Les alt for bare 10 kr!

Eit tilbod frå Gud

Folkemusikar Åsne Valland Nordli fann Gud i musikken, i gangen på vidaregåande – og i Romanias kloakksystem.

‘Eg trur eg var sytten år. Eller kanskje seksten.

Tenåringen Åsne Valland sit i gangen på Rossvoll gymnas i Øystese. Ho har ikkje gjort leksene denne dagen heller. Skule­arbeid er ikkje ei prioritering, ho har lese- og skrive-­vanskar, og reiser stadig rundt for å spele konsertar. I musikkmiljøet drikk ho mykje og røyker så ho mister stemma, den som skal bli levebrødet hennar. Smått stressa byrjar ho no å flikka fram bøkene for å rekka å gjera i alle fall noko før timen, då ein tanke slår ned i ho som lyn frå klar himmel. Er det nokon som snakkar? Ho ser seg rundt, men det er ingen andre i gangen.

– Stemma spurde: Er det dette du vil, Åsne? Vil du gå den vegen, eller vil du gå med meg? Eg opplevde det som eit tilbod frå Gud. Så eg takka ja.

Skuleslask

Sidan den gong har ikkje musikaren frå Nordheimsund i Hardanger vore i tvil. Trua har stått støtt. Åsne seier ho var «ein skikkeleg slask» på skulen, og droppa til slutt ut av vidaregåande. Ein skulle kanskje ikkje tru det, der ho går berrføtt i svart sommarkjole, ein sped skapnad med faste skritt, og viser oss gjennom den gamle trevillaen og ut i hagen. Me er på Stange i Hedmark, rett utanfor Hamar. Eit gamalt treikon av Jesus heng på veggen, det blei funne i ein antikvitetshandel i Romania. C.S. Lewis, Jo Nesbø, geografi- og samfunnsfaglege bøker kan skimtast i bokhylla som dekker ein heil vegg. Piano, gitar og to feler ligg framme i stova.

– Men ikkje blokkfløyte! Der går grensa. Alle brukar pianoet, unntatt meg. Eg er for perfeksjonist – eg lærte meg aldri eit instrument, for eg skjønte at eg ikkje kunne bli best.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også