Les alt for bare 10 kr!

Med Gud i all slags ver

Som tenåring måtte ho velje: Gud eller fortaping? No lurer Marit Skartveit på kven Gud eigentleg er.

– Eg tenker ofte at livet mitt er to bilete som utfyller kvarandre, seier Marit Skartveit.

Vi sit i kvar vår svarte skinnstol på kontoret hennar på Grønland i Oslo. Rundt oss er veggane kvite og bare, med unntak av ei korktavle og ei klokke som har stoppa på kvart på sju. På skrivebordet står ein orkidé som har sett betre dagar. Ho er her berre to gongar i veka, sjeldnare om ho kan.

Stemma er lågmælt, men oppglødd.

– Det eine biletet er livet som ein pilegrimsveg der eg vandrar saman med Gud. Han er alltid til stades, i alle svingane, i alle oppoverbakkar og nedoverbakkar, og i alt slags ver. Det er... veldig jordnært, forklarar ho.

I det andre biletet ligg stordomen i det at Gud finst. Eg er vintreet, de er greinene, sa Jesus til disiplane sine. For Skartveit vert det noko kosmisk digert over det at Gud berre er og at han alltid har vore. Og at ho får vere ei lita grein i det heile.

Begge bileta har vore med heile livet, men dei siste åra har det andre blitt meir framtredande.

– Det både skremmer meg og er veldig tiltrekkande, seier ho.

Hornmusikant

Skartveit vaks opp i Skien på 1960-talet som einaste jente i ein syskenflokk på tre. Mor var speidarleiar, far var søndagsskulelærar. Begge var aktive i Misjonsforbundet. Kvar kveld bad mor og dotter for tante, onkel, bestemor, katten og hunden på sengekanten.
Ein dag, då ho var 7-8 år gammal, kom onkelen på besøk. Han var med i Frelsesarmeen og leia juniorhornmusikken.
– Dei trengde fleire musikantar, så han kom heim til oss og rekrutterte meg og broren min.
Sidan den dagen var Skartveit med i Frelsesarmeen.

Ein kamp

Men i tenåra vurderte ho å bryte ut. Ho følte miljøet rundt henne stilte eit sterkt krav om at ho måtte velje: Vil du gå med Jesus eller ikkje vere kristen?
– Eg forsto at det å vere kristen innebar å få ein herre i livet mitt. Ein som skulle ha noko å seie. Og det var ikkje så veldig interessant på den tida, fortel ho.
Ho var i opposisjon mot Gud i fleire år. Valet var så valdsamt, så overveldande.
– Eg måtte ta stilling, fullt og heilt. Slik fekk vi det presentert, det var anten eller. Og eg visste heile tida at det ikkje var aktuelt å miste Gud. Men samtidig var det heller ikkje aktuelt å la han styre overalt.
– Kva ville skje om du valde vekk Gud?
– Fortaping. Eg kan ikkje hugse ei einaste preike om helvete, men det var heilt klart veldig alvorleg å seie nei, seier ho.
Ho skildrar tenåra som ein kamp.
– Det som til slutt gjorde at eg kalla meg ein kristen, var at eg forsto at Gud ville meg godt. Han gjekk ikkje på tvers av det eg ville eller det som var bra for meg. Han var på mitt lag. Og eg måtte ikkje kjempe imot han.
– Var det noko spesielt som fekk deg til å innsjå det?
– Nei. Det var berre ein prosess som måtte gå sin gang.

Marit Skartveit

54 år, gift, fire barn.

Frå Skien, bur i Halden.

Gjekk offiserskulen til Frelsesarmeen frå 1983-85.

Er tilsett som kapellan med ansvar for retreat i Frelsesarmeen. Tre dagar i veka er ho i Halden fengsel, resten av tida er ho leiar av organisasjonens fengselsarbeid.

Har teologisk utdanning og held no på med doktorgrad, der ho samanliknar heilaggjering i austleg ortodoks tradisjon og i den metodistisk/salvasjonistisk tradisjon.

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også