Åleine med Gud

Kvar kveld sit forfattar Håvard J. Nilsen åleine i mørket og tenker: Kom og ta meg, viss du tør.

Min tro

– Du må ikkje lese deg dum. Det fekk eg stadig høyre i oppveksten.
Rundt Håvard J. Nilsen er det hylle på hylle med bøker. Biografiar, reisebøker, fagbøker om jakt og fiske, bil og båt. Studentar sit med laptopar på fanget og proppar i øyrene. Ein pensjonist går nøye gjennom dagens aviser.
Drammensbiblioteket er Nilsens tidlegare arbeidsplass. Han kjenner seg heime.
– Eg vaks opp i ein kyrkjelydskultur der dei som kunne lite og eigentleg forakta kunnskap, fekk lov til å styre. Kunnskap og bøker var noko mistenkeleg.
Han fortel om eit pinsekarismatisk ungdomsmiljø der alle skulle vere einige, der ein vart sett på som vanskeleg om ein stilte spørsmål.
– Heldigvis har eg gode foreldre som sa: Du må lese bøker, du må tenke sjølv. Det går ikkje an å lese seg dum, du kan lese deg smart.

Menneske først

I 2017 debuterte Nilsen som forfattar med diktsamlinga Litt som den sangen. I den 118-siders lange boka er det éin referanse til kristendomen: «Lovsangen fra pinsemenigheten går som et ekko gjennom gatene». Han ville ikkje ta omsyn til trua i boka, seier han.
38-åringen er ingen kristen forfattar, det er han tydeleg på, men ein forfattar, som er kristen. Han viser til  den danske presten og salmediktaren N.F.S. Grundtvig:
– Han snakkar om at du er menneske først, så kristen. Ein av dei mest fundamentale bristane i det menneskesynet eg vaks opp med, var at det kristelege var den einaste definerande eigenskapen. Då vert det vanskeleg å utforske og skrive god litteratur, seier han.

---

Håvard J. Nilsen

  • Fødd i 1980.
  • Frå Mosjøen, bur i Drammen.
  • Poet og historikar. Debuterte som forfattar i 2017 med diktsamlinga Litt som den sangen.
  • Arbeider ved Danvik folkehøgskule.
  • Bidreg til årets Påske og pasjon, som er i regi av mellom andre Oslo bispedømeråd.

---

Sin eigen veg

Nilsen budde på Sandvik folkehøgskule utanfor Mosjøen fram til han fylte 11 år. Faren var lærar der. Nilsen hugsar møter med menneske som var «djupt truande» og kjensla: No er vi saman om noko som er viktig.
Som liten vart han og syskena tatt motvillig med til Betel for å høyre på eviglange preiker. 13 år gamal tok Nilsen eit val. Han rekte opp handa under eit møte og vart frelst.
– Eg var nok kristen før det, men det er noko med å bli stor nok til sjølv å kunne ta eit val. Ein kan ikkje berre surfe på trua til foreldra.
Sidan tenåra har det vore viktig for han å gjere ting på hans måte, gå sin eigen veg. Derfor valde han å ikkje bli døypt i ein kyrkjelyd med dåpskappe og pastor.
– Nei, eg vart døypt klokka halv 2 på natta i dammen på Sandvik, av ein kamerat. Vi var der på ungdomsstemne.
Nokre vitne såg på. Kameraten sa nokre ord, så lukka vatnet seg over han.

