Logg inn

Reisa mot endeleg løysing

Fasaden er kjøleg elegant. I staselege Villa Marlier blei orkestreringa av eit industrielt folkemord feira med glad dans på lønsjbordet.

Wannsee 2017. Gata Am Grossen Wannsee varslar velstand. Store murvillaar. Rommelege hagar ved innsjøen. Dyre seglbåtar ved brygga. Høge gjerde, stengde portar. Vektarar vaktar verdiane.

Så, i nummer 56-58, finn eg eit lite skilt i mørkt metall på venstre portstolpe. «I januar 1942 fann den berykta Wannsee-konferansen stad i dette huset», fortel teksten.

Resultatet kjenner vi. Holocaust.

LES MEIR: – Historielaus Holocaust-samanlikning

Møte med mat

Wannsee 20. januar 1942. Inn porten, opp alleen og fram til eikedørene i Villa Marlier glei svarte bilar. Ut steig utsendingar frå SS, rikspolitiet, Gestapo og okkupasjonsforvaltninga i Aust-Europa, samt statssekretærar, diplomatar og byråkratar. 15 i talet.

Alle var kalla inn til Wannsee til «drøftingar, med lønsj». Verten i representasjonsvillaen som SS hadde kjøpt i 1940, var sjefen for rikspolitiet RSHA, den unge, dynamiske karrierenazisten Reinhard Heydrich.

Dans på bordet

Eg slår opp døra, stig inn i Villa Marlier, teikna for legemiddelfabrikanten Ernst Marlier i 1910. Han sparte ikkje på riksmarken, den gode Ernst, så lokala Holocaust blei orkestrert i, inviterte til komfortable liv. Mjuke tepper på golvet, stukkatur i taket, franske vindauge ramma inn av marmorsøyler, gobelinar på veggen.

Wannsee

Wannsee ligg sørvest i Berlin,­ heilt i utkanten av Tysklands ­hovudstad. 

Wannsee-konferansen fann stad 20. januar 1942. 15 nazi­leiarar drøfta korleis dei skulle samle saman og avlive ­elleve millionar europeiske jødar raskast mogleg. 

Målet for konferansen var å samkjøre utryddinga av jødane, som allereie hadde starta, i dei tysk-okkuperte og -kontrollerte landa i Europa.

­Konferansen, som skulle finne «den endelege løysninga på jøde­spørsmålet», blei arrangert i Villa Marlier ved innsjøen Großer Wannsee.

Prøv oss gratis i tre uker

Fyll ut med norsk mobilnummer og en e-postadresse.

Eller se flere abonnementsalternativer

Når du klikker «bestill» må du opprette en bruker som du benytter for å logge inn på ulike enheter. Dersom vi ser at du har en bruker med samme mobilnummer registrert bruker vi denne. Abonnementet stopper automatisk etter tre uker.

Les også