Siste stopp Paris

Han flykta frå Norge, berre for å leve på gata i Paris. Så rekte Stortinget fram eit halmstrå. Kamran greip det.

Reportasje

Marssola har gått ned, og tok varmen med seg. Gradestokken­ viser tre pluss. På kaien ved kanalen­ prøver åtte unge menn å halde liv i eit bål med fuktig, samanraska ved. Kalde hender søkjer varme, sur røyk smyg seg over kaien ved Saint Martin-kanalen, festar seg i sovepose, klede, telt; grøne, raude, blå. Nokre med ekstra plast over, vernar teltdukar utvaska av vinterregn.

Tome plastskåler med spor av raud saus fortel at magar er metta, av frivillige som dagleg kjem med dagens varme måltid. For dei fleste det einaste.

Regnet kjem, som varsla. For lite til å bli dyvåt. For mykje til berre å riste det av seg. Soveposar som har hengt ute til lufting blir lempa inn i telta. Bålet av sponplaterestar ulmar ut i ei grå sky.

Afghanarane søkjer ly i igloane. Verda blir stengt ute.

Velkomen til Camp Jaurès.

– Eg budde her då eg kom til Paris, i fjor. Det var ille. Men det var ikkje noko anna tilbod. Eg måtte sove ute.

Kamran står på kanalbrua, i tjukk vinterparkas, med solide sko på føtene, og nikkar mot teltleiren. Han seier høfleg nei då vi spør om vi kan gå ned, han har berre ikkje lyst. Han kjenner ingen av dei som bur der no.

Kamran skuttar seg, og fortel at Frankrike ikkje er så rause som Norge.

– Her må du klare deg sjølv som asylsøkjar.

Jaurès er ein metrostasjon nordaust i Frankrikes­ hovudstad.

Barn av oktober

I fjor fekk vi eit nytt ord. Ordet nådde heilt til finalen i Språkrådets konkurranse «årets nyord». Oktoberbarn.

Det blei eit anna ord for mindreårige, einslege asyl­søkjarar frå Afghanistan som kom til Norge hausten 2015 og søkte asyl, men som berre fekk mellombels opphald fram til dei rundar 18.

Fordi mange av gutane mangla kjent identitet og fødselsdato, blei dagen dei registrerte seg som asylsøkjarar ført inn som bursdagen. Sidan flest kom i oktober, blei afghanarane «oktoberbarna».

Ut med tvang

Så kom det for ein dag. Straks ein mindreårig afghanar, som har fått endeleg avslag frå utlendingsforvaltninga, fylte 18 år, og det mellombelse opphaldsløyvet gjekk ut, blei han sendt til Afghanistan. Med tvang.

Reisetal frå Politiets utlendingseining (PU) viser­ at 276 afghanarar blei uttransporterte av PU i ­perioden januar-september i fjor.

Jungeltelegrafen varsla dei som stod for tur. Unge afghanarar tok sjølve hand om eigen lagnad. Dei pakka sitt jordiske gods, mobiltelefonen og litt klede og flykta tilbake den vegen dei kom. Ut av Norge, gjennom Sverige, sørover i Europa. Til Paris, til ingenting.

Betre liv

– Kvifor hit, til eit liv på gata, Kamran?

– Vi høyrde at Frankrike kunne gjeve oss ein ny sjanse, vener hadde fått opphald.

– Kvifor valde du Norge i 2015?

– Eg, og mange med meg ville eigentleg til Tyskland, men fordi landet fekk så mange i 2015, fekk vi rådet, «prøv Norge, færre reiser dit».

Kamran på 15 kom til Nordland. Han fekk kost og losji på mottak, han fekk verge, han byrja på vidaregåande skule, han møtte andre som lærte Norge å kjenne, han fekk vener, han lærte norsk, han spelte fotball, han møtte jenter, han var glad.

Men han fekk berre mellombels opphald, fram til han fylte 18. Då flykta han frå alt. Slik fleire hadde gjort før han, slik mange har har gjort etter han.