Åndsjunkies

Omkring starten av 1990-talet reiste nokre frå kyrkjelyden i Mosjøen til Sverige og kom tilbake med nye impulsar som skulle bidra til å endre miljøet Nilsen var ein del av. Han var med i band og spelte lovsongar. Det var fredagsmøte med tungetale, lys, preiker som «hausa oss opp».
– Det fundamentale i den karismatikken er ei kjensle. Vi ville overgi oss, det var eit ynskje om transcendens. Vi var utruleg svermeriske.
På veg heim frå ei helg med pinserørsla i Bodø, spurde Nilsen konduktøren på toget om han fekk lov til å vitne over høgtalaranlegget.
– Det er artig å tenke på no, men det var ganske vilt, seier han og smiler blygt.
Dei vart fortalt at dei betydde noko, at dei kunne forandre verda. Nilsen fortel om ei fantastisk kjensle av å vere fylt av Gud.
– Nattsida av det var at vi var åndsjunkies. Vi skjønte det ikkje då, men vi hadde behov for rusen, kicket. Om eg hadde halde fram på den måten ... Hadde det ikkje vore for mamma og pappa, kan det hende trua hadde kollapsa heilt, og kanskje eg også.
– Kvifor?
– Trua var ikkje berekraftig. Det var litt som å ete marshmellows og håpe at du skulle bli mett ein dag.

Gudsmøter

Nilsen ser opp og vinkar. Det kjem stadig gamle kollegaer som vil ha eit ord. Dei som kjenner forfattaren godt kallar han engasjert, omsorgsfull, målbevisst. Han elskar ein god diskusjon og siterer gjerne frå Bibelen. Sjølv kallar han seg «skravlat», og ein som sit altfor lite i ro.
Derfor skrur han av alle lysa kvar kveld, før han legg seg. Sit der åleine i mørket.
– Nokon vil kanskje kalle det bøn, men eg ber ikkje. Eg har eit bilete av at eg står og ser opp og tenker, litt trassig: Kom og ta meg, viss du tør.
Mange gongar har han kjent seg rørt av Gud. Som den gongen han gjekk frå brakka på Stavern, då han var i militæret, og sette seg nede ved sjøhusa.
– Eg trur ikkje eg har lyst til å seie konkret kva som skjedde. Men plutseleg hadde eg ei heilt tydeleg oppleving av at eg var i ferd med å gå, men at Gud ba meg om å sitte. Fordi det var så fint å sitte der saman med meg.
Nilsen fortel om ein passasje han trur er frå ei bok av C.S. Lewis.
– Han skriv at når vi endeleg møter Gud, så kjem vi til å sjå tilbake på livet og tenke: Ah, det var du som var der, det blaffet som gjekk forbi meg. Det var du som dytta borti meg akkurat då eg trengde det. Det vert nok mange sånne, når vi får oversikta.

---

4 raske

  • Gud er: Fryktinngytande.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Å lese bøker.
  • På min gravstein skal det stå: Ad astra per aspera – vegen til stjernene er hard.
  • Boka alle må lese: Frihetens øyeblikk av Jens Bjørneboe.

---

Fri

38-åringen ser fram til å døy, om mange år.
– Vi døyr åleine. John Masefield har skrive eit fabelaktig dikt, om «the strangeness passing the unknown».
Han bøyer seg fram og kviskrar:
– Eg gler meg sånn til å gjere det. Tenk å få lov til å ta den reisa heilt åleine, vere pioner og pilegrim.
I tillegg vil han legge livet sitt fram for Gud, når alt er gjort opp.
– Eg vil seie: Her er det eg gjorde, her er det eg valde å bruke tida mi på, dette kan eg stå for. Kva syns du? I den augneblinken får eg lov til å bli menneske. Då vert eg fri.
– Er det viktig å få ei stadfesting?
– Eg vil gjerne høyre kva han seier. For å unngå dei store overraskingane, prøver eg å lytte litt til han kvar dag. Eg har ei førestelling av at viss ein prøver å halde seg nokolunde i nærleiken av Gud, så vil du bli påverka. Om du held deg i den vinden, vil du bli driven dit du skal. Det kan vere tilfeldig, men det kjennest ut som det er noko anna i spel enn berre meg.

