Logg inn

Sin eigen herre

Sigurd Falkenberg Mikkelsen trur ikkje på Gud, om han absolutt må svare. Men i den avvisinga ligg det ein god dose tvil.

Det er vår i Jerusalem og Sigurd Falkenberg Mikkelsen vandrar på måfå gjennom gamlebyen. Det er mange menneske der, «mykje teatralitet, politikk, så mykje ditt, så mykje datt». Plutseleg kjem han til Getsemane-hagen. Hagen der Jesus skal ha trekt seg tilbake og blitt forrådd. Det gjer enormt inntrykk.
– Det gjorde religion så stadbunden på ein heilt anna måte. Det som hadde vore veldig abstrakt for meg, vart plutseleg veldig, veldig konkret, fortel Mikkelsen.
Vi sit på ein kafé, midt i Oslo. Mikkelsen bestiller ein kopp americano og eit stykke sjokoladekake. Kaka er tørr, men den duger etter ein intens dag med redigering av ein podkast om skuleskytingar i USA.
Han seier han vart litt overrumpla den dagen i Jerusalem. Kanskje var han meir open, meir mottakeleg enn vanleg.
– Er du eit åndeleg menneske?
– Nei. Men samtidig tykkjer eg det er veldig fint å vere i nærleiken av religiøse stadar.
Han tenker litt.
– Om eg skal vere ærleg... Viss eg ikkje får tenkt meg så mykje om, så ligg det kanskje noko åndeleg der. Men idet eg byrjar å reflektere over ting...
– Er det journalisten som slår inn då?
– Heller rasjonalisten. Og kanskje litt historikaren i meg.

Opna verda

Sidan amerikanarane gjekk inn i Irak i 2003 og fram til den femårige korrespondentperioden hans var over i 2016, reiste Mikkelsen rundt i Midtausten og melde heim om, hovudsakleg, krig og konfliktar. 42-åringen har budd i Amman, Jerusalem, Beirut, Damaskus, Bagdad og Kairo.
Til trass for at begge foreldra har røter i Tønsberg og Nøtterøy tilbake til 1600-talet, har sonen aldri kjent seg hundre prosent norsk. 

– Det er vel fordi eg alltid har hatt ein utferdstrong i meg, som gjer at eg har sett Noreg litt utanfrå. Eg er veldig trygg på mi eiga norskheit, og det gjer kanskje at eg kjenner meg veldig trygg på mi tilhøyrsle i verda.
Kvar utferdstrongen kjem frå, veit han ikkje. Men han har nokre hypotesar.
– Pappas beste ven budde i London, vi reiste dit då eg var fire år. Utan at det nødvendigvis definerer alt, så var det veldig tidleg med på å opne opp verda i ei tid det ikkje var vanleg å reise mykje.
I tillegg har han ein oldefar som var krigsseglar og enda opp i Kongo. Kanskje ligg det noko der.

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også