– Eg reiste til Paris.

Kamran var heldig. Dagane i telt blei heller få. Han steig opp frå den skitne teltmadrassen til seng med tak over og strøjobbar. Kamran bur saman med afghanske vener han fekk i Paris, og blir ringt etter når nokon skal ha gjort ein tung, skitten jobb til svært dårleg betaling.

Tre krav

14. november i fjor kjørte Stortinget over Solberg-regjeringa og instruerte ho til å stoppe­ ­returane, og gje oktoberbarna ein ny sjanse i utlendingsforvaltninga. Ap, Sp, SV, Venstre, KrF, MDG og Raudt kravde at innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) snarast mogleg kom opp med ei ordning som skal sikre rundt 200 ungdommar, i hovudsak frå Afghanistan, ny vurdering.

Men Stortinget og regjeringa stiller tre ufråvikelege krav til dei som får halmstrået strekt mot seg:

- Dei må ha fått endeleg avslag mellom 1. oktober 2016 og 1. februar 2018.

- Dei har fått eit tidsavgrensa opphaldsløyve fram til dei fyller 18 år.

- I siste vedtak frå utlendingsforvaltninga må dei ha blitt vist til internflukt i heimlandet, slik at dei kan sendast til Kabul sjølv om dei kjem frå ein annan provins.

År i telt

– Kamran har søkt på nytt, han oppfyller krava og kan vone på omgjering, fortel Mona Bentzen.

– Naqib kan ikkje, han prøver difor å få opphald i Frankrike. Heller ikkje Bilal kan søkje, for han er «dublinar», og skal sendast tilbake til Norge, der han først søkte asyl. Frå Norge blir han deportert til Afghanistan. No har vi leigt han inn privat her i Paris, og ­vonar at han ikkje blir pågripen av fransk politi, og sendt til Norge.

Bentzen er for tredje gong i Paris sidan nyttår. Kunstnaren frå Oslo har gjort hjelp til ­afghanske asylsøkjarar til livssak. Ho er sentral i Refugees Welcome Afghan Lives Matter. Nettverk­et samlar inn pengar som Bentzen tek med seg til ­Paris for å hjelpe unge afghanarar som har flykta hit frå Norge. Reise og opphald betalar Bentzen sjølv.

– Sjå her, her er biletet eg tok av Naqib og Bilal då eg fann dei i eit telt på Jaurès i fjor, to møkkete og slitne gutar. Naqib sov ute i telt i nesten eitt år før han blei slept inn på eit mottak, fortel Bentzen og leitar opp mobilfotoet av dei to.

Naqib ventar på asylsvar, han vonar Frankrike gjev han opphald.

---

Oktoberbarn

  • Mindreårige, einslege asylsøkjarar frå Afghanistan som kom til Norge hausten 2015 og fikk mellombels opphald fram til dei blir myndige.
  • Fordi mange av dei mangla kjent identitet og fødselsdato, blei dagen dei registrerte seg som asylsøkjarar rekna som fødselsdato. Dei som fekk alderen sjekka til 16 år, blei ifølgje norske styresmakter dermed myndige i hausten 2017 og mista dermed det mellombelse vernet dei har hatt som barn.
  • Sidan flest flyktningar kom i oktober 2015, har dei fått namnet «oktoberbarna».
  • Utlendingsstyresmaktene meiner at oktoberbarna kan sendast tilbake til Kabul, også dei som opphavleg ikkje kjem frå den delen av landet.
  • Mange forsvann frå mottaka før 18-årsdagen. Fleire er blitt funne att i Paris, der dei lever på gata.
  • 14. november fatta Stortinget, mot stemmene til Høgre og Framstegspartiet, eit vedtak som blant anna inneber at nokre av oktoberbarna vil få søknaden behandla på nytt.
  • I januar sa Utlendingsdirektoratet at drygt 200 oktoberbarn er omfatta av ordninga.