Frykt og respekt

Som student tok Nilsen fatt på Jens Bjørneboes trilogi Bestialitetens historie. Livet vart aldri det same igjen.
– Eg hadde allereie meldt meg ut av pinsemiljøet heime, men så kom Bjørneboe og blåste vekk alle murane i hovudet mitt. Han fekk meg til å miste pusten, reint fysisk. Eg tenkte: Shit, så ærleg går det an å sjå på verda. Så ærleg kan ein gripe an både vondskapens problem, Gud og menneskets natur.
Då han vaks opp, vart han oppfordra til å elske Gud. Som ung forfattarspire skreiv han forteljingar der han og Gud var kompisar som utforska verda. I dag ser han på han som ein general.
– Om ein skal ta han på alvor, er det han som har skapt verda, og det er han som sit og ser på Auschwitz, Rwanda, Srebrenica, Utøya - utan å løfte ein finger. Og viss han er den Jesus påstår han er, kan han utslette oss sånn!
Nilsen knipsar med fingrane.
– Klart det er fryktinngytande. Eg får ikkje til å elske han, det er urimeleg å krevje det.
– Har møta med Gud endra seg i vaksen alder?
Han tenker i nokre sekund.
– No er det meir ei kjensle av respekt.

Ved kjernen

Nilsen brukte heile studietida på å bryte med ungdomsmiljøet. Han veit ikkje om han er ferdig med prosessen enno. I 2014 var han nær å miste trua.
– Kva skjedde då?
Nilsen ser ned på notatblokka han har i fanget, som han har hatt i fanget heile tida. Det er som om forfattaren i han skulle ynskje han fekk sitte her og skrive ned tankane sine, ikkje dele dei med ein nysgjerrig journalist.
– Det vi trur på kan vere så vanskeleg å sjå, å føle, å ta på. Universet er så svært og eg er så liten. Kva veit eg eigentleg om noko av dette?
Nilsen hugsar tydeleg angsten. Tenk om alt raknar? Han skulle ofte ynskje at han slapp å tru.
– Då kunne eg tatt omsyn til her og no, og ikkje tenkt på alt det andre. Men eg er dømt til å tru på han. Eg er ikkje kristen fordi det er behageleg, for det er det jo ikkje. Men når eg kjem til kjernen, så trur eg.
– Kvifor?
– For å verkeleg eige trua, må ein sette seg sjølv i ein posisjon der ein står i fare for å miste den. Elles er det ikkje ekte. Det var kanskje grunnen til at eg forlèt det karismatiske miljøet eg vaks opp i, for der var det så trygt. Du vart ikkje utfordra, alle kantar var polert ned. Det er liksom ikkje sterkt nok, det er som å spele tennis utan nett, seier Nilsen.
– Kvifor eg trur? Då er vi ved kjernen til mysteriet. Delvis er det gammal vane, eg kjenner ikkje noko anna. I tillegg er der ein intellektuell bit. Slik eg ser det, er det kristne menneskesynet det mest realistiske vi har.
Han meiner Paulus formulerte det godt i sitt brev til romarane: Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.
– Det er heile essensen av kva det er å vere menneske.

Søker sanning

38-åringen kallar seg ein kristen frifant. Sidan tenåra har han ikkje vore del av noko kristent miljø. Det er to grunnar til det, trur han.
– For det første elskar eg det å vere åleine i møte med Gud. For det andre har eg funne mitt miljø andre stadar, med både kristne og ikkje-kristne vener. No har eg ein kristendom som er min, som ingen sterk Livets Ord-pastor har fortalt meg, som ingen gruppedynamikk har dytta på meg. Eg har funne ein måte å tenke på som gir mykje meir meining for meg.
– Er trua noko du har eller noko du er?
– Noko eg er, absolutt. Eg er ikkje kristen fordi eg har lyst til å tru, men fordi eg søker sanninga om verda og trur at Gud er det. Men den dagen eg finn ut at han ikkje er det, må eg ta konsekvensen av det. Viss det skjer.

Om ein prøver å halde seg nokolunde i nærleiken av Gud, så vil ein bli påverka

—   Håvard J. Nilsen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro