‘Ingenting 
er for stort 
for Undset’

Sigrid Undset fekk Nobelprisen i litteratur 
i 1928. I dag er det ikkje så mange som les ­henne lenger. Men det bør vi kanskje.

Reportasje

For dei fleste er Sigrid Undset forfattaren av trebandsverket om mellomalderkvinna Kristin Lavransdatter, som mange har lese på skulen – om ikkje anna. For somme er ho også forfattar av romanane Fru Marta Oulie (1907) og Jenny (1911), og kanskje til og med bøkene om Olav Audunssøn. I dag er Undset-litteraturen ute av skule­pensum, så for den oppveks­ande generasjon er det mogleg at namnet ikkje vekkjer særleg mange­ ­assosiasjonar.

Eldre generasjonar knyter henne kanskje til ei sterk, katolsk tru og eit konservativt kvinnesyn. Men at ho var ei sterk og viktig samfunnskritisk røyst, at ho hjelpte jødar å flykte under krigen, at ho ropte ut mot overgrep mot dei svake i samfunnet, det er det ikkje alle som veit lenger. Eller at ho skreiv om nettene medan ho sjølv jobba ni timars arbeidsdagar og oppdrog tre barn, deriblant Maren Charlotte som hadde ei funksjonshemming. Ho skreiv om kva det vil seie å vere menneske, om å elske, om å kjenne seg splitta, og om å aldri finne fred – anten det var i mellomalderen eller som kvinne i moderniseringas tidsalder.

Vanskeleg å plassere

– Ho må ikkje bli gløymt! seier forfattar og idéhistorikar Kristin Brandtsegg Johansen.

Ho er redaktør i tidsskriftet Gymnadenia og med i styret i ­Sigrid Undset-selskapet. No er ho aktuell med ei ny bok om Nobelprisvinnaren Sigrid Undset. Jeg har levd i dette landet i tusen år. En sommer med Sigrid Undset. ­Arbeidet viste seg å innebere eit nytt møte med forfattaren for Johansen.

– Eg trudde eg skulle vende tilbake til noko eg kjende godt, for som så mange andre las eg Jenny og bøkene om Kristin Lavransdatter på vidaregåande, og eg har jobba med Undset før – men eg vart slått av korleis bøkene hennar greip meg på nytt.

Med denne nyoppdaginga følgde ei plutseleg uro for at ho skulle bli borte.

Fleire av dei Vårt Land har snakka­ med, ser også ein tendens til at folk ikkje lenger har noko særleg forhold til Sigrid

Undset, mellom andre Liv Bliksrud, ­professor emeritus i nordisk litteratur ved UiO.

– Folk meiner nok ikkje så ­mykje om Undset lenger, seier ho til Vårt Land.

Med tanke på kor radikal og enormt polemisk Undset var, kan ein jo undre seg over det. Mange kjenner seg nok likevel att i Bliksruds påstand, som ho utdjupar i Store norske leksikons Undset-artikkel: «Samlet viser forskningen at Undset er vanskelig å plassere. Med sin katolisisme og realisme faller hun utenfor både den nasjonalliberale, den feministiske og den modernistiske litterære kanon, som alle har hedersplasser i norsk litteraturhistorie.»

Utdatert?

– Sjølv om ho lenge var folkelesing og sto på pensumlister, har ho rett og slett vore oppfatta som utdatert i lang tid, seier Kristin Brandtsegg ­Johansen.

Noko av grunnen til det meiner ho vi kan finne i at store, episke forteljingar som følgjer heile livslaup, generelt har vore ute av litterær sirkulasjon, og ikkje minst måten Undset tar kjærleiken på alvor. For hos Undset er det kjærleiken som gjer oss sterke, modige, lykkelege, sårbare og botnlaust ulykkelege.

---

Sigrid Undset

  • Sigrid Undset (1882–1949) var ein av dei fremste og internasjonalt mest kjende norske forfattarar på 1900-talet.
  • Ho skreiv romanar og noveller med emne frå samtida, historiske romaner med emne frå mellomalderen og essay og ­artiklar som viser eit enormt ­samfunnsengasjement.
  • Foreldra var arkeologen Ingvald ­Martin Undset (1853–93) og Anna ­Marie Nicoline Charlotte Gyth (1855–1939).
  • Dottera arva farens interesse for ­historie.
  • Gifta seg med målaren Anders ­Svarstad i 1912, og fekk tre barn med han, deriblant Maren Charlotte, som døydde tidleg, og Anders Castus, som falt i kamp mot tyskarane i 1940. ­Ekteskapet vart oppløyst i 1927.
  • Ho vart tilkjend statens diktargasje frå 1922.
  • I 1928 vart ho tildelt Nobelprisen i ­litteratur, hovudsakleg for dei historiske romanverka om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn.
  • Ho var leiar av Det litterære råd i Den norske forfatterforening frå 1933–35, og formann i foreininga frå 1936–1940.
  • Ho flykta til USA i 1940, og returnerte til Noreg i 1945.

---

– Eg hugsar eg gremma meg litt fordi eg elska bøkene hennar den gongen eg var student, det var jo modernismen som var i tida då. Undset fekk mykje kritikk frå universitetsmiljøa på 1970- og 80-­talet, og ikkje minst kjønnsforskarar fekk heilt kløe på ryggen, seier Brandtsegg, som sjølv har forska på Undsets rolle som samfunnsdebattant og hennar klåre posisjon som motrøyst til dåtidas kvinnesaksforkjemparar.

Også forfattar og Undset-biograf Sigrun Slapgard meiner mange ­sider ved Undset er gløymt fordi ho har falle utanfor kjende merkelappar og ikkje er blitt lese i eit riktig historisk lys.

– Ho var både radikal og konservativ, ei uvanleg ­intellektuell og driftig kraft i sin posisjon som leiar i Den norske­ forfatterforening, med eit kvinnesyn som framleis er omdiskutert, seier ho og meiner at Undset ikkje har fått nok anerkjenning for den pionerrolla ho hadde på fleire felt, for det internasjonale solidaritetsarbeidet ho stod for og for den skandinaviske fronten mot fascismen som ho reiste.

– Mellomalderverka Undset vann Nobelprisen for, blir rett nok framleis lesne – meir enn det som er mange forfattarar forunnt.

Etter krigen vart Undset bortparkert, både av forfattarforeininga og etter kvart også til dels i litteraturhistoria.

Det var først i arbeidet med biografien Dikterdronningen: Sigrid Undset (Gyldendal, 2008) Slapgard skjønte kven Undset eigentleg var.

– Sigrid Undset var så utruleg mykje meir enn ho som eg lærte om på skulen, seier ho.

Inngangar

Om ein først skal gi seg i kast med å finne ut meir om Undset og bøkene hennar, kor skal ein byrje? Litteraturen av og om Undset er omfattande, for trass i at ho har møtt motstand, er det jo forskarar og forfattarar som har jobba for å løfte henne fram, mellom anna med innhaldsrike biografiar og avhandlingar. Det er viktig at denne kunnskapen finst, men kanskje er det også lurt at det finst enklare og meir tilgjengelege inngangar til Undset. Dette var utgangspunktet for Johansen då ho sette i gang med det som er blitt ei lita bok på knappe 190 ­sider, som ho skreiv ferdig på Bjerke­bæk på Lillehammer i sommar – det som var heimen til Undset og ungane hennar frå 1919 og fram til ho døydde i 1949. Det skulle vere midlertidig, men enda med at ho budde åtskilt frå ektemannen og far til barna, kunstnaren Anders Svarstad, resten av livet.

Ikkje minst kjønnsforskarar fekk heilt kløe på ryggen.

—   Kristin Brandtsegg Johansen, forfattar

I Johansens Undset-bok er det naturleg nok mykje som ikkje har fått plass, men det er særleg to ting ho vil vise nye (og gamle) lesarar: Kor tøff og uredd Undset var, og kor aktuell og ­moderne tematikken hos Undset kan vere.

Aldri offer

Undset var føregangskvinne når det gjaldt å skildre sterke, handlande kvinner med eigen vilje og fysisk begjær. Samstundes får vi hos Johansen innblikk i ein steil front mellom Undset og kvinnesakskvinnene, som ønskte fridom frå hus og heim.

– Ho verkar bakstrevarsk og progressiv på same tid?

– Måten ho skildrar kvinner på, var kjemperadikal. Undset motsette seg ein tankegang som sette kvinnene på utsida av historia og gjorde dei til ofre. Ho meinte at det føregjekk ei devaluering av kvinnenes tradisjonelle ansvarsområde i kampen for frigjering og sjølvstende, der kvinnesakskvinnene også nedvurderte kjærleik og morskap for å få kvinner ut i lønna arbeid.

Her er ho i utakt med tankestrøymingane i si eiga samtid, men Undset, som måtte forsørgje seg sjølv frå ho var seksten år gamal, visste kva ho snakka om. I ti år jobba ho nitimars dagar seks dagar i veka på kontoret til ingeniørfirmaet Chr. Wisbech.

– Undset kjende seg ikkje att i kvinnesakskvinnene sin påstand om at kvinner ikkje fekk lov til å arbeide. Dei formulerte ideala sine ut ifrå situasjonen sin. For borgarskapets kvinner kunne det nok vere vanskeleg å finne passande arbeid, men det var ingen som hindra kvinner flest i å jobbe, anten dei kom frå landsbygda eller høyrde­ til arbeidarklassen. Det nye i Sigrid Undsets bøker var at ho skildra dei alminnelege, grå slitar­ane blant kvinnene i Kristiania.

