I takt med sitt indre

Når Katarzyna Jachimowicz lyttar til samvitet sitt, høyrer ho Gud snakke.

Min tro

– Då eg var 15 år, sa eg til Gud: Dette er din siste sjanse.

Katarzyna Jachimowicz ler. På bordet framfor henne bognar det av frukt, bollar og nøtter. Men, vent. Det er kake òg. 49-åringen går att og fram mellom kjøkkenkroken og sofaen i den vesle pendlarhybelen ho har i utkanten av Skien.

– Det er ikkje slik at trua mi er rett fram, seier ho og gestikulerer med hendene idet ho set seg ned.

Ho legg tre stykke med ostekake på kvar sitt fat.

– Eg valde å tru på Gud. Men det dukkar framleis opp spørsmål som: Kva om det er feil? Fem til ti prosent av meg stiller spørsmål heile tida.

Vann fram

I desember 2015 vart Jachimowicz sagt opp som fastlege i Sauherad kommune, fordi ho av samvitsgrunnar ikkje ville setje inn spiral. Ho bestemte seg for å saksøke arbeidsgjevaren for usakleg oppseiing. Tingretten ga henne ikkje medhald, men i førre veke kom lagmannsretten til motsett konklusjon.
– Eg vart veldig overraska, seier legen, som no arbeider ved eit psykiatrisk sjukehus i Skien.
– Kor viktig er dommen for deg?
– Veldig viktig. Den er ei stadfesting av at ein kan jobbe i takt med sitt samvit i Noreg.
Torsdag denne veka vart det klart at kommunen vil anke dommen.
– Eg hadde rekna med det ville skje. Men det er trist at Noreg krenkar menneskerettar, seier legen.
Om Jachimowicz ikkje vinn fram i høgsterett, vil ho ta saka til Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Big bang? 

Jachimowicz vaks opp i Polen under kommunistisk styre, i det ho kallar ein gjennomsnittleg polsk familie; mor, far, storesyster og veslebror.
Familien gjekk til messe kvar søndag, og til jul og andre høgtider. Men på skulen fekk dei stadig høyre at det var umogleg å tru på Gud og vitskapen samtidig.
– Trua mi er nok prega av den tida, seier ho lågmælt.
Veggane rundt henne er nokså bare. To teikningar heng over dei to sengene i enden av rommet, og ei klokke tikkar jamt og høgt. Kvite gardiner skjuler kuldegradene og snøkaven utanfor.  
Ho fortel om tenåra. Som ungdomar flest var ho nysgjerrig og stilte mange spørsmål. Ho byrja å lese om evolusjonsteorien. Kven var det som skapte verda? Var det Gud, Big bang? Ingen av delane?
– Eg prøvde å finne svar. Til slutt fann eg ut at det ikkje fanst ein Gud.
Men så kom ho i kontakt med ei katolsk ungdomsgruppe. Omvending, kallar ho det.
– Mi bøn var slik: Kjære Gud, viss du finst, så vil eg at du er min frelsar, seier ho og ler.
– Viss! Men han kjøpte den, til trass for at eg tok minimale steg mot han. Han tok meg på alvor.

---

Katarzyna Jachimowicz

  • 49 år, gift, to barn.
  • Katolikk.
  • Frå Polen.
  • Utdanna allmennlege.
  • Flytta til Noreg i 2008.
  • Mista jobben som fastlege i Sauherad kommune i 2015 fordi ho av samvitsgrunnar ikkje ville setje inn spiral. Gjekk til sak mot arbeidsgjevaren og vann fram i Lagmannsretten førre veke. Kommunen har anka dommen.

---

Frå dør til dør

I dag tek trua all plass i livet hennar. Ho ber medan ho køyrer til arbeid, når ho lagar mat, under samtalar med andre.

– Det er vanskeleg å setje av tid til å lese i Bibelen. Men trua skjer på ein måte parallelt med livet.

På slutten av 1980-talet var Jachimowicz student i Białystok, den største byen i det nordaustlege Polen. Berlinmuren vakla, og religiøse fekk større og større spelerom.

– Eg var på mange konferansar der vi vart oppmuntra til å forkynne Jesus for dei som ikkje trudde. Eg var til og med på evangeliseringskurs, smiler ho.

Slik gjekk det til at ho gjekk frå dør til dør i studentheimar i byen, banka på og spurde: Hallo, vil du snakke om Jesus?

– Var det vanleg med katolsk evangelisering på denne måten?

– Nei, på ingen måte! Men vi var unge idealistar og vi lånte idear frå meir karismatiske miljø. Det er nok frå den tida at ynsket mitt om éi kyrkje oppstod. Alle vi kristne har eigentleg den same kyrkja, berre i mange variantar, seier ho.

– Men ikkje alle katolikkar ser det slik.

Eg opplever at eg tek Gud på alvor og at han gjer det same

—   Katarzyna Jachimowicz

Nyspirande liv

Tilbake til Sauherad kommune. Då reservasjonsdebatten sto på for fullt i 2014, tenkte Jachimowicz: Dette kan bli vanskeleg.

Som nyutdanna legar kom ho og mannen til Noreg for første gong på 1990-talet. Transportmiddelet var ein gammal, tsjekkisk motorsykkel, som braut saman på vegen. Målet var Lier, der dei plukka jordbær ein sommar. Dei likte seg og for ti år sidan bestemte dei seg for å flytte nordover for godt.

Då Jachimowicz fekk jobb i Sauherad, opplyste ho om at ho av samvitsgrunnar ikkje ville vise kvinner til abort eller setje inn spiral.

– Eg ville ikkje starte den prosessen som fører til at eit barn døyr. Det gjeld ikkje berre mitt og kvinna sitt liv, der er også eit tredje liv. Eit nyspirande liv som ikkje kan bestemme sjølv. Er det ikkje då ei naturleg haldning å beskytte den svakaste i den situasjonen, spør ho.

– Kan du forstå dei som står på den andre sida i denne debatten?

– Eg forstår at kommunen må følgje lova og at dei ikkje hadde noko val. Men eg kjøper ikkje at det var krenkande for mine pasientar, dei vart vist til ein annan lege.

Dialog

Tre år seinare vart det klart at ho kunne miste jobben. Då spurde ho Gud: Kva skal eg gjere vidare?

Når eit klokt menneske lyttar til samvitet, kan det høyre Gud tale, står det i den katolske katekismen.

– Eg opplever at eg tek Gud på alvor og at han gjer det same. I denne situasjonen spurde Gud spørsmål undervegs.

– Om kva då?

– Om kva eg ville velje. Eg følte meg ikkje tvungen til å gjere eller ikkje gjere noko. Det var som ein dialog med ein far.

– Korleis opplever du den dialogen?

Ho let att auga. Er stille nokre sekund.

– Det er vanskeleg å forklare. Eg opplever ikkje at religion er ei liste med ting som er lov eller ikkje lov. Det er ein relasjon. Og om du har ein relasjon med nokon, tør du å stille spørsmål og du forventar svar. Eller lys, eller rettleiing. Det skjer noko inni meg.

Indre stemme

Jachimowicz vurderte om ho skulle seie ja til å lære det inngrepet som trengs for å setje inn spiral, for så å aldri praktisere det. Men ho følte det ville vere juks.
– Om du prøver å dempe samvitet, vil det etter kvart stilne fordi du ikkje høyrer på det, trur ho.
Arbeidet som lege ser ho som eit kall. Ein måte å delta i skaparverket på.
– Kvifor er samvitsfridom så viktig for deg?
– Samvitet er vår indre stemme som er bygga på vår tru, vår erfaring. Eit moralsk kompass, som ikkje alltid stemmer overeins med offentleg lov. Då må det vere høve til å reservere seg.
– Den indre stemma, er det Gud?
– Ja, svarar ho sakte.
Ho orsakar seg, seier det er vanskeleg å finne dei rette orda på norsk.
– Eg samanliknar samvitet med ein indre sans, ei stemme som gjennom livet blir meir og meir som musikk. Og gjennom den stemma kan Gud kommunisere med oss.

Heltestatus

Tidlegare i år vitja Jachimowitz den kristenkonservative konferansen Oslo Symposium. Før ho kom ut på scena, vart ho presentert som ein helt.

– Kjenner du deg som ein helt?

Ho ler høgt.

– Nei, ikkje i det heile tatt. Det var ei viktig sak for meg, særleg etter den første, negative dommen. Men ikkje fordi eg ville ofre meg som helt.

Frå talarstolen skildra ho tida etter dommen frå tingretten som «en læresituasjon i å tilgi».

– Eg hadde ingenting. Eg hadde ikkje pengar og eg kom til å miste jobben. Det var eit absolutt tap, seier ho.

For å ta saka til lagmannsretten, fekk ho økonomisk støtte frå både Kristelig legeforening og Oslo katolske bispedøme.

– Men greidde du å tilgi?

– Det var det einaste eg kunne gjere. Og eg trur det var derfor eg greidde å gå gjennom dette.

Ho tek opp mobiltelefonen og leitar fram ein bibel-app ho brukar dagleg. Ho kan orda ho søker utanåt, men berre på polsk.

– Der! I brevet til romarane står det: Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Eg samanliknar samvitet med ein indre sans

—   Katarzyna Jachimowicz

Ubehag

Ifølgje den katolske katekismen, er fostring av samvitet ei livsoppgåve. Kvart menneske har ansvar for å oppdra sitt eige samvit, står det.

- Kva gjer du for å oppdra ditt?

– Eg reflekterer, skriftar. Snakkar med andre.

Ho tykkjer det er vanskeleg å definere god moral. For henne er det sterkt knytt til religionen. Ho prøver å gjennomføre alt som står i katolsk lære, om det er mogleg.

– Men kva konsekvensar har det om ein går imot sitt samvit?

– Står det ikkje noko om fortaping i Bibelen, spør ho og smiler.

– På kort sikt er nok ubehag det beste ordet. Det er ein grunn til at vi seier dårleg samvit.

Å gå heim

Om ho skal samanlikne trua med noko? Det må bli ei vandring, seier 49-åringen.
– Ein pilegrimstur, der ein treff mange forskjellege situasjonar som ein må ta stilling til. Med eitt mål.
Ho trur på eit liv etter døden, men er usikker på korleis det vil sjå ut.
– Er dette noko du har tenkt på?
– Ja, sjølvsagt.
Ho tek ei tenkepause.
– Det er nok som å gå heim, til ein plass der vi kan kjenne oss lukkelege og utan problem. Tilfredse. Eg trur det vil vere det same som livet her, men på ein mykje betre måte, utan sjukdom og krig.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro