Les alt for bare 10 kr!

Ser Gud i gråsonene

– Gud er mykje nærare dei som har det aller vanskelegast. Og det er ikkje meg, seier Anne-Marie Helland.

Publisert 14. november 2018

Det er lys i finstova på Frogner prestegard i Lier. I ein stor, grøn rokokkostol sit Sigurd Osberg, som få år seinare skal bli biskop i Tunsberg. Praten sit laust.

Inn døra kjem ei 14 år gammal Anne-Marie, som vil seie hei til mamma og pappa. Osberg helsar, spør kor gammal ho er, om ho trivast på skulen. Og har ho kanskje tenkt på kva ho skal bli når ho blir stor?

Ja, først skal ho reise, sjå heile verda og skjøne korleis den heng saman.

– Og så skal eg bli generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

Petit moi

Anne-Marie Helland ler. På bordet framfor henne er det to kaffikoppar med lysegrønt mønster, dei har ho fått i gåve frå kommunistpartiet i Vietnam. To av fire adventsljos brenn jamt og trutt.  
– Eg var nok ganske eplekjekk, litt rapp i kjeften. Men eg trefte jo ganske bra.
I 2012 vart ho utnemnt til nettopp generalsekretær i Kirkens Nødhjelp (KN), som første kvinne. Ho er heller ikkje prest, slik alle forgjengarane har vore. Tidlegare var ho leiar for organisasjonens utviklingspolitiske avdeling.
– Eg byrja å le første gongen nokon bad meg om å søke. Petit moi, liksom, det går ikkje, seier ho.
Ved inngangen til KNs kontor i hovudstaden, er eit lite kapell. Frå tanken om stillinga var sådd og til ho vart utnemnt, gjekk ho dit kvar dag.
– Då song eg ein song eg ikkje visste at eg kunne. «Lær meg å kjenne dine veie». Eg song og song og song. Og så gjekk eg på jobb. Då hadde eg fått ro for dagen og kunne seie: Det som skjer no, det skjer.

Å gjere trua

Helland vaks opp i Namsos, ein kystby i Nord-Trøndelag, i ein syskenflokk på tre. Faren var prest, mora arbeidde heime.
Heime song dei for maten, men Gud snakka dei lite om. Politikk og det som skjedde rundt om i verda, var derimot ofte eit tema. Kvar jul kom Kina-misjonærane heim, heldt julemesser, og fortalde om det dei hadde opplevd.
– Dei hadde med seg slike bollar av riskorn med ei lykt inni, som er heilt magiske å sjå på for ei lita jente. Og dei var veldig handlingsorienterte. Eg er heilt sikker på at det var der det starta...
Orda ramlar ut av henne i full fart, men tunga krullar seg ikkje.
– Eg vaks opp med at diakoni, misjon og kyrkjas oppdrag heng tett saman. Det å gjere trua, har alltid vore viktig for meg.

Status

I Namsos låg prestegarden midt i eit bustadfelt. Då Helland var 12 år, flytta familien til Lier i Buskerud. Til Frogner prestegard, 350 kvadratmeter grunnflate, som trona over bygda.
– Plutseleg vart eg definert utifrå min familie, fortel ho.
– På kva måte?
– I 8. klasse, til dømes, var det eit spørsmål i kristendomstimen eg ikkje kunne svare på. Og då sa dei: Men veit ikkje du det då, Anne-Marie? Og eg tenkte: Kvifor skal eg vite det? Eg er ikkje prest!
Somme vart overraska over at ho spelte fotball.
– Det tok lang tid før eg forsto at det hadde med sosial klasse og status å gjere. I Namsos kom det mange, rare folk frå fjern og nær via sjøvegen. Slik var det ikkje i Lier.
– Endra det deg på nokon måte?
– Nei. Eg var raddis, det har eg vore heile livet. Engasjert og aktiv.
Vener og familie skildrar henne som målbevisst og sjølvsikker.
– Det er ei sanning med modifikasjonar, seier ho og smiler.
– Eg er ganske god til å late som eg ikkje er reservert. Det er eigentleg berre to personar som kjenner meg ut og inn.
Kven det er, vil ho ikkje fortelje.

Anne-Marie Helland

47 år, gift, to born

Vaks opp i Namsos, flytta til Lier som 12-åring.

Bur i Moss.

Utdanna som lærar. Har også studert utviklingsstudier i Oslo og England.

Byrja å arbeide i Kirkens Nødhjelp (KN) i 2001. Tok over som generalsekretær 1. april 2012.

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke kunde?

Registrer deg her og les Vårt Land i 10 uker for kr 10*.

10 uker - 10 kroner

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk, til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også