Logg inn

– Dei nynorske bøkene fortel ei alternativ teologihistorie

Jan Inge Sørbø har gått igjennom heile den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen til i dag. Nynorsken fekk tidleg rykte for å vere «gudlaus», men bøkene har vore laboratorium for religiøse idear.

Nynorsken var frå starten av ei målreising som hadde som ambisjon å samle heile Noreg. Krafta­ i det nynorske skulle fornye den norske nasjonen frå innsida. Folkeånda skulle vekkast til live. Etter kvart slo likevel ny­norsken seg til ro i opposisjon, som minoritetsspråk.
– Nynorsken blir forstått som eit opprørsk språk. Det skulle stå imot maktspråket. Frå dei tidlege ambisjonane om å bli hovud­kultur, blei erkjenninga i nynorskfolket at dei representerte­ ein motkultur, seier professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, Jan Inge Sørbø.
Måndag er det lansering av storverket Nynorsk litteraturhistorie, ei tjukk bok der Sørbø går igjennom den nynorske skjønnlitteraturen frå starten på midten av 1800-talet og fram til i dag.
– Kvifor skal vi snakke om ei nynorsk litteraturhistorie, og ikkje berre ei norsk?
– Det er naturleg å stille spørsmålet om den nynorske litteraturen er ein eigen litteratur med eigne kjenneteikn. Krinslaupet tyder på det: Først dukkar språket opp, så kjem det publikasjonar som brukar dette språket, deretter oppstår organisasjonslivet rundt språket, eigne forlag og distribusjonskanalar. Den litterære institusjonen blei laga frå grunnen av i alle ledd. I den forstand er den nynorske litteraturen ein eigen litteratur, laga av idealistar som meinte at han var viktig, seier Sørbø.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også