---

Mettar svoltne

Mona Bentzen held kontor på Les Delices d´amour, ein tyrkisk grill som byr på halalmat. Rundt bordet skuffar svoltne, unge menn inn kebab, grillspyd, salat, pommes frites og brød.

– Et først, så tek vi saka di etterpå, formanar Bentzen ein kar i heilsvart som har kome inn til Jaurès fordi han avtalte å møte henne sist ho var i Paris. Han bur på eit mottak, og treng hjelp med asylsøknaden han har levert inn i Frankrike – ­etter at han reiste frå Norge.

Heller ikkje han oppfyller dei tre krava Stortinget­ og regjeringa har lagt på bordet. Han vonar på ei fransk løysing.

Fått avslag

– Oi, oi.

Bentzens utbrot varslar fare. Ho bankar ein finger i dokumenta på restaurantbordet.

– Han har fått endeleg avslag, viser det seg, og han har allereie vore ein gong på flyplassen for å bli deportert til Norge. Men han nekta, noko du kan gjere to gonger i Frankrike, men tredje gongen blir du sendt ut med tvang, så her er det lite eg kan få gjort, vedgår ho.

Afghanaren stirar tomt ned på matrestane. Han veit kva som ventar, men han vil for alt i verda ikkje vende heim til Afghanistan.

Leitar i byen

Tysdag hadde Utlendingsdirektoratet (UDI) februaroversikten klar. På ein månad hadde 136 oktoberbarn brukt retten til å søkje asyl på nytt. Med nokre unntak var alle afghanske­ menn. UDI opplyser at 61 søkjarar ser ut til å fylle dei tre kriteria Storting og regjering har sett. 75 er allereie avviste.

Kartlegginga UDI gjorde i januar viser at drygt 200 kan vere omfatta av ordninga, der søknadsfristen er 2. mai. Over halvparten av desse har ukjent adresse, noko som betyr at dei har reist frå Norge.

Ordninga er kunngjort ute i verda, fortel UDI. På eiga heimeside skriv dei at informasjon er «sendt til norske ambassader i Paris, Roma, Madrid og Berlin og sjømannskirken i Paris».

– Dei eg har kontakt med har aldri sett nokon frå ambassaden eller sjømannskyrkja, fortel Mona Bentzen.

I februar samla ho saman til møte på ein restaurant. Tekstmeldingar nådde rundt 30 unge afghanarar, som alle hadde vore i Norge. Dei kom for å høyre kva Storting og regjering tilbyr.

Lærte svensk

«Er det nokon som har budd i Norge her?»

Vårt Land ruslar langs kanalen ved Jaurès. I kvart av dei fire hjørna er det teltleirar, ein stor, tre mindre. «Nei», lyder svara. Dei likar ikkje journalistar,­ særleg ikkje fotografar.
«Nokon frå Norge her?»

– Nei, men frå Sverige svarar ein i naboleiren, på godt svensk.

Han fortel at han flykta frå å bli drepen­ av Taliban i eit krigsherja ­Afghanistan, kom seg til Europa i flyktningtoppåret 2015, valde Sverige­ då Tyskland var «fullt», blei plassert på mottak, starta å lære svensk, gjekk på vidaregåande.

– Men så kom svaret på asylsøknaden, avslag. Eg anka, men avslag. Så no er eg her, kom for 20 dagar sidan. Paris er mykje betre enn Kabul.

Guten er enno ikkje blitt merka av camping Jaurès. Kleda er framleis reine, skoa ikkje møkkete, soveposen og teltet nytt. Trua på Frankrike sterk.

Trøyst i rusen

– Prøv der borte, der er det nokre norske.

«Svenskane», som tel fire, peikar mot det siste hjørnet ved kanalen, der støyen er høgast og søppelet flyt. Sjølv dei som ingenting har får mykje til overs.

– Vi var i Norge.

To unge menn stig fram, blir avbrotne av ein hissig kar som har ­mykje på hjarta. Med sinne i røysta dundrar han laus, på morsmålet pashto. Kameratar kjem til og førar han bort. Mellom dei som bur på gata, i evig frykt for å bli henta av politi, er det fleire som passerer ei grense etter lang tid under press.

Dei to kjem tilbake. Fortel at dei kom seg til Norge då dei flykta frå Afghanistan. Men at UDI og UNE meinte dei ikkje hadde behov for vern, så då var vidare flukt einaste løysing. Afghanarane oppfyller ikkje krava Stortinget og regjeringa stiller i ekstrarunden. I Frankrike har dei heller ikkje fått opphald.

Dei fortel om flukt frå Taliban som drap familie, om trua på ei framtid, i Norge. Orda renn ut, hjarta blir letta.­ Undertonen er sinne, para med ­resignasjon. Blir vi returnerte ventar døden, seier dei og dreg hand over strupa.

– Dagane våre her i telta går i eitt. Vi merkar ingen skilnad. Vi har kome dit at no er hasjen einaste trøyst. Vi treng noko som gjev oss andre draumar, som tek oss vekk herfrå.

Nytt telt

Neste dag er han med hasjsigaretten verkeleg vekk. Politiet kom tidleg morgon, saman med reinhaldsverket. Kaiplassen blei sopt, telt, madrassar og soveposar kasta, afghanarane ført vekk. Til eit mottak, fortel to som strevar med å slå ny leir. Dei kom i det politiet kjørte. Dei har med seg pallar, må få teltet opp frå bakken, vatnet må ikkje renne inn. Snart sit dei inne i teltet, det regnar i Paris.

Et først, så tek vi saka di etterpå.

—   Mona Bentnzen

Refs frå Paris

På Les Delices d´amour helsar Mona Bentzen to nye afghanarar velkomne til bords. Dei har meldt på mobilen at dei kjem, at dei treng hjelp. Dei kjem frå Norge, bur i telt under ei motorvegbru, nord i Paris.

– Sit ned, ber Bentzen etter å ha helsa på to iskalde hender.

Mona Bentzen og Refugees Welcome Afghan Lives Matter hjelper med det basale, enkelt losji for korte periodar, varme vinterklede, mat i kroppen og hjelp til å finne fram i den franske utlendingsforvaltninga.

Frå hjelpekontoret i Paris sparkar ho ein statsminister og to parti på leggen.

– Alle refsar Sylvi Listhaug for den hardhendte behandlinga av oktoberbarna. For meg er ikkje Listhaug viktig. Det er Erna Solberg som har ansvaret, det er ho som er regjeringssjef og seier «ja, slik gjer vi det». Når det kjem til ordninga som er rulla fram, og som skal gje oktoberbarna ein ny sjanse, så er dette berre gjort for å skape ro internt i Arbeidarpartiet og Senterpartiet, asylopposisjonen i begge parti måtte stilnast. Sjølve ordninga vil ikkje hjelpe mange ­oktoberbarn tilbake til Norge.

Ordninga er berre gjort for å skape ro internt.

—   Mona Bentzen

Gav opp

På kanalkaien ved Jaurès står ein afghanar og deler ut det vesle han har, han riv eit brød i smular, åtte duer kurrar. Han har vore 20 månader i Europa. No er det slutt, han har signert dei franske returpapira, frivillig.

– Så snart eg får plass på flyet til Kabul, reiser eg, seier han og kastar ut ein ny handfull smular.

Åtte blir stappmette på Camp Jaurès.

Onsdag 7. mars, 14.43, eg fekk to tekstmeldingar frå Mona Bentzen, det var to timar sidan eg tok avskil med henne og afghanaren Kamran på restauranten Les Delices d´amour nordaust i Paris.

Meldingane på ­mobilen fortalde at glede var snudd til botnlaus sorg, for Kamran hadde fått eit dokument frå Norge, Bentzen skreiv:

«leste det gamle udi-vedtaket som han nettopp fikk fra vergen»

«trist her nå. leste kamrans avslag fra udi. han er ikke henvist til internflukt. han trodde det. sånt skjer hele tiden. de misforstår og husker feil. han er veldig lei seg nå»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje