Logg inn

Mykje på spel

Kari Veiteberg blir aldri ferdig med å spørje kva det vil seie å følgje Jesus i dag. For tida lurer ho på kvifor Jesus blei kjeppjaga frå Nasaret.

– Det hadde eg faktisk gløymt. Men han blei kjeppjaga. Det er jo vanvittig, seier ho.

I morgon er dagen då ho tek på seg kappa og nytt ansvar når ho blir vigsla til biskop i Oslo.

Veiteberg er inne i den siste veka som bymisjonsprest då vi møter henne. Stabsmøtet er akkurat avslutta. Ho har på seg ein grå kjole med svarte prikkar, vinraude skolettar og neglelakk som står i stil, og minner ein augneblink om Pippi.

Kjeppjaginga rysta Veiteberg. Ho er ikkje ferdig med det.

– Det er ikkje slik at eg kan Jesus. Det er det eg tenkjer at vi må spørje kvarandre om: Kven er Jesus og kva er det å tru på han i dag? For eg trur på Jesus og vil følgje etter Jesus. Eg tenkjer at det er å vere kristen. Og det er ganske utfordrande.

Fortsett å lese!

eller

Ikke kunde?

Registrér deg her for å prøve oss gratis i tre uker.
Abonnementet stopper av seg selv.

Prøv 3 uker gratis

Les også