Les alt for bare 10 kr!

Gud er eit mjukt øyre

Aina Villanger sender bønene sine til eit rom inni seg sjølv. 
Men kva er der inne?

Publisert 01. juni 2018

Aina Villanger er åtte år gammal då ho bestemmer seg for å ikkje lenger tru på Gud. Så lenge ho kan hugse, har mora kvar kveld sunge «Kjære Gud, jeg har det godt» med henne på sengekanten. Ho har aldri spurt mora om kva ho trur på, men tradisjonane er viktig for henne, det har dottera forstått.

Men for åtteåringen kjendest det som om ho berre syng ut i lause lufta. Det kjem ingen respons. Ein dag bestemmer ho seg. Ho fortel mora at ho ikkje treng å kome inn og gi henne nattaklem lenger. Ikkje klem og ikkje synge.

Villanger er sjølv blitt mor og sit ved teakbordet farfaren har laga i eit gammalt trehus frå 1890, midt i Oslo. Det er varmt ute, den varmaste mai nokosinne, og ho har på seg ein sommarkjole med rosa, blå og grøne blomar. Av og til kjem ein mild bris inn det eine vindauget som er ope, no og då høyrer vi trikken som køyrer forbi like utanfor.

– Det var kanskje det at eg etter kvart byrja å stille spørsmål ved korleis ein kan vidareføre desse tradisjonane utan å gå djupare og faktisk tru på det? Sånn på ekte, liksom. Eg veit at ho tok det veldig tungt.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også