Polemisk

Johansen kan forstå korleis dette kunne få reaksjonære utslag hos Undset, det var ikkje slik at ein kunne kombinere arbeid og morsrolle utan vidare på denne tida.

– Ho var svært polemisk og skreiv trassig og tvert, men eg gir henne rett i at kvinnesakskvinnene skisserte eit skeivt bilde. No måtte kvinnene velje mellom karriere og familie. Og er ikkje det noko mange­ kan kjenne på i dag også?

Samstundes som Undset messa om korleis kvinna skulle vere kone og mor, valde ho sjølv kompromiss­laust å velje å vere kunstnar – slik var ho eit døme på at ein kunne nå heilt til topps også som kvinne. Utanfrå kan det sjå ut som Undset var splitta mellom sine reaksjonære haldningar og måten ho levde livet sitt på. Liv Bliksrud er også opptatt av at ein må tolke Undsets konservatisme på riktig måte.

– Det ho først og fremst var kritisk til, var moderniseringa av samfunnet i si tid, ei instrumentalisering og effektivisering som gjekk utover kvinner og barn. Sjølv om ho meinte kvinna var skapt til å få barn, forsvarte ho også retten til ikkje å få det.

Nådelaus

Det er evigaktuelle tema Undset skriv om, og detaljerte, sanselege skildringar frå mellomalderen eller bylivet i samtida trekker lesaren inn i universa.

– Du er aldri i tvil om kor du er hos Undset, kva landskap, epoke, årstid, geografi og natur er presist skildra. Ein kan mest finne att dei stiane ho fortel om, seier Kristin Brandtsegg Johansen.

Men det er kjærleiken som er ­essensen i forfattarskapen, slik ho ser det.

– Den fann ho overalt. Og den er mykje meir enn eit romantisk tema. Kjærleiken er ein viktig del av det å vere menneske, som er det ho heile tida utforskar. Og ingenting er for stort for Sigrid Undset.

---

Utvalgt bibliografi

  • Fru Marta Oulie, 1907
  • Den lykkelige alder, 1908
  • Ungdom (dikt), 1910
  • Jenny, 1911
  • De kloge jomfruer, 1918
  • Et kvindesynspunkt, 1919
  • Kransen, 1920
  • Husfrue, 1921
  • Korset, 1922
  • Olav Audunssøn i Hestviken, 1925
  • Olav Audunssøn og hans børn, 1927
  • Katholsk propaganda, 1927
  • Den trofaste hustru, 1936
  • Norske helgener, 1937
  • Madame Dorthea, 1939
  • Caterina av Siena, 1951
  • Artikler og taler fra krigstiden, ved A. H. Winsnes, 1952
  • Kjære Dea, ved C. U. Svarstad, 1979
  • Kjelde: nbl.snl.no

---

Ho var både radikal og konservativ, ei uvanleg intellektuell og driftig kraft

—   Sigrun Slapgard, forfattar

– «Det er så typisk Sigrid Undset å ta alt så dødsens alvorlig», skriv du i boka – kva skal det bety?

– Hos Sigrid Undset får det indre drama utslag både i livet og i litteraturen, der eit nådelaust menneskesyn kjem til uttrykk. Ho sett dei litterære karakterane sine på prøve for å sjå kor mykje dei toler og viser kva som skjer både om dei følgjer viljen sin, draumen om kjærleik eller bryt med eigne ideal.

Eller som Sigrun Slapgard uttrykker det:

– Ho var ein ekstrem realist som gjekk inn i smertepunkt på ein nåde­laus måte.

For henne er det det som gjer Undsets personar til dei mest ­levande i litteraturen.

Forsoning

Undset hadde ei dryg tru på ideal og verdiar. Med ubøyeleg vilje kunne det vere vanskeleg å finne fred, anten det gjaldt henne sjølv eller personane ho skreiv om. Men dette uforsonlege karaktertrekket mildnar med Kristin Lavransdatter, meiner Johansen, i takt med at Undset finn vegen til kristen tru. Første band av mellomalderverket er ferdig i 1920, og i 1924 konverterer Undset til katolisismen.

– Lenge før ho konverterte, var Undset både reaksjonær og verdikonservativ, men steilheita mildnar med trua og det er mest som om eit forsonande slør følgjer med når ho trekker ein himmel opp over det heile.

Både ho og Kristin er strie og steile, før dei oppdagar nåden.

– Trua står utruleg sterkt i Undsets 1300-talsunivers. Så ho sender Kristin i vegen sin for å undersøkje desse tinga.

Verdikamp

For Bliksrud er Undset ein av dei beste psykologiske forfattarane vi har, som skildrar særleg kvinnelege erfaringar skarpt, usentimentalt og veldig realistisk.

– Dei sterke og ikkje minst ulike kvinneskikkelsane ho skreiv fram bidrog til å nyansere kvinna ­mykje meir, også som menneske med kjønnsdrift.

Bliksrud meiner ho hadde ein veldig moderne måte å betrakte menneska på.

Trua står utruleg sterkt i Undsets 1300-talsunivers. Så ho sender Kristin i vegen sin for å undersøkje desse tinga.

—   Sigrun Slapgard, forfattar

– Ho skriv om moderne menneskes mangel på meining som har mista eit trusgrunnlag, og ho skriv om forvirring rundt sjølvet. Ho er moderne i den forstand at ho er på høgde med menneska sitt orienteringsbehov.

Forfattar Thorvald Steen, som ved fleire høve har forsøkt å formidle Undsets aktualitet, meiner Undset rett og slett er undervurdert slik vi ser henne i dag.

– Vi må lese henne på nytt. Ho skriv om problemstillingar som går rett inn i vår tids samfunns- og verdidebatt, og ikkje minst har vi ei rekke ting å lære når det gjeld hennar sivile mot. Det er underkommunisert kor stor rolle ho spelte i ei moralsk mobilisering mot nazismen og korleis ho mana amerikanarane til å ta stilling og bidrog til at USA vart med i krigen.

I mellomkrigstida brukte Undset store ressursar på å gøyme jødar i Europa og ho talte høglydt deira sak. Ho skjønte tidleg kva som gjekk føre seg og kva alvor som låg i tyskaranes raseteoriar. I 1940 vart ho overtalt til å flykte, og ho busette seg i New York i USA, der ho fortsette kampen mot det ho oppfatta som tyskaranes tyranni; ho skreiv innlegg i amerikanske aviser og talte på universiteta.

– Eg trur ikkje vi skjønar kor modig ho var. Ho var krystallklar i motstandskampen heilt frå starten, og ho mana Roosevelt til å delta i det ho kallar verdikamp, seier Steen.

Det antinazistiske verdisynet og det ho ser som ein forakt for menneskeverdet kjem også inn i romanane Ida Elisabeth (1932) og Den trofaste hustru (1936).

Ifølgje Bliksrud hang dette for Undset saman med samtidas avkristna menneskesyn.

– Ho såg tendensen til at menneske skulle vere herre over liv og død som ei farleg utvikling.

I den verdslege humanismen såg Undset ei hovmodig guddommeleggjering av mennesket, meiner Bliksrud, der individets fridom, makt og vellykkaheit blir dyrka på kostnad av medkjensle.

– Fellesskap i synd er det som skapar likeverd for Undset. Og dette er ikkje mindre aktuelt i våre dagar.

Renessanse

Sjølv om ho har vore ute av tida ei stund, kan det altså verke som Undset er på veg tilbake inn i varmen. Johansen fortel innleiande i Jeg har levd i dette landet i tusen år om ein amerikansk kulturjournalist som nyleg – noko bakvendt kanskje – kalla Undset for den nye Elena Ferrante og samanlikna Undsets litterære mellomalderunivers med seriar som HBOs Game of Thrones – trass i at Undset sjølv var sterkt kritisk til romantisering av vikingane som vi tidvis opplever i ein del av desse nyare, episke storsatsingane. Og til våren skal Den Nationale Scene i Bergen sette opp Kristin Lavransdatter som musikal, med Herborg Kråkevik i hovud­rolla.

Undset såg tendensen til at menneske skulle vere herre over liv og død som ei farleg utvikling.

—   Liv Bliksrud, professor emeritus

– Dei har dei same problema som vi har i dag, og det handlar om korleis vi sjølv klarer å øydelegge lykka vår, seier regissør Svein Sturla­ Hungnes om storskalamusikalen som har premiere 10. februar.

Konturane av ein liten renessanse kan altså i alle fall skimtast, ikkje minst internasjonalt, og kanskje er det slik at det eksistensielle hos Undset lettare kan finne atterklang hos lesarar i dag.

– Ho fortel om kva det inneber å vere menneske, også i samtidsromanane, og det er det som gjer henne tidlaus, seier Johansen, men understrekar at ein hos Undset kan finne andre historier om oss sjølve enn det vi finn i det ho kallar den moderne tids evangelium. Historier som vi kan trenge i dagens individualiserte samfunn.

– Eg meiner, når las vi sist ei bok om ein som følgjer hjartet sitt og ikkje finn lykka? Det moderne dogme er jo det motsette: Realiser deg sjølv, så finn du lykka.

Ho meiner også at den katolske trua som vart så sterk hos Undset, tidlegare kan ha bidratt til å gjere henne framand for mange, men at det i dag kan verke motsett.

– Interessa for det religiøse er i ferd med å bli sterkare. Og folk er meir nysgjerrige på spørsmål om tru og tvil.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje