Då Trine møtte Maryam

I tolv år har Maryam Trine Skogen vore muslim. Ho kunne like gjerne blitt jøde.

Reportasje

– Kvifor er du ikkje muslim?
Trine Skogen ser på læraren sin. Dei er på kontoret hans i ein moské i Oslo. Ho går dit for å lære arabisk, det har ho gjort ei stund. Først no oppdagar han at ho ikkje er muslim.
Spørsmålet overraskar henne, ho har aldri fått det før. Han spør om ho trur på det og det, og ho seier ja. Er ho villig til  å be? Ja, det gjer ho heile tida.
– Då er du eigentleg muslim, seier han.
Ho har tenkt på å konvertere, men føler seg ikkje heilt klar endå. Ho seier ho har lyst til å vente. Då spør han: Kva skjer om du går ut døra her i dag og blir påkøyrd av ein bil og du døyr som ikkje-muslim?
– Då vart eg litt skremt, fortel Skogen.
Vi sit i stova hennar, midt i Oslo. Vintersola treff øyredobbane hennar, slik at det blinkar i rommet kvar gong ho rører seg. Det raude håret er fanga i ein hestehale. Hijaben la ho på hylla i fjor haust.
– Så eg tenkte, då gjer eg det no. Og så var eg muslim.
– Same dagen?
– Der og då.

Bur Gud der? 

Dette var i 2006, då var Skogen 35 år. Ho vart først kjend med islam som barn, noko som betydde mykje.
– Om du lærer om islam via lærebøker eller fjernsyn, så er det veldig framandt. Men om du er med ein muslim heim, ser korleis dei ber, et saman med dei under ramadan, så ufarleggjer det forskjellane. Ein kan tre inn i religionen på ein observerande måte, og det kjennest veldig trygt.
Mor hennar hadde ein bibel i bokhylla og dei gjekk i kyrkja på julaftan. Og så bad Skogen kveldsbøn, den lærte ho av mora. Elles var ikkje tru eit tema i heimen.
– Det var eit slags kollektivt tabu. Men det var også veldig viktig at vi ikkje identifiserte oss med dei super-kristne. Vi hadde nokre naboar som var pinsevener, og dei vart kalla for «misjon».
Slik er ikkje vi, fekk ho beskjed om. Men sjølv var ho veldig søkande. I Borre, utanfor Tønsberg, skjedde det lite, så alle var med på alt, også søndagsskule. Skogen vart oppslukt av forteljingane ho fekk høyre der.
Som liten gjekk ho ofte til gudsteneste åleine. Kyrkja fascinerte henne og kyrkjeorgelet var det vakraste ho visste om.
– Kva var det ved kyrkja som fascinerte deg?
– Bur Gud der? Er det Guds hus? Møter eg Gud viss eg går dit? Blir bønene mine høyrde om eg er der? Og samtidig var det kjempeskummelt.
Altertavla, med ein lidande Jesus spikra på korset, gjorde sterkt inntrykk. Det var vanskeleg å bere at han døydde for hennar skuld.

Ein test

Som 17-åring flytta ho heimafrå. I mange år sto studiar og jobb først. Så, tidleg i 30-åra, vart ho meir og meir sliten, utan å forstå kvifor. Ho hadde trena mykje, vore aerobicsinstruktør i fleire år. Plutseleg kunne ho ikkje sitte oppreist og halde ein samtale. Er dette Guds straff, tenkte ho.
– Det livet eg hadde, hadde eg bygd opp sjølv. Slik tenkte eg. Eg hadde studert, fått meg jobb. Gud er veldig fjern frå ein slik tankegang der ein har seg sjølv som gud, drivkraft og kjelde.
Men no fungerte ikkje den kjelda. Og det var då Skogen skjønte at ho har fått moglegheiter, ikkje skapt noko. Og at ho har endå meir å leve for.  
For første gong på fleire år, byrja ho be til Gud. Og ho fekk raskt kontakt.
– Jo meir eg bad, dess meir la eg angsten til side.
Frykta for at ho skulle ende opp i rullestol, for at ho skulle miste dottera på fem år, vart mindre. Ho prøvde å finne eit kristent fellesskap, men opplevde kristendomen som fjern og lettvinn.
– Det eg hadde lært, var at Jesus døydde for deg, du er frelst, ferdig snakka. Du kjem til himmelen, det er ingenting å bekymre seg for. Men så held jo alle fram med å synde! Ein seier ein ting og gjer noko heilt anna. I islam var det motsett.

Stort val

Koranen snakka direkte til henne. Livet er ein test, seier ein i islam. Korleis du brukar trua di gjennom livet påverkar korleis du har det her, men også kanskje korleis det vert i etterlivet. Det appellerte veldig til henne.
Ho kontakta andre som hadde konvertert og bestemte seg for å lære arabisk.
Etter samtalen med læraren i moskeen, sa ho truvedkjenninga. Då var det gjort.
– Det er nesten litt ironisk, for det islam eg vart kjent med og vart veldig glad i, det er ikkje moskemiljøet. Det er folketrua. Av muslimar som har budd ganske lenge i Noreg og som ikkje har problem med å balansere eit sekulært samfunn og ein minoritetsreligion.
– Korleis kjendest det då du hadde konvertert?
– Det var veldig sterkt. Men eg har nok hatt ei heilt anna tilnærming når eg har hjelpt andre til å konvertere. Eg har bedd dei vente, fortalt kva det inneber, vore tydeleg på at dei aldri må konvertere for å glede nokon andre. Det er eit stort og vanskeleg val.
– Skulle du ynskje du hadde venta sjølv?
– Ja... Eg veit ikkje, det er vanskeleg å seie i ettertid. Men det er litt som når du er veldig forelska i nokon. Då føler du i heile ditt hjarte at du vil vere saman med den personen. Men når ein giftar seg, eller konverterer, bør ein kjenne kvarandre godt.
– Ville du konvertert uansett, sjølv om du hadde venta?
Skogen er stille nokre sekund, sukkar.
– Ja, eg trur det. Det var absolutt inga impulshandling, men eg skjønte ikkje då at heile livet skulle bli islam.

---

Maryam Trine Skogen

  • Fødd 3. september 1971.
    Vaks opp i Tønsberg og Borre.
    Gift, har ei dotter frå eit tidlegare forhold.
    Konverterte til islam i 2006.
    Fekk diagnosen ME i 2007.
    Skribent og samfunnsdebattant. Spaltist i Vårt Land.
    Studerer teologi ved Det teologiske fakultet i Oslo.

---

Nokon må gidde å leie dei homofile muslimane i bøn. Når ingen andre gjer det, og eg tør og kan, føler eg det som eit kall

—   Maryam Trine Skogen

Av og på

Ho tok namnet Maryam. Ho byrja å bruke hijab.
Kort tid etter konverteringa, gifta ho seg med ein irakisk imam. Men ekteskapet varte ikkje lenge. Etter to og eit halvt år der ho måtte spørje mannen sin om lov til alt, var det nok. Sidan har ho gifta seg med ein norsk mann. Både skilsmissen og den nye ektemannen har gjort at ho har mista mange vener i det muslimske miljøet.
Hijaben brukte ho dei første fem åra. Deretter tok ho ei pause, før ho brukte den i eit par år. I fjor haust tok ho den av for godt. Trur ho.
– Det er veldig ambivalent. På den eine sida føler ein seg som ei nonne, ein er stadig i opplevinga av det heilage. Det er som eit bønekjede. Det vert lettare å be, lettare å gå til moskeen, lettare å gjere gode gjerningar. På den andre sida kjendest hijaben veldig unormal og den laga ein vegg både fysisk, psykisk og sosialt.
Sidan ho konverterte, har Skogen blogga og vore ei aktiv stemme i samfunnsdebatten. Då ho sa ja til å leie homofile muslimar i bøn i fjor, fordi ingen andre ville gjere det, slutta to imamar å snakke med henne.
– Kvifor søker du offentleg merksemd, viss det er ubehag knytt til det?
– Om eg ikkje seier det, så er det ingen andre som gjer det heller. Det må bli sagt. Nokon må gidde å leie dei homofile muslimane i bøn. Når ingen andre gjer det, og eg tør og kan, så føler eg det som eit kall nesten. Eg må gjere det.
– Likar du å vere martyr?
– Eg likar det ikkje, men eg veit at eg kan gjere det. Det er mange som ikkje tør.

Intimt

I bokhylla i stova vi sit i, er det fleire utgåver av Bibelen. Koranen og Tanakh er også representert, i tillegg til fleire bøker om jødehat og holocaust. Ei bok har tittelen «Gjenoppdag kristendommen».
For eit par år sidan byrja Skogen å studere teologi. Det siste året har ho fått auga opp for kor like dei monoteistiske religionane er. Spesielt jødedomen fascinerer henne, noko ho delte med stor begeistring på Facebook-sida si. Det falt mange tungt for brystet. Nyleg vart ho spurt om ho kunne ha konvertert til jødedomen i staden for islam.
– Eg måtte ærleg innrømme at eg trur eg kunne gjort det. Viss eg hadde blitt introdusert for jødedomen på same måte som eg vart introdusert for islam.
– Har du vurdert å forlate islam?
– Eg ville ikkje brukt dei orda, men eg kjenner at kristendomen ligg meg nær no. Samtidig elskar eg islam.
– Om eg spør det om du er muslim eller ikkje i dag, er det vanskeleg å svare på?
– Ja. For det er framleis eit veldig sårt punkt.
Auga vert blanke og ho må tørke nokre tårer.
– Det er vanskeleg å seie at eg ikkje er muslim, og så er det vanskeleg å seie at eg er muslim. Tru er veldig intimt og sårbart. Ingen skal måtte forklare det. Men sidan eg har rørt meg ut av ramma, så skjønar eg at det er eit spørsmål.

---

4 raske

  • Gud er: Det første eg tenker på er allahu akbar, at Gud er større enn vi kan fatte.
    Eg klarar meg ikkje utan: Kjærleik.
    På min gravstein skal det stå: «She did it».
    Boka alle må lese: Sjølvbiografien «Wir Kinder vom Bahnhof Zoo», om Christiane F.

---

Ny Jesus

Om ho ein gong må ha eit klart svar, så blir det store spørsmålet: Kven er Jesus for meg? Det er vippepunktet.
Då ho konverterte, var det så mange ting som overbeviste henne om at islam var veldig bra. Og då måtte ho akseptere at Jesus var ein profet, ikkje Guds son. I dag kan ho ikkje svare på kva ho trur.
– Men Jesus har kanskje vore den viktigaste skikkelsen i mitt liv, seier ho.
Som barn vart Jesus framheva som eit førebilete. Det var Gud som hadde blitt menneske, han som tilgir, han som går til dei som ingen andre likar.
– Det er eit veldig fint førebilete å ha, men om du berre får høyre at det er malen for å vere eit godt menneske, så... Eg var ikkje sånn. Eg var ikkje Jesus.
Skogen kunne vere sur og bitter på venninner. Ho kunne stele småpengar frå foreldra for å kjøpe godteri. Krangle med halvbroren.
– Eg tenkte: Dette likar ikkje Gud, du er eit dårleg menneske. Du elskar ikkje Gud nok til å la vere å synde.
Som student er ho blitt kjend med ein ny Jesus, ein mykje nærare inspirasjon, som ho kallar det. Nyleg var ho medliturg under ei gudsteneste på Det teologiske fakultet, der ho preika om å få teikn. Om korleis disiplane vart overbevist om at Jesus var Guds lys og vår redning, og at alle kan få teikn frå Gud når vi treng det.
– Det var veldig vakkert og sterkt, fortel ho.
– Kan du bli prest?
– Eg utelukkar det ikkje. Eg trur eigentleg det er verdas finaste jobb. Men eg kan ikkje gjere det utan å meine og eige det hundre prosent. Og der er eg ikkje i dag.

Å vere prest trur eg er verdas finaste jobb

—   Maryam Trine Skogen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje