikar ho. Skal misjonsverksemda halde fram, må ein finne nye inntektskjelder. Som denne butikken.
– Det er utruleg at vi får inn så mykje pengar, seier ho.
Ein og ein halv million kroner så langt i år.
– Ein skal ha mange misjonsforeiningsmøte for å få inn det.

Denne reportasjen har tidligere stått på trykk i magasinet Strek.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje