Med hjarte for laget

Ho finn ro i kyrkja, men stortingspresident Tone W. Trøen 
går heller på fotballkamp enn på gudsteneste.

Min tro

Snøen er smelta, og gresset er grønt.

Vintern er over og er det ikke skjønt.

Det ljomar frå tribunene på Åråsen stadion. Datoen er 6. mai, Lillestrøm (LSK) skal spele mot Sandefjord.

Tone Wilhelmsen Trøen står med LSK-skjerfet i hendene, vendt mot bana.

Forventinger skapes hver eneste vår

Kanskje – blir dette Fuglas år

– Lillestrøm har alltid vore mitt lag. Det har vore ein del av meg, sjølv om eg ikkje har dyrka det i alle år. Det er akkurat som med trua mi.

Trøen sit i sofaen heime på Eidsvoll. Bak henne skimtast eit piano og eit langt spisebord, der ­stolane ber merke av katten Børre som ein gong var medlem av familien på fem. Fuglekvitter strøymer inn den opne verandadøra. Graset i hagen er vått, det er regn i lufta.

På bordet står svigermors kanelbollar.

– Om eg hadde baka, hadde dei vore søtare. Og feitare. Desse passar til frukost, seier ho med eit smil.

Verdikonservativ

Tone W. Trøen segla inn i det norske mediebiletet i vår, då det vart kjent at ho skulle ta over som stortingspresident etter at Olemic Thommessen vart tvungen til å gå av. Då den siste budsjettsprekken for byggeprosjektet vart kjent tidlegare i år, mista Thommessen tilliten i Stortinget.

Sidan 1987 har Trøen vore aktiv i Høgre. Det byrja med at ho var oppteken av korleis barn og unge hadde det der ho vaks opp, i Nes i Akershus. Som 23-åring og nybakt mor sat ho i kommunestyret.

– Der var det ikkje mange småbarnsforeldre som trengde barnehageplass, seier ho.

For henne var det aldri noko alternativ til Høgre. Ho trekk fram tilliten til enkeltmennesket, samtidig som ho meiner at partiet gir eit sikkerheitsnett til dei som treng det. Valfridom er viktig.

– Eg er av dei som er for kontantstøtte, fordi det kan ikkje vere sånn at det er samfunnet heile tida som skal definere kva som passar for alle.

Det siste året har ho forsøkt å få Høgre til å stemme­ nei til å tillate eggdonasjon i Noreg. Den kampen tapte ho.

– Er det ekstra vanskeleg når ditt eige parti går imot deg i verdisaker?

– Det er klart det er vanskeleg når partiet endrar standpunkt når ein er veldig engasjert i eit spørsmål. Men det er eit kjempevanskeleg etisk dilemma.

Trøen hadde aldri tenkt over at ho kunne vere kandidat til stortingspresidentvervet.

– Eg vart stolt over at partiet ville foreslå meg, og audmjuk overfor den store oppgåva. Men eg var også litt i tvil, for stortingspresidenten er mindre politisk aktiv enn ein fag­politikar i komité.

No er ho oppteken av å gjennomføre byggeprosjektet, og attskape tillit til henne og dei 168 andre folkevalde.

Trygt

Trøen vaks opp som attpåklatt bak to sysken som er fjorten og sytten år eldre enn henne. Ho gjekk på ski, dreiv med friidrett og spelte handball. Då som no var ho litt beskjeden – i konfirmasjonen la ho ned forbod mot talar, ho ville ikkje ha all merksemda. Ifølgje henne sjølv har dette blitt betre med åra. 
17. mai var ho sjølv hovudtalar ved Eidsvollsbygninga.

Foreldra hennar gjekk ikkje ofte i kyrkja og ga ikkje uttrykk for at dei trudde.

– Men det har blitt sånn for meg, seier ho.

– Når skjedde det?

– Eg hadde ei periode då eg var ung då eg reflekterte mykje over kvifor vi er her i denne verda. Men eg trur ikkje eg har jobba så mykje med trua, den har berre sakte men sikkert vorte ein del av meg.

– Er det ein styrke for ein ­politikar å tru på Gud?

– For meg er det det.

– På kva måte?

– Det har eg ikkje tenkt så mykje over. Trua berre er der i bakgrunnen.

Av og til ber ho kveldsbøn. Ho trur Gud er nokon som er der for oss når vi treng det.

– Det er vanskeleg å definere­ mi tru, og så har eg eigentleg tenkt at det ikkje er så viktig at eg gjer det heller, så lenge eg føler at eg har noko der som eg kjenner er trygt for meg.

---

Tone Wilhelmsen Trøen

  • 52 år, gift, tre søner.
  • Utdanna sekretær og ­sjukepleiar.
  • Aktiv i Høgre sidan 1987.
  • Valt inn på Stortinget for Akershus frå 2013.
  • Har vore medlem av helse- og omsorgskomiteen og leia ­familie- og kulturkomiteen. Er parlamentarisk nestleiar for Høgre.
  • Valt som ny stortings­president i mars i år, etter at ­forgjengar Olemic Thommessen gjekk av som følgje av byggeskandalen. Ho er den andre kvinna i historia som har dette vervet.

---

---

4 raske

  • Gud er: Trygg.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Familien min.
  • På min gravstein skal det stå: Her kviler. For eg trur det er det ein gjer når ein er borte.
    Boka alle må lese: Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede av Jan Wiese.

---

Ho tenker ofte på Gud når livet er tungt. Men etter kvart som ho har blitt eldre, kan ho også tenke på han i takksemd – for mannen og dei tre sønene.

– Likevel er det veldig skjørt. Ingen kjenner
dagen, ingen kjenner timen. Å vite det at det handlar om å ta vare på det ein har, og samtidig tåle det som kjem.

Vonbrot

Som 26-åring og småbarnsmor skilde Trøen seg etter fem års ekteskap. Då ho nokre år seinare skulle gifte seg igjen, ville ikkje presten vie dei.

– Då vart eg veldig vonbroten over kyrkja. Kvifor­ skulle nokon kome å fortelje meg at det ikkje var riktig å gifte seg i kyrkja ein gong til? Eg visste jo det var riktig.

Det ordna seg ved at det kom ein prest frå eit anna prestegjeld.

– Sit vonbrotet over kyrkja i enno?

– Nei, eg er ikkje langsint. Og eg skulda ikkje det på Gud, for å seie det sånn.

Hamrelydar frå naboen blandar seg med fuglekvitteret frå hagen.

– Men eg kan skjøne at det er mange som kan ha blitt skuffa av kyrkja opp gjennom tidene. Homo­file. Kvinnelege prestar

Eg er glad for at det er folk i kyrkja som tek dei diskusjonane.

Vil vinne

Ho vert kalla jordnær, ærleg, aktiv. Ho ser sjeldan ferdig ein film, det sovnar ho frå. Ofte sit ho i lesekroken i stova, omringa av bøker frå golv til tak. Men inst inne er ho ei fotballgal jente, hevdar somme.

Trøen går alltid i kyrkja på julaftan. Elles går helgene ofte med til fotball. Ho snakkar om «ein kul tunnel» og «ei herleg finte». Sånt kan ho glede seg over. Ho tykkjer lagidrett er fascinerande.

– Du er både individualist og del av eit lag. Det er sånn med resten av samfunnet også. Eg er i Høgre, men eg er også meg sjølv.

Den eine sonen spelar på Strømmen i første ­divisjon, men eit Strømmen-skjerf kan ikkje mora ta på seg.

– Kvifor ikkje?

Ho ler, litt brydd.

– Fordi eg held med Lillestrøm, seier ho medan latteren bryt seg fram mellom orda.

Eg er av dei som er veldig glad i livet. Eg tykkjer døden er skremmande og veldig definitiv, på ein måte.

—   Tone Wilhelmsen Trøen

– Forklar, for oss som ikkje er så interessert i fotball.

– Det berre er sånn. Eg kan liksom ikkje halde med mange lag. Men eg unnar dei sjølvsagt å vinne.

Stort smil

Ho innrømmer at ho ikkje har latt
sønene vinne i Ludo veldig mange gongar opp gjennom åra. Dei må jo lære seg å takle både sigrar og tap, meiner ho. Sjølv går ho og ventar på resultatet av eit rebusløp Høgres stortingsgruppe gjorde i London for nokre veker sidan.

– Å måtte vente i fire veker på å få vite kven som vann, det er krevjande!

– Kvifor er det så farleg å tape?

– Det er ikkje så farleg, eg gløymer det fort. Men anten har ein eit konkurranseinstinkt eller så har ein det ikkje, trur eg.

– Er det ein god eller dårleg eigenskap, tenker du?

– God. Men det kan hende nokon rundt meg ikkje er einige.

Lang sorg

– For somme kan fotball vere som ein religion. Er det slik for deg?

– Nei. Men eg forstår at fotball kan bli så sterkt for nokon. Som i England, der det både kan vere politisk og religiøst om ein held med dei raude
eller dei blå. Der sit det djupare enn her.

Ho fortel om mora, som var fødd og oppvaksen på Vålerenga i Oslo. Døypt, konfirmert og gift i Vålerenga kyrkje. Og Vålerenga-tilhengjar.

– I gravferda hennar spelte vi songen Vålerenga kirke då vi bar henne ut. Så då kan du seie at vi knytte hennar fotballinteresse til gravferda. Men det var like mykje det at den songen så innmari godt forklarte mammas historie.

Trøen hadde eit nært forhold til begge foreldra. Då faren vart dement, vart det krevjande for mora. Det var yngstedottera som til slutt køyrde han til sjukeheimen, ein plass han absolutt ikkje ville. Ho skildrar det som ei lang sorg.

– Når nokon du er glad i vert dement, døyr dei sakte frå deg.

Faren døydde i 2012, mora i 2016. Då vart trua viktigare.

– Då kjende eg på at ikkje berre kyrkja, men presten, vart ein spesiell faktor i den sorga. Det var godt å snakke med nokon som kunne sette alt inn i ei større ramme. Det handlar om å setje sorga i perspektiv. Og å forstå at det er greitt å vere trist, sjølv om ein mistar gamle foreldre.

Ansvar og omsorg

52-åringen er imponert over jobben prestar gjer for folk i vanskelege situasjonar. Som nyutdanna sjuke­pleiar i vaksen alder kjende ho også på kor tett ein kjem på ­livet til andre når ein jobbar med sjuke­ menneske.

Sjølv fekk ho diagnosen ulcerøs kolitt som 24-åring. Ho fortel om fleire år med ein tarmsjukdom som gjekk i krevjande bølgjer. Kvart svangerskap gjorde den litt verre. Då ho kom att frå jobb på ettermiddagen, orka ho lite. Mannen og sønene måtte ta seg av det meste.

Du er både individualist og del av eit lag.

—   Tone Wilhelmsen Trøen

I 2003, då ho var ordførarkandidat i Eidsvoll, måtte ho gå heile dagar utan mat under valkampen.

– Det var fordi eg ikkje hadde nokon kontroll på når eg måtte på toalettet. Det er tabubelagt å ha ein tarmsjukdom.

I 2005 vart ho operert og følte ho fekk livet tilbake. Som politikar hadde ho vore oppteken av helsevesenet og som pasient vart ho fascinert av kor godt det fungerte. 42 år gammal bestemte ho seg for å bli sjukepleiar.

Ho likar kombinasjonen av mykje ansvar og omsorg og jobba to år som sjukepleiar før ho vart valt inn på Stortinget i 2013.

Som student såg ho ein person døy for første gong.

– Det var ei dame som ikkje hadde pårørande. Eg sat der og strauk henne på handa. Det er sånn livet er, men det gjer veldig inntrykk.

Ho fortel om svigerfar, som døydde brått medan han var barnevakt for sønene hennar.

– Når du ser eit menneske du kjenner godt død, så merkar du at sjela har reist. Han var ikkje den same som han hadde vore dagen før då eg ga han ein klem og sa: Takk for at du hjelper til.

– Trur du sjølv at det er noko etter døden?

– Ja. Men eg veit ikkje kva, det er det vel ingen som gjer.

– Har du førestellingar? Ynske?

Ho tenker seg om.

– Eg er av dei som er veldig glad i livet. Eg tykkjer døden er skremmande og veldig definitiv, på ein måte. Eg veit ikkje.

– Trur du at du vil møte igjen dei du har mista?

– Ein kan jo ynskje seg det. Og drøyme om det kanskje. Men samtidig er det vanskeleg å sjå føre seg korleis det skulle vore.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro